Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Makta og den uavhengige forskinga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5109
20250117
5109
20250117

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Bistand

Sidan Dag og Tid hadde sitt store oppslag 15. november om den siste boka til Terje Tvedt, Norske tenkemåter, har han vore fast bidragsytar, for det meste i ein debatt med Anders Breidlid, relatert til Sør-Sudan, sist repetert 3. januar. I eit innlegg den 13. desember tok han også for seg Norsk utviklingshjelps historie (2003).

Tvedt er internasjonalt kjend for sitt arbeid med vatnets historie, i norsk opinion mest for sin kritikk av norsk bistands- og utanrikspolitikk og den verknaden den har hatt for det norske sjølvbiletet og bilete av utviklingsland. Den kritikken er det mange som deler, vel å merke når kritisk betyr analytisk og allsidig, ikkje berre negativt. Eg helsa den første boka hans om dette, Bilder av de andre, velkomen i ei positiv melding så tidleg som i 1990 (Forum for utviklingsstudier, 2, 1990).

Eit gjennomgangstema i debatten i Dag og Tid er kritikken av forsking som er finansiert av Utanriksdepartementet eller andre offentlege instansar, og der gjennomføringa er sett bort til ei styringsgruppe under Forskingsrådet. Vi likar å tru at det er ein del av ei liberal samfunnsordning som tener til sjølvkorrigering. Tvedt meiner at ein slik modell betyr at «makta» rår, at ein dominerande offisiell «tenkemåte» legg rammene, og at forskarane derfor ikkje kan forske fritt, sjølv om dei trur det.

Mykje av bidraget hans i Dag og Tid 13. desember dreier seg om at han likevel søkte om å bli ein av forfattarane i Norsk utviklingshjelps historie. Han fekk ikkje den oppgåva, og det vekte oppsikt, med god grunn. Men det kan ikkje vere rett når Tvedt seier han seinare har fått vite at UDs representant var «tunga på vektskåla» i denne saka, ettersom fleirtalet i styringsgruppa var historikarar (Knut Helle, Helge Pharo, Randi Balsvik og til sist Per Hernæs), og ingen kan stadfeste det han seier.

Om Norsk utviklingshjelps historie skriv Tvedt at ho «illustrerer forskinga si underordning under dominerande tenkemåtar og perspektiv». Men «makta» er eit massivt omgrep som høver betre på TV enn som reiskap i fagleg analyse. Og Tvedt er ikkje patent når det gjeld kjeldebruk. Han hevda først at UD hadde «rett til å godkjenne teksten før han blei publisert». Dette er feil, og det har han seinare endra til rett til å «lese gjennom manuset».

Om mitt bind, Norge møter den tredje verden, startar han med å lese feil: «Simensens opningssetning i hans bind i bistandshistoria underbyggjer nettopp min analyse. Han understrekar, utan atterhald, UDs sentrale rolle i dette oppdragarprosjektet og at det var planlagt som nasjonens feiring av seg sjølv.» Men det er ikkje eg som har skrive det avsnittet han siterer, det er tatt frå forordet til trebindsverket, skrive og underteikna av formannen i styringskomiteen, Per Hernæs, som fortel om det administrative opplegget.

Hadde Tvedt lese litt meir i boka, ville han ha sett at det første kapittelet har ei drøfting av ulike perspektiv, og at avslutningskapittelet har ein kritisk analyse av den særnorske profilen i bistandspolitikken. Forfattarane til dette verket kom ikkje med bakgrunn frå utviklingsstudiar, men frå ulike felt innan historie og antropologi, og dei gjekk tilbake til sine fagområde. Eit felles siktemål var å skrive seg ut av det offisielle bistandsspråket og skrive bistandshistoria inn i historiefaget. Ein stor del av den samla teksten drøfter det som hende på mottakarsida, i samspel med lokale aktørar, og ein stor del handlar om norsk politikk i internasjonale fora, i Verdsbanken og i FN, der vi mellom anna skreiv om spenninga mellom interesser og ideal. Det var ein sjølvsagd ting at dette ikkje skulle vere noka glorifisering av norsk innsats.

Om dei metodiske problema på dette feltet har eg skrive utførleg, mellom anna «Writing the history of development aid» (Scandinavian Journal of History, 2, 2007), «Den radikale retningen i u-landsstudiene» (HT, 56, 1977) og metodeartiklar i boka Internasjonalisering i historiefaget (Oslo 2008).

Da verket vart publisert, vekte det oppsikt i media, som alle festa seg ved det kritiske perspektivet. Seinare, da Tvedt fekk Fritt Ords pris i 2007, nemner Asle Toje i sin rosande omtale av prisvinnaren også Norsk utviklingshjelps historie, «hvis konklusjoner er like drepende, men uten Tvedts polemiske form» (Aftenposten, 8. mai 2007).

Dette var ei overdriving, men mange perspektiv har vi felles på avsendarsida, det gjeld mellom anna norsk sjølvgodheit og tronge rammer for det politisk korrekte. I tillegg til hyllest, gir Toje ei presis oppsummering av den faglege kritikken mot prisvinnaren. Generelt veit vi at all historieskriving, også det Tvedt gjer, er påverka både av personlege erfaringar, engasjement, fagleg bakgrunn og tidsånd. I så måte skriv vi oss inn i ein kontinuerleg debatt. Men skal slik debatt føre til betre forsking, må han vere meir nyansert og open enn det Tvedt, med sitt massive omgrep om «makta», legg opp til. Og det er naturlegvis ei grense for kor mykje tid det er fruktbart å bruke på debatt i media.

Jarle Simensen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis