For mykje bistand
BISTAND
Noreg gjev utviklingshjelp til 90 land. Det norske bistandsbudsjettet er på om lag 34 milliardar årleg. Det er sikkert fleire land som gjev bistand til nett dei same landa som Noreg støtter. Det synest å vera lite rasjonelt at Noreg skal gje bistand til heile 90 land. Det må verta ein dyr administrasjon og store reisekostnader for å fylgja opp bistanden i så mange land.
Noreg burde heller gje bistand til eit eller nokre få land. FN kunne organisere dette på ein god måte. På den eine sida er det land som treng bistand. På den andre sida land som kan gje bistand. Dette kunne samordnast slik at det vert teke omsyn til evna til å yte bistand i høve til trongen i bistandslandet.
Slik det er no, med heile 90 land å gje bistand til, går det sikkert bort mykje midlar til anna enn bistand. Og det vert lite oversikteleg korleis bistandspengane vert bruka. Det ein sparar ved å rasjonalisere bistanden på denne måten, kunne brukast til å gje meir bistand.
Kan hende folk ville verta meir engasjerte, og sjå meir positivt på hjelpetiltaka, dersom Noreg hjelpte færre land, som me får «eineansvaret» for frå FN.
Mange meiner at bistanden er bortkasta pengar. Ved å konsentrere seg om eitt eller nokre få land, kunne ein fylgja betre med på korleis midlane kjem til nytte, og bruken av pengane ville truleg lettare verta akseptert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
BISTAND
Noreg gjev utviklingshjelp til 90 land. Det norske bistandsbudsjettet er på om lag 34 milliardar årleg. Det er sikkert fleire land som gjev bistand til nett dei same landa som Noreg støtter. Det synest å vera lite rasjonelt at Noreg skal gje bistand til heile 90 land. Det må verta ein dyr administrasjon og store reisekostnader for å fylgja opp bistanden i så mange land.
Noreg burde heller gje bistand til eit eller nokre få land. FN kunne organisere dette på ein god måte. På den eine sida er det land som treng bistand. På den andre sida land som kan gje bistand. Dette kunne samordnast slik at det vert teke omsyn til evna til å yte bistand i høve til trongen i bistandslandet.
Slik det er no, med heile 90 land å gje bistand til, går det sikkert bort mykje midlar til anna enn bistand. Og det vert lite oversikteleg korleis bistandspengane vert bruka. Det ein sparar ved å rasjonalisere bistanden på denne måten, kunne brukast til å gje meir bistand.
Kan hende folk ville verta meir engasjerte, og sjå meir positivt på hjelpetiltaka, dersom Noreg hjelpte færre land, som me får «eineansvaret» for frå FN.
Mange meiner at bistanden er bortkasta pengar. Ved å konsentrere seg om eitt eller nokre få land, kunne ein fylgja betre med på korleis midlane kjem til nytte, og bruken av pengane ville truleg lettare verta akseptert.
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.