«Ka ska oss bli?»
Ta deg tid til å sjekke ut Avind.
Låtskrivar Tonje Tafjord er god på å skrive tydelege bilete, slik at ein songtekst festar seg, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Rock
Avind:
Evig
blenda
Snertingdal Records
«Kom fram og sjå at du har vilje du kan varme deg på.» Å opne eit album med ein invitasjon viser seg ofte å vere ein god idé, og grepet fungerer rett så godt for bandet Avind, som leier oss inn i ferske Evig blenda med den fint titulerte oppturlåten «Du kan bruke mørket innafrå til lys».
Låtskrivar Tonje Tafjord er god på effektive, tydelege bilete som får ein songtekst til å feste seg. I opningslåten handlar det om å prøve å hjelpe nokon med å skru om på ein negativ energi, og gjere han positiv. «Eg lagar ei lei åt deg du kan gå», syng Tafjord på klingande sunnmørsk.
Akkurat det er ikkje kvardagskost. Sist vi rapporterte om noko slikt på desse sidene, var vel då Hanne Kolstø gav ut Fest blikket for to år sidan. Låtskrivar Tafjord er frå Fjørå ved Tafjorden, har budd i Oslo ei stund, men gjer si eiga dialekt til ein viktig del av musikken til Avind. Endeleg, kjære lesar, får eg, ein hardbarka eksilsunnmøring, ei plate i innboksen der det handlar om «låke ting» («10D»).
Rett fram-rock
Tafjord syng og spelar rytmegitar, og det tette, effektive rockeuttrykket er godt teke vare på av Gudmund Skjær på elektrisk gitar, Amund Stokke på bass og kor og Eirik Kirkemyr på trommer. Sjur Lyseid har også vore med på fleire instrument og på kor. Det dreier seg om kontant, melodiøs rett fram-rock, musikk som skal få deg til å nynne, vimse, riste på foten, og hoppe opp og ned, alt ettersom.
Det finst som kjent tusenvis av songar om uregjerleg kaos i kjærleiken, men likevel har vi plass til tittelsporet på Avinds plate, som ber i seg den svimlande oppturen og uvissa i det å kjenne seg løfta slik, ja, kjensla av alt på ein gong – fint styrkt med skimrande gitarspel. Det er ein skikkeleg fin låt som ikkje prøver å unngå spørsmålet alle gryande par før eller seinare må spørje seg, men heller gjentek det tre gonger: «Ka ska oss bli?» Kven ønskjer vel å bli verande i det uavklarte, i det Tafjord kallar «ei evigheit av verken eller»?
Magisk kraft
Det er ikkje mange plater som får meg til å hente fram ordbøkene, men Evig blenda er ei av dei. Eg kjende nemleg ikkje til ordet Avind har valt seg til namn, men fann fort ut at det er ein annan skrivemåte for «ovund», eit ord eg knyter til misunning. Og frå Store norske leksikon lærte eg endåtil meir. I folketrua, som det heiter, er avind tenkt som ei magisk kraft som verkar på avstand, slik at dyr eller menneske døyr eller vert sjuke eller skada – litt som voodoo, med andre ord.
Det er mykje å glede seg over på Evig blenda. «Dumrian» har allsongpotensial, med klar beskjed om risikoen som er involvert i å leve «i eit ekko av deg sjøl med deg sjøl». Og slik plata opnar med ein invitasjon, endar ho også med ein song om å kome fram til ein stad som viser seg å vere heime. «Heime», som kan by på Gregor Riddells fine cellospel, lèt oss finne roa: «Ingenting betyr noko, for eg er heime no.»
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida