OMG!
Kevin Morby diskuterer tru og tvil.
Kevin Morby er av dei mest interessante rockeartistane i generasjonen sin.
Pressefoto
Rock
Kevin
Morby:
Oh My God
Dead Oceans/Playground
«OMG!» Knapt ein dag går utan at eg høyrer – eller les – utbrotet, som uttrykk for overrasking, entusiasme, sjokk eller vantru, eller ei uklar blanding av alt saman på ein gong. Det har sjølvsagt lite med ei påkalling av høgare makter å gjere, men når Kevin Morby røskar tak i orda i tittelen på si nye plate, Oh My God, manar han likevel fram ei slik forankring i det inderlege.
Balladeri
Tittelsporet opnar albumet, med fint rockepianoballaderi, før Morby rettar seg mot det guddommelege i ordelag som sender tankane til gospeltradisjonen: «Oh my Lord, come carry me home», heiter det, og «gotten too weak for this heavy load». Lenge sit han åleine med pianoet, men etter kvart opnar songen seg mot ein open, omfamnande himmel, med kor og saksofon som reint høyrest ut som ei openberring.
Morby høyrer no til mellom dei mest interessante rockeartistane i sin generasjon, med strålande plater som Singing Saw (2016) og City Music (2017) bak seg, begge med flotte liner bakover i rocketradisjonen, til Woodstock mot slutten av 1960-åra og New Yorks skiftande musikkscene.
Høgt nivå
Oh My God held etter mitt syn like høgt nivå. Som vokalist minner Morby tidvis om Dylan, tidvis om Cohen, men utan at det vert plagsamt, for å seie det sånn. Særleg sistnemnte er ein viktig referanse på dette nye albumet – høyr berre på blandinga av snakkesong og bruken av kor i ein song som «Nothing Sacred/All Things Wild», for å nemne ein av fleire.
Nøkkelsporet på Oh My God er utan tvil «Piss River», ein låt som bør bli ein klassikar i Morbys repertoar i overskodeleg framtid, og der platetittelen, som kling med fleire stader på albumet, får dominere refrenget. Å få inn Mary Lattimore på harpe her er eit særs skarpt trekk. Songen gir uttrykk for ei famlande og rørande trong til bøna som gest: «I tried to pray/ but I didn’t know what to say/ so I just mumbled some names/ to say I hope they’re ok/ then Amen/ they were the names of my family and friends.» Det er fleire som har mumla slik i nattetimane når det ein gong kjendest naudsynt å gjere det.
Nok ein gong er Meg Duffy med på gitaren, og ho tilfører uttrykket noko utamt, noko ekstatisk – sjekk til dømes ut soloen på «Seven Devils». Oh My God får meg til å tenkje på ein av Rick Moodys tekstar om musikk, nemleg tittelessayet i On Celestial Music (2012), der han etterspør det sårbare i den nyare popmusikken, i eit skriftsstykke som tek sats i Otis Reddings «Try a Little Tenderness», og går vidare til Velvet Underground, for berre å omtale første del. Det er nesten som om Morbys musikk, slik han høyrest ut midt i 2019, svarer på tiltale. Det er noko, berre det.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida