POLITIKK
Her kjem ei setning som vil få deg til å gjespe, men hald ut: Jon Ossoff tapte tysdag suppleringsvalet i Georgia i USA til det amerikanske Representanthuset mot Karen Handel. Eitt av 438 sete i Huset stod på spel. Korfor er det interessant for oss hundrevis av mil unna?
Ossoff stilte til val for demokratane. Valprogrammet hans var kort oppsummert: «Stem på meg, eg er ikkje Donald Trump.»
I eit land der tilgang på helsevesen er noko folk er reelt uroa over – der det å få hjelp om noko skulle skje, er like mykje å uroe seg over som det at det faktisk skulle skje noko. I eit land der det langt frå er manko på politiske saker å ta tak i, er politikarar meir opptatt av å snakke ned motkandidatar enn å snakke opp eigen politikk.
Ossoff prøvde å vinne valet på ein strategi om å gjere motkandidaten minst mogleg eteleg og seg sjølv minst mogleg eteleg for flest mogleg – utan å snakke om politiske saker. Eller ved å vera «dørgande kjedeleg», som det heiter på folkemunne. Kjenner du engasjementet boble og lysta til å drive valkamp, overtyde folk du kjenner, legge inn tid og krefter for den type kandidatar? Ikkje vi heller. Det viste det seg at Ossoff ikkje klarte å freiste mange nok heller.
Vi håper den kommande norske valkampen handlar om saker, ikkje om spel. Media klarer å spinne saker om kor godt dei forskjellige partileiarane liker kvarandre og kven som er best kledd, og toppolitikarane kan vera med på det spelet, men det vil vera ei gedigen bortkasta moglegheit for demokratiet om det blir det valkampen handlar om.
Profitt i velferda, udemokratiske handelsavtalar, for eller mot kommersielle sjukeheimar, olje i nord, arbeidsmiljøloven, formuesskatt ... Lista over politiske saker dette valet kan og bør handle om, er lang.
Ikkje minst bør det handle om å involvere fleire i politikken. Noreg er eit av dei landa som har høgast valdeltaking, men framleis er det sofapartiet som er det største partiet. Framleis er det mange som ikkje har fått eller funne sin plass i demokratiet, og som endar med å ikkje stemme. Blant desse er nokre grupper overrepresenterte, og det er ei heilt sentral oppgåve for oss som samfunn både å finne ut av korfor det er sånn, og å gjera noko med det.
Vi trur folk bryr seg om saker og bryr seg om kva slags samfunn dei skal leve i. Mange samfunnsengasjerte folk med sterke meiningar om dette og hint erklærer kontant at dei ikkje er interesserte i politikk. Og når politikk blir eit ord som blir assosiert med kjolekritikk, usakleg krangling og personfokus, er det lett å forstå at det blir uinteressant. Eller når medieoppslaga dagen etter dei viktige TV-debattane går på å gi terningkast til partileiarane for korleis dei stod og kor artige dei var. For det angår berre dei sentralt plasserte elitane. Folk flest blir ikkje påverka av det, folk flest blir påverka av politiske saker.
Det nyleg haldne suppleringsvalet i Georgia var tidenes dyraste, dei totale kostnadane passerte 400 millionar norske kroner. Ein stor del av det gjekk til overbetalte konsulentar og til TV-reklame, og heile kampanjen verka som ein elitekampanje. Da er det ikkje rart at Ossoff enda med å tape distriktet med større margin enn Hillary Clinton gjorde i presidentvalet, stikk i strid med trenden frå dei andre suppleringsvala, der meir progressive demokratar jamt over har gjort det 10–15 prosentpoeng betre enn Clinton.
Moralen? Vi trur det er at folk vil ha ein politikk å stemme på, dei vil ha tydelege kandidatar og dei vil ha valkampar som er styrte av engasjement, ikkje pengar.
Folk ikkje er så interesserte i politisk realityshow eller personfokus og tøv. Jon Ossoff og demokratane i Georgia var eit tydeleg eksempel på det. Den amerikanske presidentvalkampen i fjor eit anna. Dei er heller ikkje så interesserte i spel. Og med god grunn: Folk fortener betre. Folk i USA, Noreg og alle andre land fortener ein valkamp som handlar om politikk, om saker og om kva retning landet skal ta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.