Markalova fyller 15 år i år
Oslomarka er sanneleg ein «heilag» plass, og har vore ei velsigning for hovudstaden.
Hakloa i Nordmarka i Oslo.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Oslomarka
Ingen hovudstad i verda... og så vidare. Du kjenner til resten av setninga. Oslomarka er sanneleg ein «heilag» plass, og har vore ei velsigning for hovudstaden. Kva hadde me vore utan Marka?
Stortinget vedtok markalova 1. september 2009. Lova fastset grensene for Oslomarka og skal bevara natur og kulturmiljø og leggja til rette for friluftsliv, naturopplevingar og idrett. Namnet Oslomarka er ikkje avmerkt på kartet, men det er eit omgrep som ifølgje Iver Mytting fyrste gong vart foreslått som namn i 1932 av den legendariske turistsjefen i Oslo, Alfhild Hovdan.
Vern av Marka kom på dagsordenen i mellomkrigstida. I boka «Byen lever, drømmen om en storstad» frå 1933 skriv reguleringssjef i Oslo Harald Hals: «Rundt omkring byen ligger skogmarken som en svær bre av grønt og grått (...) Nu eter byen sig inn i markene. Det må gå omvendt. Breen må bringes til å kalve.» Teksten av Hals var ein viktig tekst om vern av Marka. I 1941 skreiv Nils Houge boka Oslomarka som naturpark. Et forslag til fredning av Stor-Oslos og omliggende distrikters friluftsområder. «Alle snakker om hvorledes Oslomarkas friluftsområder skal utnyttes, men ingen om hvorledes de skal bevares», skriv han.
I 2005 var Jens Stoltenbergs fyrste regjering på Soria Moria på Voksenkollen ved foten til Nordmarka for å etablera regjeringsplattforma Soria Moria-erklæringa 1. I erklæringa står det: «Regjeringen skal innføre et særskilt lovfestet vern av Oslomarka». Markalova vart vedteken, og ein lang kamp hadde komme til vegs ende. «Marka er ei gåve til folket», sa dåverande miljøminister Erik Solheim.
Jens Stoltenberg har gjort mykje godt for landet, ikkje minst sørgt for vern av Oslomarka, og Jens er ein av dei viktigaste fedrane bak markalova, saman med mellom andre Erik Sture Larre. Ein kan spørja kva Gerhardsen, Lie, Tranmæl, Stoltenberg og Støre hadde vore utan Marka, og kva hadde politikken deira vore utan Marka?
I lovproposisjonen heiter det: «Marka som område for friluftsliv og naturopplevelse omfatter unike naturområder og rikt kulturlandskap, som har vært verdsatt som tur- og rekreasjonsområde helt siden 1800-tallet. Områdets rike kulturlandskap er et resultat av tidligere tiders bruk av Marka helt siden steinalderen.»
Gjennom mange hundreår låg Marka og sov og drøymde. Så opna ho seg gåvmildt opp. Med sigersgangen i nasjonalromantikken drog målarane Johannes Flintoe, J.C. Dahl, Hans Gude og Chr. Skredsvig ut i Marka for å måla den særeigne motivrikdommen som låg der. Skredsvigs «Sommernat. Maaneskind i Nordmarken» vart ein publikumsfavoritt på statens aller fyrste haustutstilling i 1884.
Kunstkritikar Andreas Aubert prisa biletet for «Stemningens inderlighed og den lyriske Dybde», og at fargane i biletet var berar av den nordiske lufta. Ja, Oslomarka er eit eldorado og eventyr. Her ligg Karlshaugen naturreservat som er blant dei fyrste naturreservat i landet, du finn urskog og gamle tre ved Oppkuven, og så finn du Oslo og omlands største stein, Gaupestein i Sørmarka.
Jau, til og med den flunkande nye Østmarka nasjonalpark ligg i Marka. Det som kjenneteiknar Oslo, er kvaliteten og ånda til staden, ifølgje arkitekt Christian Norberg-Schulz, han skriv: «Dersom åsene rundt Oslo dekkes av sammenhengende bebyggelse blir byen uten mening, og byens innbyggere blir hjemløse». Utan Marka hadde me vore heimlause. Kan me ikkje gjera fleire område i Oslomarka om til nasjonalpark?
Anders Skaiå er natursosiolog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida