JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

2438
20240712
2438
20240712

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Klimaforsking

Per Anders Todal hadde ei god oppsummering av klimaforskinga den 31. mai. Førre veke kom det ein reaksjon frå Trond Vivelstad som titulerer seg som «klimaveteran».

Sjølv har eg drive med klimaforsking ved Meteorologisk institutt i ei årrekkje. Vivelstad brukar ord om oss som «såkalte klimaforskere som ofte ser ut til å lage forhåndskonklusjoner ut fra politiske trender». Dette at vi målber politiske synspunkt i klimaforskinga vår, kan ikkje kallast anna enn konspiratorisk. Det ville i så fall bety at konklusjonen er gjeven på førehand, og at vi juksar med forskingsresultata.

Som vanleg blir slike påstandar sette fram utan bevis. Det er sjølvsagt heilt absurd at alle dei fremste klimaforskarane i Noreg (for ikkje å seia i verda) skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.

Men er vi flinke nok til å formidle det vi held på med? Eg tok ein titt på heimesidene til dei fremste institusjonane som driv klimaforsking her i landet: universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim, Tromsø og dessutan Meteorologisk institutt. Gjennomgangen viser at alle er opptekne av klimaendringar og formidling av forskingsresultat. Dessutan er dei flinke til å fortelje om prosjekt som dei har gåande. Dei finn det ikkje naudsynt å forklare opp att og opp att at menneskeskapte utslepp av klimagassar er drivaren av den globale temperaturauken.

Utviklinga frå Svante Arrhenius som i 1895 hevda dette, og til dit vi er i dag, har vore enorm. Klimavitskapen byggjer no på eit solid fundament av observasjonar som viser ein sterk auke i global temperatur særleg etter 1950.

At temperaturobservasjonar og mengda drivhusgassar i atmosfæren samvarierer over tid, er i seg sjølv ikkje nok til å slå fast ein samanheng. Det er kjennskapen til fysikken og dynamikken i atmosfæren som gjer oss trygge på det, og som gjer at vi kan etablere matematiske modellar som beskriv fortida. Utan å ta med aukande drivhusgassar etter 1950 blir det umogleg å forklare den globale temperaturauken.

Modellane kan vidare brukast til å gje gode estimat for framtida når ulike senario for utslepp av drivhusgassar blir lagde inn i dei.

Øyvind Nordli er emeritus ved Meteorologisk institutt og dr. philos.

Les også: «Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis