Forlik om ulovlege oldtidssaker
KULTURMINNE
Eit evangelisk-kristent familiekonsern returnerer fleire tusen historiske gjenstandar som var smugla ut av Irak. I eit forlik med det amerikanske justisdepartementet frå 5. juli går Hobby Lobby, ei bedrift som driv over 700 hobby- og handverksbutikkar i USA, med på å gi opp over 5500 oldtidsgjenstandar som truleg er smugla frå Irak, og å betale tre millionar dollar. Oppkjøpet fann stad i 2010, og etterforskinga til amerikanske styresmakter syner at gjenstandane, som inkluderer hundrevis av kileskrifttavler og sylindersegl, vart sende til fleire ulike Hobby Lobby-adresser frå Israel og Dei sameinte arabiske emirata i sendingar merkte «keramiske fliser» eller «vareprøver», og dermed smugla inn USA.
Hobby Lobby er eigd av den evangelisk-kristne Green-familien, som sidan 2009 har kjøpt opp store mengder historiske manuskript og gjenstandar knytte til den kristne Bibelen. Familien vil at samlinga skal fremje kunnskap om Bibelen og USAs kristne tradisjon, og er ein sentral aktør bak Museum of the Bible som no er under oppføring ved National Mall i Washington D.C.
Bibelforskarane Candida R. Moss og Joel S. Baden gav nyleg ut boka Bible Nation: The United States of Hobby Lobby, kor dei følgjer oppkjøpa til Green-familien og argumenterer for at desse vert brukte til å fremje ei tydeleg evangelisk-kristen forståing av Bibelen. I ein kommentar til NBC News i samband med forliket 5. juli seier Moss at det er problematisk å handle med gjenstandar ein ikkje kjenner opphavet til, sidan det alltid er ein fare for at dei er stolne eller gravne opp ulovleg.
Det har vore ei veksande merksemd rundt ulovleg handel med oldtidssaker etter at store mengder gjenstandar kom i omløp som følgje av IS-herjingane i Syria og Irak. I fjor kom òg den første dommen mot øydelegging av kulturminne i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC).
Noko som ikkje har fått like stor merksemd, er framvoksteren av ein ny, pengesterk marknad for oldtidsgjenstandar blant evangelisk kristne i USA, som til dømes Green-familien, der entusiasme og misjon tilsynelatande kan overstyre omsynet til opphavet til og framskaffinga av gjenstandane. Hobby Lobby beklagar saka og har samarbeidd med amerikanske styresmakter i etterforskinga som førte til forliket 5. juli. Dei har lova å betre rutinane ved framtidige kjøp av antikvitetar, men det er framleis god grunn til å følgje med på korleis denne nye marknaden påverkar handelen med oldtidssaker.
Nils Hallvard Korsvoll er stipendiat i religionsvitskap ved Det teologiske menighetsfakultet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.