ISRAEL
Svar til Gunnar Kopperud, som hadde innlegget «God dag, mann – okkupant» på trykk fredag 02. Juni 2017. Kopperud røper tidleg det konspiratoriske tankegodset sitt: «I all verdas land og rike sit det ein israelsk leigehær av lesarbrevskrivarar og saumfer alt som er av aviser.» Kopperud er viss på at serien min blei «skriven som lokkemat, for å lose den israelske leigehæren i gong». Han nemner at «nokre av dei som støttar Israel ikkje er friske», og brukar meg som døme på slike individ. Til slutt ber han om boikott av Israel, og han presenterer ei liste over personlege måtar som ein kan gjere dette på. Han tilrår bruk av Globoid, som ein måte å roe seg ned på, når presset blir for stort – og svar ikkje på brev frå dei israelske agentane.
Det var ingen som leigde meg då eg skreiv serien min om Israel i Dag og Tid, og eg er ikkje agent for dei israelske styresmaktene, så vidt eg veit. Mossad har aldri kontakta meg. Tvert imot var det eg som fann på å ta kontakt med Dag og Tid. Eg valde sjølv å fortelje om det livet som eg har blitt kjent med i Israel. Kvifor? Eg ville vise eit anna og sannare bilete av dette landet, enn det skeive og fordomsfulle biletet som blir servert gjennom norske media til vanleg. Konflikten i Midtausten kom til å bli ei symbolsak for den politiske venstresida, han blei eit symbol på undertrykkinga, og på den vestlege imperialismen. I denne ideologiske hengemyra har ein blitt ståande fast. Men det finns sjølvsagt langt verre regime i verda enn det israelske demokratiet. Dersom ein reduserer konflikten mellom israelarane og palestinarane til talet på drepne per år, har ein å gjere med ein global minikonflikt. Men stadig ser ein ut til å vere besett av den jødiske staten. Menneske med vanleg gangsyn vil kunna sjå at Israel har blitt urettvist behandla i norske media. I så måte var serien min ei protesthandling. Merk: Eg er ingen blind supporter av den israelske politikken. Men konflikten er langt ifrå så enkel og einsidig som ein får inntrykk av gjennom media. Eg trur at tida er moden for å sjå på Israel med nye auga.
Alan Dershowitz, professor i jus ved Harvard University, set følgjande prinsipp for boikotten som aksjonsform: «The worst first.» Kvifor skulle ein seie seg uvillig til å starte med den verste? Israel er ikkje den verste nasjonen i verda i dag, når det gjeld menneskerettar. Det finns svært brutale regime i samtida vår. Bruk rasjonelle analysar, og sjå nærare på Nord-Korea. Syria, Saudi-Arabia og Sudan. Men LO kom til å gå etter Israel, også i år. Dersom ein annan standard skal gjelde for den jødiske staten, enn for dei andre statane, er det fare på ferde, og varsellampa bør lyse. Boikott av jødar burde vere eit spesielt ømfintleg føretak i 2017, ei tid der antisemittismen når nye høgder. Forstandar ved det Mosaiske Trossamfunnet i Noreg, Ervin Kohn, kallar boikotten til LO for antisemittisk, sidan han peikar ut jødane som mål. (I intervju med israelske media.) Boikott av jødar har ein eigen plass i den kollektive jødiske psyken, og for mange israelarar vil boikotten til norsk LO stadfeste følgjande: Verda er ute etter jødane. Når det gjeld det israelske fagmiljøet, har det mange av dei mest framståande historikarane og akademikarane i verda. Israelske ingeniørar og forskarar er blant dei leiande på medisinsk teknologi, fornybar energi, og konservering av vasskjelder. Med boikott av slike miljø vil ein altså prøve å hindre dei israelske akademikarane i å dele innsiktene deira med resten av verda. Det har blitt sagt om boikotten som aksjonsform, at han startar der håpet om fred og dialog stoppar. På toppen ropar ein om boikott av kunst? Israelske kunstnarar reagerer ofte med mistru når andre kunstnarar ber om boikott av den gruppa i samfunnet som jobbar mest for opne kanalar. For undring. For dialog. For eit opnare samfunn, med dristigare uttrykk. For bygging av bruer mellom folk, og for ei friare verd enn den vi har. Haldninga til Kopperud, og mange av hans likesinna, tradisjonelt frå venstresida, står for meg som eksempel på eit innarbeidd trongsyn, som vi må legge bak oss etterkvart.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida