Arkivet: Sign ‘O’ The Times
Då Robert Christgau gjekk gjennom platene til Prince etter at artisten gjekk bort, og gav karakter til kvar og ei av dei, vart det tett med A og B og ikkje noko dårlegare enn det. Den velkjende kritikaren fann ut at det rett og slett ikkje heldt å gi Sign ‘O’ the Times (1987) beste karakter – ein A+ måtte til for å løfte det fram som det beste albumet i karrieren.
Eg veit ikkje kva tid eg først høyrde om kor krokete vegen fram mot det myteomspunne dobbeltalbumet hadde vore, men prosessen får i alle fall rikhaldig omtale i I Would Die 4 U: Why Prince Became an Icon, boka av Touré (som eg melde på desse sidene då ho kom ut i 2013). Prince leverte nemleg ei trippelplate til Warner Bros oppunder jul i 1986, 25 songar under tittelen Crystal Ball, som også inneheldt materiale frå Dream Factory, eit album han hadde skrota den sommaren, men plateselskapet sa nei.
Kvar leier alt dette oss? Jau, til dagen i dag, og boksen Sign ‘O’ The Times (Super Deluxe Edition), eit beist av ei utgiving som minner oss om kva som kom, og kva som kunne ha komme, og som meir enn noko anna vitnar om det musikalske geniet ein må kunne seie at Prince var. Heile 45 spor her har ikkje vore utgitte før, og særleg eventyrleg synest eg det er endeleg å høyre dei jazza greiene eg berre har lese om før. Konsertmateriale er det også plass til, to komplette kveldar frå 1987, og då har eg ikkje nemnt alt det nyskrivne lesestoffet eller ymse kuriosa frå «velvet». For ein fest av ei utgiving!
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Då Robert Christgau gjekk gjennom platene til Prince etter at artisten gjekk bort, og gav karakter til kvar og ei av dei, vart det tett med A og B og ikkje noko dårlegare enn det. Den velkjende kritikaren fann ut at det rett og slett ikkje heldt å gi Sign ‘O’ the Times (1987) beste karakter – ein A+ måtte til for å løfte det fram som det beste albumet i karrieren.
Eg veit ikkje kva tid eg først høyrde om kor krokete vegen fram mot det myteomspunne dobbeltalbumet hadde vore, men prosessen får i alle fall rikhaldig omtale i I Would Die 4 U: Why Prince Became an Icon, boka av Touré (som eg melde på desse sidene då ho kom ut i 2013). Prince leverte nemleg ei trippelplate til Warner Bros oppunder jul i 1986, 25 songar under tittelen Crystal Ball, som også inneheldt materiale frå Dream Factory, eit album han hadde skrota den sommaren, men plateselskapet sa nei.
Kvar leier alt dette oss? Jau, til dagen i dag, og boksen Sign ‘O’ The Times (Super Deluxe Edition), eit beist av ei utgiving som minner oss om kva som kom, og kva som kunne ha komme, og som meir enn noko anna vitnar om det musikalske geniet ein må kunne seie at Prince var. Heile 45 spor her har ikkje vore utgitte før, og særleg eventyrleg synest eg det er endeleg å høyre dei jazza greiene eg berre har lese om før. Konsertmateriale er det også plass til, to komplette kveldar frå 1987, og då har eg ikkje nemnt alt det nyskrivne lesestoffet eller ymse kuriosa frå «velvet». For ein fest av ei utgiving!
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida