Flyt
Etterlengta nye plater frå Kamasi Washington og Jon Hassell byr på to ulike typar flyt.
Kamasi Washington er ute med eit nytt, ambisiøst album.
Foto: Nick Walker
Jazz
Kamasi Washington:
Heaven and Earth
Young Turks/XL/Playground
Jazz/Electronica
Jon Hassell:
Listening To Pictures
Ndeya
Her er saksofonist Kamasi Washington med ny plate igjen, tre år etter at han bles fletta av verda med debuten, storverket The Epic, eit snart tre timar langt trippelalbum det gjekk gjetord om. Dobbelplata Heaven and Earth er ikkje stort mindre ambisiøs. Det omfattande mannskapet rommar eit band som overstig dusinet, og både orkester og kor må til.
Overskridande
Heaven and Earth går hardt ut og opnar med ein knyttneve, i form av det kontante førstesporet «Fists of Fury» – ei påminning om kvifor somme har peika ut Washington som «jazzrøysta til Black Lives Matter.» Dwight Trible og Patrice Quinn dukkar begge opp på vokal, og orda er utvitydig konfronterande, i eit krav om ikkje berre rettferd, men også velplassert straff.
Dette sosiale og politiske alvoret hindrar ikkje musikken i å vere energisk oppløftande, ikkje minst når Cameron Graves, som har spelt med Washington sidan dei berre var gutane, dukkar opp på piano, med ein solo som liksom får alt til å lette.
Platetittelen Heaven and Earth passar godt, sidan dette prosjektet både er estetisk forankra i det jordnære og i lengten etter det frie og overskridande. Washingtons eklektiske, spirituelle og søkjande afroamerikanske musikk byr på rikeleg med flyt og er av sorten som når ut breitt og vidt. Musikaren har alt rukke å bli ein institusjon i Los Angeles, og den sentrale rolla på Kendrick Lamars To Pimp a Butterfly (2015) sikrar han lyttarar utover jazzpublikumet.
Storhending
Det same kan ein seie om trompetist Jon Hassell, ein musikar som opp gjennom åra har sett markant preg på uttrykket til artistar som Peter Gabriel, Talking Heads og David Sylvian – magien han får til i tittelsporet på albumet til sistnemnde, Brilliant Trees (1984), er eit framifrå døme.
81 år har han vorte, men likevel er han plateaktuell med høgst vitale Listening To Pictures, ei utgiving som må kunne kallast ei storhending. Pulserande «Dreaming» plasserer Hassell midt i vår eiga tid og viser at han ikkje har mista eksperimentviljen som kjenneteiknar alt han har gjort, ikkje minst i samarbeidet med Brian Eno.
Så der har du det. Slik vellyd, bygd på luftstraumen frå menneskelungene og ut gjennom eit stykke messing. Somme album byr på ein flyt som skal løfte deg opp, andre byr på ein flyt som skal hjelpe deg å lande. Med desse to platene er du budd på alt.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida