Ikkje eit einaste nytt tiltak
Norsk havteknologisenter blir bygd i Trondheim.
Foto: LINK Arkitektur
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Forsking
Næringslivet bør investera 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i forsking og utvikling (FoU). Det har vore eit mål sidan 2005. Då utgjorde FoU-investeringane 0,8 prosent av BNP, og vi skulle nå toprosentmålet innan 2010. Men i dag investerer næringslivet framleis 0,8 prosent av BNP i FoU.
Då kunne vi kanskje forventa endringar i den nye strategien for å nå toprosentmålet, no innan 2030. Det fekk vi ikkje. Her er ikkje eit einaste nytt tiltak. I staden får vi ei lang liste med tiltak som regjeringa for lengst har vedteke. Senter for forskingsdriven innovasjon? Forskingsrådet har nyleg lyst ut femte runde av ordninga som dei innførte i 2007. Senter for kunstig intelligens? Her er fristen for å søka snart ute. Støtte til tidlegfase kommersialisering? Her blei budsjettet mindre i den nye ordninga i 2023.
Strategien vil greia ut barrierar for å tiltrekka utanlandske medarbeidarar med master eller ph.d., særleg innan teknologifag. Om dei spør norske universitet, som i fjor mista 80 prosent av dei utanlandske studentane då regjeringa innførte skulepengar, vil dei nok kunna få innspel til utgreiinga. Særleg ramma dette nettopp teknologifaga, der det var mange internasjonale studentar.
Offentleg sektor har allereie nådd sitt mål, som er å investera 1 prosent av BNP av FoU. Spørsmålet er derfor korleis vi kan auka dei private FoU-investeringane utan å bruka meir offentlege pengar. Då må vi vel innretta dei offentlege investeringane annleis, slik at forskingssystemet legg betre til rette for privat FoU-innsats?
Her kunne regjeringa til dømes ha sett på den regionale fordelinga av dei offentlege FoU-investeringane. I dag samlar offentleg sektor investeringane sine i nokre få regionar, mens næringslivet i større grad tek heile landet i bruk.
I 2021 investerte det offentlege 17.000 kroner i FoU per innbyggar i Oslo og 13.800 per innbyggar i Trøndelag. Totalt gjekk halvparten av dei offentlege midlane til desse to fylka. Næringslivet investerte 14.000 kroner per innbyggar i Oslo og 10.000 i Trøndelag. I Rogaland, Møre og Romsdal og Vestfold og Telemark investerte det offentlege mellom 2200 og 2700 kroner per innbyggar. Næringslivet investerte dobbelt så mykje, mellom 4500 og 5800 kroner. Det gjer at næringslivet i desse regionane får mykje mindre draghjelp av det offentlege til å auka si FoU-innsats.
Når strategien diskuterer dette, analyserer han FoU-investeringane per forskarårsverk, ikkje per innbyggar, per verksemd eller i høve til fylkesfordelt BNP. Dermed finn han at den regionale fordelinga ikkje er skeiv, sidan det er stort samsvar mellom FoU-investeringar og forskarårsverk. Når mesteparten av FoU-investeringane går til nettopp å finansiera årsverk, er jo ikkje det særleg rart.
For næringslivet langs kysten hjelper det dessverre lite at kvar forskar i deira region tiltrekker seg like mykje offentlege FoU-midlar som forskarane i Oslo og Trondheim. Utfordringa er jo at det ikkje finst nok forskarar i nærleiken som dei kan samarbeida med. Det er eit problem fordi verksemdene oftast samarbeider med lokale forskarar som dei kjenner personleg.
I staden for å gjera noko med den regionale fordelinga, nemner strategien berre to konkrete tiltak med ei geografisk adresse: Livsvitskapsbygget i Oslo og Havteknologisenteret i Trondheim. Begge er sjølvsagt for lengst vedtekne. Det er likevel påfallande at dei einaste regionale tiltaka strategien nemner, vil bidra til å konsentrera dei offentlege FoU-midlane endå meir. Det bidreg neppe til at næringslivet i heile landet investerer meir i FoU.
Rune Dahl Fitjar er professor i innovasjonsstudiar ved Universitetet i Stavanger.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida