Eg kan ikkje tenke meg eit land som eg har mindre lyst å reise til enn Syria i desse dagar, der den radikale islamismen får vise det sanne andletet sitt, skriv Geir Olav Jørgensen.
ISRAEL
Eg viser til Gaute Losnegård som hadde innlegget «Ein frivillig melder seg», den 16. juni 2017. Den frivillige skal vere meg, Geir Olav Jørgensen, som har eit anna syn på konflikten i Midtausten enn Losnegård, og som dermed kvalifiserer til å vere ein person med lite innsikt. Kva innsikter Losnegård sjølv måtte bere på, som aktiv medlem i partiet SV, skal han sleppe å forklare meg. Han hevdar at eg som frivillig står for ei blind støtte til politikken som den israelske regjeringa fører, noko eg har poengtert at eg ikkje gjer. Det er den einsidige vinklinga av konflikten i norsk media eg vil til livs, først og fremst. Eg ønskte med serien min å gje stemme til ei anna vinkling av landet Israel.
Eg ville ikkje sette ein strek over den eksisterande vinklinga, som er den palestinske vinklinga. Ei vinkling som høyrer heime på venstresida, og som blir fremma gjennom den venstreorienterte journalistikken i Noreg. Denne vinklinga har vi blitt kjende med. Ein kunne seie at eg ville utfordre den eksisterande einsidige vinklinga, og gjere henne tosidig ei stund – og det kan vere dramatisk nok for dei som har hatt monopol på den eine vinklinga: Men i eit ope samfunn som det norske, med aviser som Dag og Tid, finst det heldigvis rom for andre forteljingar i denne svært samansette konflikten.
Ifølgje Losnegård argumenterer eg for at jødane er eit spesielt ømfintleg folkeslag som ikkje må boikottast. Han vrir på det eg skriv. Det er, og må vere, heilt legitimt å kritisere den jødiske staten. Men den jødiske staten kan ikkje haldast opp mot ein annan standard enn andre statar, og det er her norske medium feilar. Den skeive dekninga som ein er vitne til i Noreg i dag, er uansvarleg, og kan få farlege konsekvensar på sikt. Det er rimeleg å tru at ho fører til auka antisemittisme mot norske jødar.
All kritikk av Israel er ikkje antisemittisme. Men antisemittismen finst, og ofte ligg han innbakt i kritikken av Israel. Ei undersøking frå 2014 viste at 12,5 prosent av det norske folket har haldningar som er antisemittiske. Viss ein ser nærare på den gruppa som kan seiast å vere sterkt kritisk til Israel, gjer talet eit betydeleg hopp: 50 prosent kan seiast å ha haldningar som er antisemittiske. Antisemittismen trivst på den venstre flanken, og den norske venstresida har vist liten vilje til å ta oppgjer med eigen antisemittisme. Dei ser snarare ut til å halde ei beskyttande hand over antisemittane i eigne rekker. Etter kvart må ein sette fokus på desse sfærane, og få grumset eksponert.
Losnegård avsluttar innlegget med ei utfordring: Viss det var tak i Jørgensen, hadde han reist til Syria, for å sjå korleis flyktningane har det der. Men eg drar ikkje dit no. Eg kan ikkje tenke meg eit land som eg har mindre lyst å reise til enn Syria i desse dagar, der den radikale islamismen får vise det sanne andletet sitt, i ein pågåande sekterisk valdsorgie.
Til slutt: Eg lova meg sjølv, då eg skreiv serien om Israel, at eg ikkje skulle rote meg inn i eit villnis av debattar når tekstane kom på trykk. Her kan ein halde på i hundre år, og det ønsker ikkje eg. Livet er for kort, og eg har sagt mitt. Med det blir ordskiftet avslutta frå mi side. God sommar til alle.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida