HÅVAMÅL
Kristin Fridtun, som skriv ledig om eddadikta, tek denne veka for seg Håvamål, og nemner to strofer som er vel kjende for mange. Ho fortel korleis opningsversa i desse strofene (76, 77) kan sporast tilbake til 900-talet, til eit dikt framført etter Håkon den godes død etter slaget på Fitjar. «fe dør/frender dør/landet legges øde/siden Håkon for til hedenske guder/ er mang en mann blitt kuet», slik lyder oversetjinga eg finn på nettet. Til liks med mange andre seier Fridtun at dette kan syne kor lang og uoversiktleg tilverkingstida kunne vere for eit eddadikt.
Kan hende er ikkje lang tilverkingstid den rette forklaringa. Vi veit at gamalt stoff alltid kan nyttast på nye måtar, og i Håvamål er desse versa brukt i ein annan samanheng enn i skaldediktet. Dei to strofene er ofte siterte som eit uttrykk for korleis forfedrane våre tenkte om ettermælet, før den kristne trua kom med sin tanke om evig liv og frelse. I den første av dei to strofene heiter det etter dei innleiande orda om fe og frendar som døyr, at det som ikkje døyr er «ordstírr». Dette tyder «ordets glans», slik vi finn det att i oversetjinga til Ivar Mortensson-Egnund. Knut Ødegård kallar det i si gjendikting «rosande ord», og vrir dermed tydinga i ei spesiell lei. For å få meininga i rett samanheng må vi ta med at «ordets glans aldri døyr/for den som seg det gode får», (hveim er sér godan getr).
Den som trur at Håvamål og dei andre eddadikta er litteratur, ikkje mytologi og tradisjonsstoff frå heiden tid, opnar gjerne for ein påverknad frå den kristne litteraturen i bruken av omgrepet «ordstírr», og legg merke til at den som har dikta Håvamål har nytta tradisjonen på heilt eige vis. Om vi tar med den andre strofa, som er ein variasjon over temaet, får vi høyre at det eine som aldri døyr er «dommen over kvar som døyr». Kva slags dom det her er snakk om vert det ikkje sagt noko om.
Fridtun er inne på at kanskje vil noko av meininga i diktet forsvinne, om ein prøver å forandre på forma, slik det tidlegare ofte vart gjort. Ja, mi erfaring er at om vi studerer Håvamål grundig, vil vi sjå at forma er nett slik ho skal vere for å få fram korleis diktets «eg» lever seg fram til ei oppleving av at ordet til slutt eig den magiske krafta diktarar til alle tider har fortalt om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida