Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om årsaker til klimaendringane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1910
20180126
1910
20180126

Klima

I sitt tilsvar i Dag og Tid 19. januar til min og klimaforskar Øyvind Nordli sine kommentarar til hans kronikk i Dag og Tid 8. desember etterlyser Gunnar Abrahamsen, tidlegare forskar ved Norsk Institutt for Skogforskning (NIBIO) ei forklaring frå oss på kva som er dei naturlege årsaker til klimaendringar, og at dagens klimaforsking legg for mykje vekt på dei menneskeskapte årsakene. Han stilte det retoriske spørsmålet «Når menneskeskapte klimagasser umulig kan forklare temperaturvariasjonene de siste 12.000 årene, hva er da årsakene til disse?»

Dette er etter mi meining å snu saka på hovudet, difor skreiv eg at det var feil spørsmål. Det spørsmålet han heller burde stilla, er kor vidt naturlege årsaker kan forklara dei temperatur- og CO2-variasjonane som har skjedd i den siste 50-årsperioden eller ikkje. Dei aller fleste – over 90 prosent – av dagens klimaforskarar meiner nei, at det hovudsakleg må koma av menneskeleg aktivitet, først og fremst utslepp av klimagassar som CO2 og metan. Dei fem varmaste åra har alle saman vore etter tusenårsskiftet, og samanfallet med kurva over CO2-konsentrasjonen er påfallande. Klimaforskar Øyvind Nordli påpeikar òg dette i sitt svar til Abrahamsen i Dag og Tid 29. desember. Dette betyr ikkje at forskarane ser bort frå dei naturlege årsakene, men dei meiner berre at desse åleine ikkje kan forklara den globale oppvarminga.

Abrahamsen påstår at Nordli og eg har sagt at «varierende solaktivitet ikke er forklaringen». Dette er også feil, tvert imot meiner me, som resten av klimaforskinga, at varierande solaktivitet i tillegg til endringar i jordaksen truleg er ei hovudårsak til tidlegare tiders klimaendringar. Vulkanutbrot og meteornedslag har vore medverkande årsaker, jamfør årsakene til dinosaurane sin undergang, som nyleg blei vist på norsk fjernsyn.

Oddvar Skre er
pensjonert forskar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis