Arkitektur er politikk
Arkitektur
Erling S. Skaug har eit sterkt innlegg med kommentarar til Ulf Andenæs sine Dag og Tid-artiklar og min kommentar til dei. Han har sin lokale bakgrunn frå Gardeveien 2 midt i dei Le Corbusier-inspirerte blokkane på Marienlyst. Eg budde i Harald Hårfagres gate 12 D med inngang frå Gardeveien 2 frå 1993 til 2020. Mitt første møte med osloarkitekturen var her, på slutten av 50-talet, då eg besøkte min nest eldste bror, og han budde i Gardeveien 2, og han var arkitekt. Nok om det.
Det er sterkt å lesa Erling S. Skaus avsløring om det politiske spelet. Vi kan vel kalle det «taskenspilleri». Politikarar frå fleire parti og kulturpersonlegdomar har vore involverte, og no står vi med tre monumentale bygg som er kraftig forsinka, mange milliardar dyrare enn planlagt med ein fasong og utsjånad som ikkje er tiljubla! Vi får Nasjonalmuseet og Munchmuseet som flotte monumentalbygg. Men det er inni. Få tar på seg fadderskapet til desse byggverka. Kven har ansvaret? Skaug meiner det er politikarane, og NRK og media har ikkje gjort jobben sin godt nok med å ta opp det som er gale. Og «arkitekters selvpålagte ’ærlighet mot samtiden’», forklarar kanskje kvifor bygga ser ut som dei gjer. Betyr dette at vi har eit uløyseleg arkitektonisk politisk problem og må leve med dei byggverka vi får? Erling S. Skaug reagerer på at eg ikkje vil ergre meg resten av livet over desse «monumenter over politisk korrupsjon og inkompetanse i tillitssamfunnet Norge». Nei kva skal ein gjera? Bruke dynamitt?
Det politiske spelet er ikkje typisk norsk. Danmark skulle ha eit nytt opera/konserthus og hadde ei utgreiing om dette. Etterpå fekk dei eit tilbod frå milliardæren A.P. Møller. Han ville gje København ein ny opera, men då ville han bestemme alt frå plassering til materialbruk (dansk tre), og hadde dei hatt stein i Danmark, så hadde han forlangt det. Styresmaktene sa ja takk og kasta sin rapport, der det stod at bygget iallfall ikkje kunne stå der Møller ville ha det. I dag står A.P. Møllers «Brødrister» i Københavns hamneområde, stikk i strid med politiske utgreiingar.
På 2000-talet har vi fått tre store monomentalbygg i Oslo. Dei to siste er no klare til innflytting med mykje kritikk og få som tek fadderansvar. Det tredje står der og har vore i bruk i fleire år. Operaen har blitt eit monumentalbygg som blir nemnt i same andedrag som operaen i Sydney. Det er ikkje problem med å finne fadrar til Oslo-operaen, og «alle» meiner Snøhetta har gjort ein framifrå jobb. Men også her var det årelang strid før byggevedtak. Det handla særleg om plasseringa. Sørenga/Bjørvika? Kva er det? Containerhamn og trafikkmaskin! Galskap! Men no er det lite ulyd frå operaen.
Kanskje det er vår demokratiske prosess som fører til kompromiss få er fornøgde med. Kongar, keisarar, fyrstar, pavar og diktatorar har bygt mange praktbygg, anten vi likar det eller ikkje. Diktatoren Nicolae Ceausescu har etterlate seg eit praktbygg i all sin galskap. Mange syntest det var for pinleg og ville rive det, men no står Palasset eller kva det no er, til skrekk og åtvaring og beundring. Det er ein «tankestellare», som det heiter på svensk. Kor skal vi plassere pyramidane i denne samanhengen?
Historia har vel lært oss at verneinteressene for det meste tapar. Riv eller brenn det gamle skrotet, sa dei på bygdene i striden om bevaring av stavkyrkjene. Eldste protestskrivet på norsk må vere Landstads melankolske og vakre «Kvenne-Karis vise». Han skreiv visa i 1879 for å berge Nesland stavkyrkje, men kyrkja forfall og blei seld og riven. Det var ei svært lita stavkyrkje, innvigd 1242. Her var mykje fint og gamalt med utskjeringar og måling og runeinnskrifter og meldingar på Latin. Men kyrkja overlevde ikkje. Konservator og lokalhistorikar, Rikard Berge skriv: «Nesland vesle kyrkje er vorti eit symbol paa de forgjengelege i kulturminni og det forargelege i kulturøyingi. Visseleg er ho liti,... med den skjeldsynte utskurden og maalingi maa haldast for ei perle av eit kulturminne so det var til ubotleg skade ho vart rivi.»
Vi har ei vernesak frå nyare tid også frå Vest-Telemark, Dalen Hotel. Hotellet var forfalle, og mange meinte ein burde brenne opp eller rive det gamle skrotet. Det blei avstemming i Tokke kommunestyre, og Dalen Hotell blei redda med éi stemmes overvekt. Seinare blei det selt til Åge Samuelsen for éi krone. Han byrja opprusting, reparasjon og rehabilitering. Broder Åge blei ei velsigning for Dalen Hotel i starten. I dag står det der som det historiske praktbygget det er, til og med hagen er restaurert. Folk er fornøgde og strøymer til.
Ytst på bryggja nedanfor hotellet i Bandak er det bygt ei badstue som eit Soria Moria i ny moderne arkitektur. Dette bygget har fått prisar i inn- og utland. Lagnaden til Dalen Hotel er eit døme på at det er ikkje alltid verneinteressa tapar når den gamle og den nye tid møtest.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida