Anders M. Andersen står på sitt
Jens Tvedt
Anders M. Andersen skriv at eg i boka Det nynorske skriftlivet og den litterære institusjon (1987) knyter Jens Tvedt til programskriftet Rembrandt als Erzieher (av Julius Langbehn 1890). Han kallar skriftet fyrst protonazistisk og deretter berre nazistisk. «Heimatdichtung» vert så eit «Nazi-omgrep». Andersen gjer meg til den som «knyter» Tvedt til dette, stiller han på linje med nazismen.
Det eg gjer, er omtrent det motsette. Eg undersøkjer notidig (1980-åra) tysk oppfatning av Heimat-litteraturen, finn at det er stor semje om at denne tyske rørsla for det aller meste gjekk beint inn i naziideologien, knytt til idealet om blod og jord («Blut und Boden»). Eg løyser Tvedt og andre norske diktarar frå den tyske tradisjonen. Og det var føremålet mitt: undersøkje om det var ein samanheng og i så fall kva slags.
Svenske Ola Hansson slo begeistra til lyd for Tvedt som bondediktar i ein artikkel i eit tysk tidsskrift. Dette er kjent, og Andersen jublar for det. Mindre kjent hos oss er det at Hansson også skreiv om Langbehns bok, i eit mykje tilsluttande essay i samlinga Tolke og Seere (1893), der han går god for Langbehns «protonazistiske» syn på både rase, nasjon, individ, sosiale klassar, grupper og klassar, kunst og litteratur, som eg skreiv i boka mi (1987, s. 33), så det skal Andersen ha lese.
Eg gjennomgår òg ein del dansk faglitteratur, og ser at det tyske får mindre å seie nordover, trass tilslutnaden frå Hansson. Dei viktigaste nynorske namna, inkludert Jens Tvedt, Rasmus Løland, Hans Seland og Anders Vassbotn, står svært langt frå den tyske heimstaddiktinga. Men eg observerer òg at det kjem krav frå nynorsk kritikk om å skrive meir positivt, meir harmoniserande, oppbyggjeleg, didaktisk. Sjå særleg kapittelet «Den litterær-estetiske norma i nynorsken før 1905».
Dette hjelper det visst lite å fortelje Anders M. Andersen. Heller ikkje at det eg skriv om Tvedt og kritikaren Bolette Pavels Larsen, verken lyfter eller senkar forfattaren – som eg òg set høgt. Eg ynskjer no berre å gjere lesarane av Dag og Tid merksame på at det finst andre måtar å lese den gamle boka mi på enn det Andersen fører fram. Eit alternativ eg kan peike på, er eit etterord eg skreiv i 1980 til Guds løn. Andre soga um Madli und’ Apalen (1906). Der er det også eit sitat frå Hanssons artikkel om Tvedt, omsett til nynorsk i bergensavisa Firda i april 1893. Og i etterordet mitt står endåtil litt om Madli og andre kvinner, slike som «står alltid sentralt i bøkene til Jens Tvedt» (s. 253–254).
Det er elles ikkje moro å bli rubrisert som «nazist», ikkje eingong av ein rasande AKP-ar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida