Ned for landing i vippestaten
Calexico gjer det på sin eigen måte, også når dei lagar julealbum.
Juleplata til Calexico, med Joey Burns og John Convertino, balanserer mellom det høgtidlege og det uhøgtidlege.
Foto: Piper Ferguson
Americana
Calexico:
Seasonal Shift
City Slang / Playground
Det har alt skine frå julepynta vindauge ei stund i regntunge bergenskveldar, så tida bør vel vere overmoden for å få på julemusikken også, for i det minste å skape ei kjensle av å korte ned denne uendelege pandemihausten. I så måte kan eg bringe godt nytt denne fredagen, for Calexico kjem no til unnsetning med albumet Seasonal Shift.
Straks det er sagt, bør eg nok leggje til at det her ikkje dreier seg om eit julealbum i tradisjonell forstand, men meir ei tverrkulturell feiring av tida då året ebbar ut, og vi på tvers av ulike trussamfunn kjem saman, skodar litt bakover og litt framover og tek del i tradisjonar og seremoniar av ymse slag. Kva no enn slags reglar som avgrensar slike aktivitetar i år, vil det ikkje hindre oss i å lytte til Seasonal Shift rundt om i stovene.
Kulturkryssing
Det overraskar ikkje at eit band som Calexico feirar med eit musikalsk møte på tvers av kulturar, for dette har jo budd i musikken deira alltid. Denne gongen får vi mellom anna element som portugisisk fado og gamle meksikanske folkesongar inn i miksen.
I ein omtale av albumet forklarer Joey Burns at «Hear the Bells» er å rekne som ein hyllest til heimbyen Tucson, i vippestaten Arizona, der ein ofte kan sjå minneprosesjonar som Día de Muertos (minnedagen over dei døde) utspele seg på seinhausten – dermed dukkar tonane frå meksikanske «Cancion Mixteca» opp midtvegs i opningssporet, og vi har vel fått ein så god start på plata og kvelden som det er råd å få.
Tittelsporet på Seasonal Shift er ein rufsete, småskakk julesong av beste sort, med nokre vage ekko frå The Band, og høg sjarmfaktor, for her gjeld det å komme seg gjennom høgtida på eit eller anna vis, slik er målet – «the holidays, they are complex», som det så presist heiter. Det kan innebere pengeløyse, å sovne på golvet klokka halv to om natta, eit juletre som nesten tek fyr, og, idet ungane kastar seg over leikene, «mom and dad with gin & tonic in their hands». «We’ll be all right», vert det konkludert, med eit veljustert og moderat ambisjonsnivå.
Barndomsminne
Dei beste albuma av dette slaget balanserer fint mellom det uhøgtidelege og det høgtidelege, med eleganse og presisjon, med manglande ærefrykt, men òg ein god dose respekt, for ein skal ikkje rølpe for mykje i denne sjangeren heller. Mellom denne lyttarens absolutte favorittar finst Lows Christmas (1999), og stemninga brukar definitivt også å verte betre med A Very She & Him Christmas, plata She & Him (Zooey Deschanel og M. Ward) kom med i 2011. Seasonal Shift plasserer seg i ein slik tradisjon, med ein tiltalande multikulturell aroma, idet galningen snart er ute av presidentbustaden, etter at Calexicos heimstat til slutt bikka ned på rett side.
Skal eg våge å trekkje fram eit høgdepunkt til, må det verte John Convertino-komposisjonen «Glory’s Hope», ein instrumental av beste Calexico-merke, som har fått tittel etter eit av komponistens barndomsminne. Ein gong forsvann mora opp i eit loftsrom, der ho isolerte seg og skreiv eit kuriøst julespel, om den uføre jenta Glory, som var til stades saman med vise menn og gjetargut då Jesus vart fødd. Calexico er julete på sin måte, og eg ville ikkje ha hatt det annleis.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida