Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Mistolking eller misbruk av samisk historie?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2947
20180119
2947
20180119

Urfolk

I Nordnorge, mest i Finnmark og Troms, har i fleire år debatten om samiske rettar , m.a. retten til land og vatn og styring av lokal og regional politikk bølgja fram og tilbake. Denne debatten har også fått ein historisk dimensjon der dei som har vorte kalla ”samelandsideologane” saman med lokale historiske miljø har kjempa for ”urfolksretten”. Dette er stundom tufta på historisk materiale. Mange er ikkje samde i deira tolkingar.

I utgåve 4-17 av Syn og Segn har t.d. Ketil Zachariassen, fyrsteamanuensis på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet fått prenta ein artikkel med tittel Ei historisk slagmark med undertittel ”Samisk historie blir brukt og av og til misbrukt i kamp for politisk legitimitet og juridiske rettar. Kva er det med denne historia som er så omstridd?” Zachariassen arbeider innan feltet moderne historie, med særleg ansvar for urfolks- og minoritetshistoria og har gjeve ut ei rad publikasjonar.

I denne artikkelen skriv han om fleire samepolitiske spørsmål og serskilt om dei som i mediadebatten ikkje er samde med dei syn som er tufta på fagmiljøet ved UiT som han sjølv er ein del av. Han dreg t.d. fram dei som meiner at også nordmenn er urfolk i Troms og Finnmark eller at samane ikkje var dei fyrste som slo seg ned her og at fleire av dei vandra inn mykje seinare o.s.b.. Han går m.a til åtak på historikaren Trond Gabrielsen som på nettstaden Finnmarkforlag.no - « som i sine «Falske teser» hevdar å dokumentere korleis «historiker- og arkeologimiljøet i og rundt Universitetet i Tromsø einsretter, politiserer, fordreier, omdefinerer og forfalsker samisk og nordnorsk historie».

Eg har sjølv lese fleire av desse tesane men stussar fælt når Ketil Zachariassen skriv ”At fleire har tilbakevist påstandane og tesane frå Gabrielsen og synt at dei ikkje held, tar korkje han eller tilhengjarane notis av. Igjen og igjen ser ein liknande argument og synspunkt i det offentlege ordskiftet.”

Som ivrig avislesar fylgjer eg med i den debatten som forfattaren viser til. Men for at ikkje dette skal bli rein synsing, vil eg be at Ketil Zachariassen, sameleis som Trond Gabrielsen gjer i sine ”Teser”, gjev oss som les, naudsynt dokumentasjon. Me treng veta kven som har tilbakevisa det Gabrielsen har skrive og kor me finn desse tekstane. Det hadde og vore monaleg interessant å få sjå deira sakstilfang og tolkingar og dei konklusjonane som ligg attom påstanden om at tesane ikkje held mål. Kjem ikkje dette fram, vert jo det heile berre et slag i lufta? Det verkar som dei fleste faghistorikarne her sørpå ikkje bryr seg spesielt om den nordnorske historieskrivinga.

Vi er vel alle samde om at samrøre mellom politikk og forsking er ein uting og at vetskapleg arbeid må tuftas på dokumenterbare premissar og rimelege konklusjonar?

Ivar Pors Muniz er Dr.philos.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis