Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Regelbrot og middagshøgder

Rufus Wainwright har laga sitt niande studioalbum.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rufus Wainwright viser fram sine sterkaste sider som popkomponist, meiner Øyvind Vågnes.

Pressefoto

2519
20200710
2519
20200710

Rock

Rufus Wainwright:

Unfollow the Rules

BMG

«Unfollow the rules», syng Rufus Wainwright i pianoballaden som utgjer tittelsporet på den nye plata si. Med det gjer han kreativ bruk av eit nyord vi kjenner frå sosiale medium, slik at det å halde opp med å følgje vert eit aktivt val – eit regelbrot. Snertent!

Det niande studioalbumet frå Wainwright er det første på plateselskapet BMG, som slår på stortromma i presseskrivet når dei lanserer utgivinga. Det dreier seg om både ei oppsummering og eit klimaks, står det å lese, og ikkje berre det: Unfollow the Rules skal ha same prominente plass i diskografien til Wainwright som Graceland (1986) fekk for Paul Simon eller The Future (1992) fekk for Leonard Cohen.

Midtvegs i livet

I hyperbolske ordelag får vi høyre at ein artist like gjerne kan vere i toppform midtvegs i livet som i tidlege, visjonære og energiske år eller seine, kloke og avklarte år. Rufus vert 47 år om eit par veker, men middagshøgda vert rydda av vegen som mogleg problemstilling før denne meldaren har høyrt ein tone.

Dermed er lytteinstruksen klar. Når eit verk alt i utgangspunktet er omtalt som eit karrierehøgdepunkt, skapar det ei litt nervøs stemning ved første gjennomlytt. Etter nokre minutt vel eg å kvitte meg med presseskrivet, denne sjangeren som så ofte utfører den tildelte oppgåva si best når forfattaren held seg relativt informativ og nøktern og ikkje lurer på om albumet representerer «ein absolutt harmoni i balansen mellom innhald og form», som det heiter her.

Mange godbitar

Og då, når songane får tale for seg sjølve, viser det seg at dette nye albumet lèt Wainwright vise fram fleire av sine sterkaste sider som popkomponist, og, ikkje minst, popsongar. Mannen har ei røyst som eignar seg både for lett lakoniske observasjonar og for patos der det trengst, og her dreier det seg om ein artist som meistrar balansen til fingerspissane. Som det heiter i «Peaceful Afternoon», som både feirar det livslange forholdet og ser fram mot det siste farvelet med det jordiske livet ein fredfull ettermiddag: «Between sex and death and tryin’ to keep the kitchen clean/ remember wild roses bloom best in ruins forever after

Slike godbitar er det herleg mange av på Unfollow the Rules. Gamle og nye lyttarar kan trygt finne vegen til desse songane, middagshøgd eller ei, og gi seg i kast med materialet heilt utan lytteinstruks.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis