Usikre tider
På sitt beste har musikken til Cowboy Junkies noko dvelande og hypnotisk over seg.
Tre søsken – Michael, Peter og Margo Timmins – stifta Cowboy Junkies saman med Alan Anton i 1985.
Foto: cowboyjunkies.com
Rock
Cowboy Junkies:
All That Reckoning
Proper / Border
Rocken har sine søskenflokkar, men det er saktens ikkje mange. Få har fått til eit så markant samarbeid som Margo (vokal), Michael (gitar) og Peter (trommer) Timmins, som saman med Alan Anton (bass) stifta Cowboy Junkies i 1985. Somme lesarar vil nok halde det klassiske albumet The Trinity Session (1987), innspela i Church of Holy Trinity i Toronto, kjært, men ha følgt bandet berre sporadisk i dei tre tiåra som har følgt.
Eg intervjua Margo Timmins for denne avisa sommaren for seks år sidan, og då reflekterte ho over korleis det var å vere songar i Cowboy Junkies. «Rolla mi er å ta mine eigne erfaringar til songane og realisere dei», sa ho. Som ein av dei store fortolkarane i americanatradisjonen har ho ofte vist ei evne til å leve seg inn i ein lagnad og bruke ein form for empati når ho gir røyst til ein rollefigur. Året etter at eg snakka med henne, drista ho seg til å syngje frå ståstaden til ei sørgjande enke, nærare bestemt Jackie Kennedy, på The Kennedy Suite, albumet som dreidde seg om mordet på John F. Kennedy i 1963, og det kom ho godt frå.
Framtida
Sidan har det vore stille frå Cowboy Junkies, heilt fram til no, for denne sommaren er All That Reckoning her. Nok ein gong er Michael Timmins låtskrivar, og i eit intervju med Billboard i vår fortalde han om bakgrunnen for albumet: Han er oppteken av ei kollektiv kjensle av at framtida er usikker, at institusjonar og forhold ein tidlegare tok for gitt, ikkje verkar så robuste lenger.
Hypnotisk
Stemninga er fanga inn i tittelsporet, som dukkar opp i to versjonar og på eit vis rammar inn albumet – éin forsiktig, kviskrande variant, og éin som er skarpare og hardare i kantane. «All That Reckoning» teiknar eit bilete av to liv som har vore tett samanknytte, og fortel om korleis kjensla av tillit kan vere nært forbunden med kjensla av frykt.
Cowboy Junkies lagar ein heilt eigen, umiskjennelege rockemusikk – på sitt beste har han noko hypnotisk og dvelande ved seg, som i låten «When We Arrive.» Her og der dukkar elegante ekko frå rocketradisjonen opp, men det er alltid subtilt gjort, som når Antons bass på «The Things We Do to Each Other» nynnar fram melodilina til Lou Reeds «Walk on the Wild Side». Eg er glad kvartetten held det gåande, både med ny musikk og med turnéliv. I november kjem dei ein liten tur til Europa og skal spele i velvalde, intime rom som passar dei godt, mellom dei kyrkjer i Hamburg og Berlin. Det kan ikkje verte anna enn bra.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida