Meir om gjelding
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Retting
I førre veke skreiv eg om gjelding, eller kastrering, av husdyr. Det er nokre av opplysningane der eg gjerne vil kommentere og rette litt opp.
For det første: Det er no stemning for betre regelverk i fleire europeiske land, ikkje berre i Sveits og Nederland. Krav om operasjon med bruk av bedøving er etter kvart innført også i Sverige (2016), Danmark (2018), Tyskland (2021) og Frankrike (2022).
I Spania er det vanleg å fôre fram hanngrisane og berre slakte dei litt tidlegare, ein praksis som har blitt meir vanleg i mange EU-land dei siste åra. Immunokastrering er også eit alternativ, 15 prosent av hanngrisane i Belgia blir vaksinerte, i Noreg ligg vi no på om lag 10 prosent av slaktegrisane. Men vaksinen har også sine ulemper: Effekten er ikkje alltid god nok. Vaksinen må doserast to gonger i oppalstida, og det blir ofte ein kraftig reaksjon i vevet på injeksjonsstaden på grunn av tilsetjingsstoffa i vaksinen.
Haldningane til kastrering av andre dyr er også i endring. Ei norsk ekspertgruppe kom i 2018 med ei vurdering av dyrevelferd ved fjerning av horn og kastrering av kalv og kje. Her tilrår dei å gjere såkalla «blodig kastrasjon», eller kirurgisk fjerning av testiklane, det gjev færre komplikasjonar og mindre postoperativ smerte enn kastrering ved bruk av Burdizzo-tong.
På eldre dyr med store testiklar kan kastrering med tong føre til smertefulle betennelse på grunn av nekrose i testiklane. Ved bruk av tong på kje og lam er det også ein viss risiko for å skade penisen. Når blodforsyninga blir stoppa, vil testiklane visne bort, men smerta dyra opplever medan vevet døyr, er truleg langt verre og meir langvarig enn svien etter ein operasjon, sjølv om det blir bruka både sedasjon og lokalbedøving under inngrepet og så ein ny dose smertestillande for meir langvarig smertelindring i dagane etterpå.
Det ideelle tidspunktet for kastrering av kalv er mellom tre og seks månaders alder, for kje er det tilrådd å operere før dei blir tre veker gamle. Det er nok framleis gjeldande praksis å bruke tong, men studentane ved veterinærhøgskulen lærer i dag å bruke blodig kastrering på både storfe og småfe.
Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida