Nei til uniform
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
Foto: Geir Olsen / NTB
Forsvaret
For to veker sidan her i Dag og Tid tok eg til orde for at akademisk tilsette i Forsvaret burde taka av seg uniforma og stilla i sivil når dei uttalte seg i media. Eg hevda at det skapte forvirring og at det var uheldig at akademisk tilsette i motsetnad til andre militært tilsette sa og meinte så mykje ulikt om forsvarspolitikk og anna. Eit offentleg ordskifte mellom uniformerte bryt med sjølve grunntanken om kva ei uniform representerer og tilliten vi har til forsvarsmakta.
Her er korleis Norsk etymologisk ordbok definerer uniform. Legg merke til bruken av «einsarta»: «uniform: tjenestedrakt. Gjennom fransk uniforme ’uniform, ensartet’ av latin uniformis ’ensartet’, som bygger på unus ’en’ + forma ’form’.»
Eg fekk to lesarinnlegg mot meg: «Forsvarets høgskoles militære forskere utøver sin akademiske ytringsfrihet i uniform når de ønsker, og tar den av når de ønsker. Vi har ikke råd til å gå glipp av kunnskapsformidling fra disse forskerne, spesielt ikke i krise og krig, når det er en kamp om å eie sannheten», skreiv Saira Basit, dekan ved Forsvarets høgskole, og Anine Kierulf, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.
Heller ikkje forsvarssjefen vil at dei akademisk tilsette i Forsvaret skal taka av seg uniforma når dei uttaler seg i media: «Ytringsfriheten er en av de grunnleggende menneskerettighetene som skal beskyttes, i ytterste konsekvens med militær makt. Av oss som er i Forsvaret og som går i uniform. Da blir det helt feil dersom offiserer, befal og soldater ikke skulle kunne bidra i det offentlige ordskiftet», skreiv Eystein Kvarving, brigader og kommunikasjonssjef for forsvarssjefen.
Eg tykkjer desse påstandane vert vel mykje festtale. Personar i militæruniform har ikkje full ytringsfridom. La meg gjennom eit sitat gje eit døme: «Når neste flyktningbylgje kjem, og ho kjem, og når Jonas inviterer 10.000 ekstra hit, då skal vi vera førebudde og stilla med 10.000 kvinner og menn på grensa og seia: ’Stopp!’».
Sitatet om eit borgarvern for å stogga 10.000 flyktningar er henta frå ein tale oberstløytnant Geir Hågen Karlsen, som er lærar ved Forsvarets høgskule, gav i 2018. Karlsen heldt talen under landsmøtet til Frp, og polemikken var retta mot Jonas Gahr Støre, som ville invitera 10.000 syrarar hit i 2015. Karlsen, alltid i uniform, har vore mykje nytta av media før og under krigen i Ukraina.
Karlsen heldt talen på landsmøtet til Frp i dress. Éin ting kan alle desse som vil ha offiserar i uniform i fjernsynsskjermen, taka som gjeve: Karlsen kunne aldri ha sagt noko slikt om flyktningar og Frp-borgarvern medan han hadde på seg uniform. Forsvarssjefen hadde rykt han ut av fjernsynsstudioa med det same. Vi kan ikkje ha forsvarspersonell som går rundt i hæruniform og samstundes tek til orde for borgarvern. Personell i uniform har ikkje full ytringsfridom, og dei kjem aldri til å få det heller. Difor bør vi slutta å lata som noko anna.
Lat meg kome med eit nokså kjent døme på kor gale det kan gå når militære ekspertar uttaler seg: På ei av BBC Worlds radiosendingar under Falklandskrigen vart ein britisk general spurd om kva han trudde kom til å skje no. Generalen sa at om han hadde vore leiar for dei britiske styrkane på Falklandsøyane, ville han ha gjort dette og dette. Også i Argentina lytta dei til BBC World. Sjefen for den britiske atterobringsstyrkane var ikkje klar over kva som hadde vorte sagt på radio. Han gjorde nett det generalen sa han ville ha gjort. Argentinarane var budde på det som kom.
Då sjefen for dei britiske styrkane på Falklandsøyane vart klar over kva som hadde vorte sagt på BBC World, ville han ha stilt generalen for krigsrett tiltala for drap. Det gjekk ikkje. Generalen var pensjonist og uttalte seg i sivil. Generalen burde i alle høve ikkje ha sagt det han sa, men stoda hadde vore mykje verre om han hadde uttalt seg i uniform som representant for Det britiske forsvaret.
Eg held fast på mitt synspunkt. Militærpersonell i uniform bør ut av norske mediehus.
Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida