Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Padleforbod på vidda?

«Sume av framlegga vil heilt klart ha ein effekt i høve til å minke ferdsle. Ja, anna er til å riste på hovudet over.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4193
20240531
4193
20240531

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Villrein

Villreinen og kåra han har, stend høgt på den politiske agendaen. Mange meiner at kåra må betrast, og at største plaga er fotturistane. For dei like områda er det laga tiltaksplanar, som no ligg til vurdering i KLD. Det er òg lagt fram ei stortingsmelding, der ein ikkje tek konkret stilling til framlegga i dei ymse planane. Det vil ein gjera etter at Storitnget har sagt sitt.

Sume av framlegga vil heilt klart ha ein effekt i høve til å minke ferdsle. Ja, anna er til å riste på hovudet over. På Hardangervidda vil ein forbjode padling! Ein ser på det som ein aktivitet med «stort potensial for skade». Difor må det stoppast! Dette til liks med kiting og køyring med hundespann.

Ein vil speglvende regelverket, desse aktivitetane skal vera forbodne, men så skal ein kunne søkje og mogelegvis få ja. Ein skjønar skepsisen til kiting og bikkjer, då kjem ein fort fram, og kan koma brått på ein flokk og skræme han dugeleg. Men padling? Kva er skadepotensialet der?

Tanken er påkomen ut frå stoda i Kvenna, der det har auka med padling. Ein ottast at padlarar skal hindre reinen i å krysse vassdraget. Så gjer ein like godt framlegg om å forbjode all padling, jamvel om omfanget og skadepotensialet i andre vassdrag er heilt ukjent. Eit forbod er gjæve ting når ein vil taka vare på reinen.

Leiaren i prosjektgruppa som stend bak planframlegget, Olav Thøger Haaverstad (Statsforvaltaren i Oslo og Viken), seier at ein ikkje hadde data som indikerte at padling var ei reell og aktuell problemstilling. Padleforbodet er å sjå som eit føre var-tiltak, seier han. Tiltaket krev ny lovheimel. Betre lovførearbeid enn rein synsing er råd å sjå for seg.

«Eventuelt andre vassdrag enn Kvenna», skriv ein. Men så seier ein òg at speglvendingsprinsippet skal gjelde for heile villreinområdet. Eg er medeigar i fleire vatn på Hardangervidda. Der kan eg ro på vanleg måte og køyre påhengsmotor så mykje eg vil. Men vil eg padle, då må eg søkje? Sjøfly hjelper seg stundom med ei padleåre, skal det au omsøkjast?

Kva er den potensielle skaden? Jau, at dyra (mellombels) kan bli hindra i å krysse vassdaget. Slikt kan nok råke ein sjeldan gong, eg kjenner til ein konkret episode, i ein jaktsituasjon. Det var sjølvsagt til stor frustrasjon for dei aktuelle jegerane, men påførde knapt dyra nokon objektiv skade. Rimeleg visst kryssa dei på eit seinare tidspunkt.

Så er det heilt klart at denne ferdsla har auka. I 2006 padla eg vassdraget og såg ingen andre i same ærend, og heller ikkje dyr, lat det vera nemnt. Ein konkret observasjon frå sumaren 2021 fortel at det på ei veke passerte 47 einskildfarkostar, dei fleste einmanns. Andre kjelder tyder på at dette må ha vore ei toppveke, og at omfanget var mindre i 2023. Styraren på Mogen tursthytte fortel om stor auke frå 2020 og framover. Dette har heilt klart samanheng med at såkalla «packraft» har kome på marknaden, ein einmanns oppblåsbar farkost som er grei å bera. Ikkje er han avskyeleg dyr heller.

Spørsmålet er så: Har denne auka ferdsla påverka omfanget av dyrekryssing? 2009 er seinaste året utan marknadsføring gjennom boka mi, Langs Kvenna – før og no. Eg har bruka dyreposisjonar frå dette året og fram til og med 2023 og talt opp kryssingar av radiomerkte dyr i månadene juli og august. Dette talet vil sjølvsagt vera avhengig av kor mange sendarar som var i drift. Det er også registrert. Så har eg rekna ut kor mange kryssingar der har vore per aktiv sendar.

Kryssing per aktiv radiosendar viser stor variasjon, frå 0,1 til 1,8. Og, viktig i høve den aktuelle problemstillinga: Nivået fyrst i perioden, med liten trafikk, er det same som dei seinaste åra, med stor trafikk.

Framlegget om forbod mot padling i Kvenna (og andre vassdrag) er tufta på mangelfullt fagleg grunnlag. Ein vil nekte folk ei flott naturoppeving for å løyse eit problem som nøye rekna ikkje finst. Det kan knapt karakteriserast som god forvalting. Haldninga bak kan uttrykkjast slik:

«Berre me (jegerar, garnfiskarar, forvaltarar og forskarar) har noko i fjellet å gjera. Andre kan halde seg heime.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis