Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

OsloMet – Oslo storbyuniversitet!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2819
20180119
2819
20180119

Namn

Debatten om namnet på det nye universitetet i Oslo og Akershus spora av til eit ordskifte med store ord om små og store bokstavar. Kanskje kunne ein ha ønskt seg eit anna namn. Men kritikken har gløymt å vurdera den indre samanhengen i det nye namnet!

Universitetet har no fått to namn – eitt på engelsk (OsloMet – Oslo Metropolitan University) og eitt på norsk (OsloMet – Storbyuniversitetet).

Eit felles element i begge namna er tekststrengen «OsloMet». Elementet er konstruert for å kunna fungera både på norsk og på engelsk. Forkortinga «OsloMet» er delvis òg ei erstatning for forkortinga HiOA – ei forkorting som er reint skriftleg, ingen seier «hioa». Vona er altså at folk skal seia «Oslo Met». Like fullt er det ei forkorting!

Men kva står eigentleg «OsloMet» for?

Av det engelske namnet er det lett å skjøna: OsloMet svarar til Oslo Metropolitan University. Dette gjer at dersom nokon ifrå OsloMet ferdast ein stad i verda der ingen knyter noko spesielt til «OsloMet», kan dei i staden fortelja at dei representerer «Oslo Metropolitan University». Truleg svært nyttig.

Det engelske namnet framstår med andre ord godt gjennomarbeidd med tanke på reelle brukssituasjonar, og som eit uttrykk for realisme med tanke på dei vanskane «OsloMet» vil ha med å slå igjennom som einaste namn.

Det norske namnet er det i så måte verre med. «Storbyuniversitetet» har preg av å vera eit adjektiv til «OsloMet», altså eit usjølvstendig tilleggsnamn og ikkje ei forklaring av «OsloMet». Å seia at «eg kjem ifrå Storbyuniversitetet» fungerer korkje i Bergen, Stockholm eller København. At det er nytta bunden form, får namnet til å framstå som ein påstand om at OsloMet er det einaste storbyuniversitetet (i Oslo, Noreg, Skandinavia …). Og det å uttala det fulle namnet – «Oslo Met Storbyuniversitetet» – minskar i liten grad det utydelege og pretensiøse.

Ja, det fulle norske namnet har preg av å liggja betre på skjerm og papir enn i munnen!

Den bundne forma synest også å vera i strid med eit av rektor Curt Rice sine argument for val av «metropolitan» på engelsk, nemleg at dette representerer ein spesiell type universitet. Kanskje kan det at det norske namnet ikkje reflekterer Rice sitt poeng om universitetstype, også ha påverka den norske uviljen mot namnet!

At bruken av bunden form er forvirrande, kan vi ta Kunnskapsdepartementet sjølv til inntekt for: I pressemeldinga står det at universitetet «får navnet OsloMet – Storbyuniversitet», i ubunden form.

Skulle det norske namnet vore synonym med det engelske, måtte universitetet ha heitt «OsloMet – Oslo storbyuniversitet». Med eit slikt namn kunne ein ha nytta OsloMet i dei samanhengar der dette er «innanfor», og elles anten fullt namn eller berre «Oslo storbyuniversitet», slik det passar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis