Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Har Nato berga Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3266
20170811
3266
20170811

NATO

I nr. 31 spør Tor Steinar Raugstad om Dag og Tid er imot at «vi er medlem av Nato og at vi har eit truverdig forsvar». I så fall vil det, etter hans og mange si meining, vera uhøyrt, og gjera Dag og Tid til eit suspekt organ. 58 prosent av det norske folket meiner at Russland trugar verdsfreden, og at vi kan venta åtak.

At eit folk i det demokratiske Vest-Europa kan verta så hjernevaska at det kastar vrak på alt logisk resonnement, er til å undra seg over. Noreg melde seg inn i Nato i 1949 av otte for åtak frå Sovjetunionen, som, etter å ha overvunne Hitlers krigsmaskin, ikkje hadde nokon tanke på å gjera Vest-Europa kommunistisk med militærmakt. Ein hadde nok med eit øydelagt land og tapet av 27 millionar menneskeliv.

Etter Churchills skissering på ein papirlapp til Stalin under Jaltakonferansen i februar 1945 vart Europa delt i interessesfærar. Ein kan klandra Stalin for at han gjorde dei austeuropeiske randstatane til satellittstatar, men han heldt seg til grensene i avtalen. Engelskmennene fekk slå ned eit kommunistisk opprør i Hellas utan innblanding, og Finland fekk behalda sitt sjølvstende innanfor den sovjetiske interessesfæren.

Dette skreiv Aftenpostens kommentator Nils Morten Udgaard om 24. oktober 2014, under tittelen «Stalins sfære reddet Norge»: «Stalin hadde allerede i desember 1941, med tyske armeer i kamp utenfor Moskva, forbløffet britenes utenriksminister Anthon Eden i Kreml med helt klare tanker om hvor russernes innflytelse skulle gå etter krigen. De skulle ha siste ord i de baltiske landene og Øst-Europa og stort sett gjenopprette Tsar-Russlands gamle grenser. Dette bad Stalin britene godta. Til gjengjeld ville han ikke motsette seg britiske baser i Belgia, Nederland, Danmark og Norge. Russerne holdt seg til denne forståelsen, og 25. september 1945 forlot de sovjetiske soldatene norsk jord.»

Tidlegare skreiv Udgaard om vestleg politikk, at «realpolitikken kan ikke avskaffes, et visst hensyn til andre makters interesser må alltid være til stede. Det har til tider manglet i EUs og NATOs overfor et Ukraina som utgjør Russlands myke ’underliv’».

Kåre Willoch var heller ikkje nøgd. Han sa i eit debattmøte at «NATOs østutvidelser gikk for langt», og at forsvarsalliansen ikkje tok omsyn til russiske strategiske interesser: «Jeg mener at når en skadet bjørn ligger rolig, så er det ikke nødvendig å stikke den med et spyd, og det er vel omtrent det man gjorde da man begynte å antyde at Natos grense skulle gå 500 km fra Moskva.» Flåte-basen på Krim kunne koma til å liggja i eit Nato-land.

«Norges sikkerhet» er stadig tema i media, som om vi står andsynes eit åtak frå Russland. Dette er no ein stat med 140 millionar innbyggjarar, mot Nato-landas nær ein milliard. Økonomien er svak, mindre enn Italias. USA åleine har eit militærbudsjett som er 14 gonger større enn Russlands (om lag som det britiske). USA har basar over heile verda og 19 hangarskip, Russland har eitt. Så meiner ein at Russland vil starta krig. Det er ein absurd tanke.

Men eit forsvar bør Noreg ha, av respekt for oss sjølve, som finnane har det. Då treng vi ikkje kjøpa fly frå USA for hundrevis av milliardar – fly som er esla til åtak langt frå våre grenser.

hallvard.hegna@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis