«Politikarprestane»
RELIGION
Under denne overskrifta går Kaj Skagen til frontalåtak på Den norske kyrkja i «Dag og Tid» 30/06-2017. Han hevdar Kyrkja er vorti politisert på ein dogmatisk og autoritær måte, men «at grensene for kva dei tillèt no, fell saman med god tone i samfunnet». Han konkluderer med at den einaste oppgåva Kyrkja bør ha, er å verke som «ei høgtideleg ramme om overgangsritane i livet: fødsel og dåp, vaksenalder og konfirmasjon, bryllaup og gravferd», og hevdar at presteskapet «snyltar på kyrkjebygga, dei tradisjonelle rituala og trongen vår til nett å sleppe vekk frå tida, nyhenda og politikken».
Skagen gjer seg her klårt til talsmann for to-regimentslæra åt Martin Luther: Ein kristen pliktar å underordne seg sin verdslege drott, som er innsett av Gud, same kor urettvist styret hans er. Frelsa og nåden er berre unt den som underkastar seg Gud gjennom trua på Kristi sonoffer, uavhengig av korleis ein ter seg andsynes andre menneske i livet her på jorda. Det bør ikkje undre nokon at denne teologien vart omfamna av dei tyske fyrstane, som hjelpte Luther, og av den dansk-norske einevaldskongen, som kunne krevja inn skattar i staden for dei summane som vart innbetalte i form av tiande til Den katolske kyrkja, som bruka det til å hjelpe fattige og trengjande.
At den norske kyrkja no, etter snart 500 år med ei statskyrkje som har sett det som si fremste oppgåve å legitimera einevelde og embetsmannsvelde gjennom ei forkvakla tolking av den kristne læra, freistar finne attende til ei bibeltolking tufta på grunnhåtten i Kristi lære, bør vi vel heller helse velkomen, uavhengig av om ho med det kjem til å fremja synspunkt som òg vert målborne av humanitære organisasjonar og politiske parti. Det viktige her lyt vera at det Kyrkja seier kan grunngjevast ut frå Kristi lære, slik ho kjem til uttrykk i Det nye testamentet. I Matteus-evangeliet les vi: «Gjev den som bed deg, og vend deg ikkje bort frå den som vil låne av deg (Matt. 5, 42). «Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei […]» (Matt.6, 12). I Jakobs brev (som Luther ynskte å tolke om) les vi: «Visseleg, dersom de lever opp til den kongelege lova etter skrifta: Du skal elske nesten din som deg sjølv, då gjer de vel; men gjer de skilnad på folk, då syndar de, og lova refsar dykk som lovbrytarar […] Kva nyttar det, mine brør, om ein seier ein har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelse han? Om ein bror eller syster er naken og vantar føde for dagen, og nokon av dykk seier til dei: Gå bort i fred, varm dykk og mett dykk!, men de ikkje gjev dei det lekamen treng, kva nyttar det? Soleis er det òg med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho daud i seg sjølv» (Jak. 2, 8-9, 14-17).
Desse orda frå dei mest sentrale delane av Det nye testamentet gjer det klårt at den kristne læra forpliktar langt ut over det å vera ein passiv forvaltar av ritual. Dei kristne rituala er nettopp ikkje tomme skal, men rammer som det kristne evangeliet fyller med meining. Kva hadde til dømes bryllaupsritualet vori verdt om det ikkje inneheldt eit truskapsløfte tufta på nestekjærleik? Og kvifor spelar det å gjeva einannan gåver og det å opne dørene sine for einsame ei so viktig rolle i den kristne jolefeiringa?
Eg tykkjer vi bør vera glade for at den norske kyrkja no endeleg finn attende til kjernen i den kristne bodskapen og lèt gjerning fylgje ord, slik Bibelen krev, etter ei lang tid med ørkenvandring etter reformasjonen. Vi bør vera takksame for at ho skjønar dette òg gjer det naudsynt med eit sosialt og politisk engasjement for å betre dei materielle kåra åt menneska. So langt frå å leide Kyrkja i dogmatisk og autoritær retning, opnar dette for ymsesidig vyrdnad mellom menneska.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.