Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Landsbygda vert borte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Berit Keilen / NTB Scanpix

Foto: Berit Keilen / NTB Scanpix

3412
20170707
3412
20170707

LANDSBYGDA

Ja, slik ser det ut når ein køyrer litt rundt i dette landet. I eit valår er det rimeleg å sjå litt nærare på det som skjer. Det har mange gjort før meg, men det må stadig stillast spørsmål om vi vil ha denne avfolkinga.

Kona Sigrid og eg køyrde no nettopp sørover til hytta vår gjennom indre delen av Vestlandet, frå Sunnmøre til Odda, og så austover gjennom Vinje, Tokke og Fyresdal i Telemark, og same vegen tilbake nokre dagar seinare. Heile vegen ser vi sjeldan eit dyr ute på marka, vi ser store delar av dyrka mark som ikkje er slegne. Vi ropar til kvarandre når vi ein sjeldan gong ser ei ku eller ein sau. Men nokre er att, også eit par flokkar med geiter i Våtedalen. Andre år har vi køyrd nedover gjennom Gudbrandsdalen og austlandsfylka, og også nordover til Salten og Bodø. Ikkje stort betre der, utanom dei store kornåkrane både på Austlandet og i Trøndelag.

Inne i fjordane, mellom anna i Olden i Stryn og inst i Sognefjorden, låg kjempestore turistskip. Det desse titusenvis av turistane vil sjå, er sjølvsagt fjordar og fjell, men ein vil også slå fast at her bur det folk som livnærar seg mellom desse bratte fjellsidene og lune vikane, «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det som skjer i Geiranger, skjer no overalt, berre i større eller mindre grad. Hovudinntrykket er at landsbygda vert borte. Folk får ikkje inntekter av det skrale jordbruket som gjer det mogleg å ha dei same levekåra som i tettstader og i byane. Dei må slite hardt sjølv for eit elendig utkome. Då seier det seg sjølv at dei unge forlèt heimbygdene og flyttar ut. Turismen er no ei vesentleg inntektskjelde til våre elles så gode levekår som dei fleste no har, men er det nok berre å syne turistane fjordar og fjell? Og vil folk flest ha det slik?

Som heilt konkrete eksempel kan eg her ta med mi eiga heimbygd, Saltstraumen-området i Bodø med grenda Knaplund, Sigrids heimkommune Fyresdal med grenda Valebjørg og her vi no bur og har budd lengst, Herøy kommune, med diverse grender. I mi heimgrend Knaplund var det i min oppvekst ti bruk med kyr, sauer og nokre høner. Dei fem største hadde også hest, i tillegg ein heil del tidlegare husmannsplassar med berre ei ku og litt til. Alle desse bruka ligg no heilt brakke. I Valebjørg-grenda til kona er det no berre nokre sauer att på eine bruket, som kona på garden berre har for trivselen. Her i Herøy var det då vi kom hit på 1960-talet, liv og verksemd på ei rekkje bruk både i indre og ytre delen av kommunen. No er det kanskje eit bruk eller to att med kyr og nokre sauer, elles gror det att. Og slik er det over det meste av landet vårt.

Problemet er så langt eg kan skjøne ikkje ein del av den politiske debatten. Det måtte då vere Senterpartiet, som har det som tema. Mitt eige parti, Arbeidarpartiet, ser ikkje ut til å ta dette spørsmålet opp, heller ikkje dei andre. Og avfolkinga av landsbygda er då sjølvsagt grunnen til veksten i byane, og ei sentralisering av alle viktige funksjonar i samfunnet. Byane må stadig verte større både i folketal og areal, og får no dei næraste landkommunane under sine vengar.

Det er rett og slett trist å sjå denne utviklinga. Det ser ut til at utviklinga er komen så langt at ho ikkje er reversibel. Politisk slagord må verte «det som skjer, det skjer». Ein skal ikkje lenger enn til Sveits før ein finn verkemiddel som har stoppa ei tilsvarande utvikling der.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis