Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1990
20170804
1990
20170804

Nynorsk

Kvifor går ikkje det norske folk over til nynorsk, i staden for bokmål? Folket kunne iallfall trenge det, ikkje minst arbeidarklassen so no bur i byar. Nynorsk – eit språk – rett nok frå først språket til bondeklassen, men som først og sist er utvikla i kamp mot overklassen og dei dansk-tyske slektene, alle dei konservative krefter, kyrkja irekna. Språkleg aktivisme mot politisk elite og førebels overmakt, der er nynorsken, der bør han vere. Det er ikkje berre eit spørsmål om det skal stå fram eller frem, ikkje eller ikke. Nynorsk er radikalisme politisk. Ein markør om at ein vil vere byrg norsk – ikkje halvdansk som bokmålet er. Eller er det ikkje lenger trong for å markere at ein vil vere sjølvtrygg norsk? Nynorsk bør framleis fremje det nasjonale, for det er også det demokratiske. Folkestyre er noko for små parlament. Det vert umogleg for folket å ha styring i den sentralstaten som Merkel og Juncker planlegg for. Nynorsk skrift markerer det språkleg stolte norske. EU må kastast ut frå Noreg att. Nynorsken hjelper til. Slik ser eg det.

Alle oppegåande frå vidaregåande av burde gå over til å nytte nynorsk, i alle fall dei frå Oslo aust. Slik kunne dei språkleg markere motstanden mot desse vestkantfamiliane som i tusentals har arva pengar og makt. Kvifor skal austkantfolket skrive på språket til høgrekreftene, slike som Erna Solberg og hennar trufaste, som Røkke, Fredriksen og Thon? Språk(målføre) er noko medvitne folk vel. Det bør vere samvitssak og hjartesak. I alle fall og som ei byrjing bør dei i leiinga i Raudt, SV og MDG gå over til nynorsk språk som ei medvite politisk handling, som eit språkleg teikn på deira radikalisme. Og slutte å skrive «fremtiden».

Og litterært?

Bokmålet har Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Finn Alnæs, Per Petterson og nokre få til brukt. Elles har dei brukt nynorsk, dei som det er noko å bry seg med.

Kjartan Hatløy er forfattar
og røyrleggjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis