Kid A forever!
Rick Simpson feirar 20 år med Radioheads Kid A.
Rick Simpson har med seg musikarane Dave Whitford, James Allsopp, Will Glaser og Tori Freestone på albumet.
Foto: Paul J. Need
Jazz
Rick
Simpson:
Everything All of the Time: Kid A Revisited
Whirlwind
Jazzpianistar som tolkar rockeband, er ikkje noko nytt, men ikkje mange tek det så langt som London-baserte Rick Simpson, som like godt har laga ei heilt eiga, ny utgåve av heile Radioheads Kid A (2000) i høve albumets 20-årsjubileum.
Simpson fortalde for nokre veker sidan blekka Jazzwise at bakgrunnen for utgivinga var ei konsertframføring av albumet i London-klubben Vortex. Saman med eit knippe musikarar frå heimbyen gjekk han inn i plata med ope sinn. «Idioteque», til dømes, er for ein ny komposisjon å rekne, med berre restar att frå originalen.
Maktkritikk
Ei fri haldning passar godt, for det frigjerande potensialet i Kid A går djupare og breiare enn ein skulle tru. Ikkje berre peikte plata ut ei ny retning for rockemusikken, hevda Daphne Brooks i The Guardian for nokre veker sidan – Kid A spegla også radikal «black art» ved å mane fram nye rom å søkje tilflukt i, i ei fiendtleg verd: «It might sound absurd if judging by their slightly awkward, extremely white appearance, but I have long heard a strange and beautiful Blackness in Radiohead.» I bandets musikk høyrer Brooks motstand, futurisme og maktkritikk, og denne miksen, saman med bandets omfamning av jazzen og andre revolusjonære «black musical forms», vart for første gong verkeleg tydeleg på Kid A.
Mellom fleire døme Brooks løftar fram, er bruken av brass på «The National Anthem», som får henne til å tenkje på både Art Ensemble of Chicago og Charles Mingus, og vidare på jazzpianisten Robert Glaspers tolkingar av Radiohead-låtar. Og kva høyrer vel betre heime på eit imaginært lydspor til Ralph Ellisons Invisible Man (1952) enn «How to Disappear Completely»? Brooks’ vesle essay får meg til å høyre Kid A på nytt.
Kakofonisk
Det gjer også Simpsons album. Kid A var den første plata eg melde i Dag og Tid, over ei heil avisside ein fredag i oktober for tjue år sidan, der eg insisterte på at lesaren måtte lytte til heile dette verket i ein jafs, og konkluderte med at vi hadde fått «alt vi kan vente av eit album». Det står eg fast ved, to tiår seinare.
Når eg no sit her og lyttar til Simpson og gjengens versjon av «The National Anthem», der pianisten herja såpass med eit steingammalt Steinway at teknikaren i studioet vart smått nervøs, kjennest det som om jubileet er som det skal vere. No som den gong munnar låten ut i det kakofoniske, i ei feiring av den overskridande rørsla både Daphne Brooks, eg og så mange andre kunne finne oss heime i. Det er noko, det.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida