Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Griegs menneskesyn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1404
20230120
1404
20230120

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

I førre nummer av Dag og Tid skriv Håvard Rem om den mørke sida til Nordahl Grieg. Sjølv synest eg «Til ungdommen» er særs vakkert både i dikt- og songform, men eg kan ikkje høyra det utan å grøssa.

Som nemnt i artikkelen var Grieg en ihuga stalinist. Korleis kan ein då oppfatta feiringa av verdiar som fred, menneskeverd og ånd som anna enn hykleri eller tåkelegging av eige menneskesyn? Grieg vitja Sovjetunionen i 1933, då føderasjonen og særleg Ukraina nettopp hadde vore igjennom ein menneskeskapt hungersnaud som kravde millionar av liv. Staten plyndra til seg det som fanst av mat, medan born døydde i gatene. Likevel kunne Grieg halda fram med å vera Moskva-tru kommunist og skriva:

Edelt er mennesket,

jorden er rik!

Finnes her nød og sult,

skyldes det svik.

Ein kan sjølvsagt innvenda at Grieg ikkje visste kva som verkeleg hende i Sovjetunionen. Til det vil eg seia at det er mykje ein ikkje veit om ein vel å ikkje vita det. Mange åtvara allereie då om det sovjetiske skrekkveldet (som Melgunovs The Red Terror in Russia på engelsk i 1925), og Grieg hadde som framståande intellektuell høve til å finna kritiske røyster. Anten lukka Grieg augo for det han burde ha skjøna, eller så brydde han seg ikkje. Kva er nokre millionar svoltne i hel eller skotne mot den framtidige utopien?

Didrik Dyrdal har ein mastergrad i historie frå Columbia University.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

I førre nummer av Dag og Tid skriv Håvard Rem om den mørke sida til Nordahl Grieg. Sjølv synest eg «Til ungdommen» er særs vakkert både i dikt- og songform, men eg kan ikkje høyra det utan å grøssa.

Som nemnt i artikkelen var Grieg en ihuga stalinist. Korleis kan ein då oppfatta feiringa av verdiar som fred, menneskeverd og ånd som anna enn hykleri eller tåkelegging av eige menneskesyn? Grieg vitja Sovjetunionen i 1933, då føderasjonen og særleg Ukraina nettopp hadde vore igjennom ein menneskeskapt hungersnaud som kravde millionar av liv. Staten plyndra til seg det som fanst av mat, medan born døydde i gatene. Likevel kunne Grieg halda fram med å vera Moskva-tru kommunist og skriva:

Edelt er mennesket,

jorden er rik!

Finnes her nød og sult,

skyldes det svik.

Ein kan sjølvsagt innvenda at Grieg ikkje visste kva som verkeleg hende i Sovjetunionen. Til det vil eg seia at det er mykje ein ikkje veit om ein vel å ikkje vita det. Mange åtvara allereie då om det sovjetiske skrekkveldet (som Melgunovs The Red Terror in Russia på engelsk i 1925), og Grieg hadde som framståande intellektuell høve til å finna kritiske røyster. Anten lukka Grieg augo for det han burde ha skjøna, eller så brydde han seg ikkje. Kva er nokre millionar svoltne i hel eller skotne mot den framtidige utopien?

Didrik Dyrdal har ein mastergrad i historie frå Columbia University.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis