EØS
Det er no grunn til å stille spørsmål om demokratiet her i landet er så solid og velfungerande som mange vil ha det til. Filosofiprofessor Jon Hellesnes skreiv i Klassekampen 1. juni: «Norge var truleg meir sjølvstendig under svenskekongen mellom 1814 og 1905 enn landet er i dag under EØS.»
Dessverre trur eg at han har rett i dette. To gongar har det norske folk gjennom folkerøystingar sagt nei til EU. Men gjennom EØS-avtalen har det EU-venlege fleirtalet på Stortinget bit for bit gitt frå seg råderetten over landet vårt. «All makt i denne sal», sa Johan Sverdrup i 1884. Det er langt frå sanninga i 2017.
Gjennom fleire år har demokratiet og sjølvråderetten i nasjonalstatane blitt kraftig svekt på grunn av eit stadig sterkare og meir sentralisert EU. Den aukande globaliseringa er ein del av den same trenden. Då er det godt å sjå at motkreftene no er i ferd med å vakne. Både brexit og valet i USA er tydelege signal om dette. Trua på demokratiet og nasjonalstatens suverenitet har lenge vore sterk her i landet, og no treng vi å vakne og ta vare på desse verdiane.
Om vi ser på interne prosessar her i landet, er det også grunn til uro. Då tenkjer eg særleg på det som har skjedd i samband med kommunesamanslåingane. Eg tenkjer at det er viktig å flytte makta ned og ut. Difor er lokaldemokratiet viktig, og det som no skjedde her på Møre, at solide Haram kommune vart tvinga til å slå seg saman med Ålesund, meiner eg er uttrykk for manglande respekt for folkeviljen.
Difor er det no tid for å seie nei til globalismen, sentralisering og EU, og eit rungande ja til nasjonalstat, sjølvråderett og folkestyre. Og vi bør også seie opp EØS-avtalen til fordel for handelsavtalar som ikkje samstundes krev at vi skal slutte å vere herrar i eige hus.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida