Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2743
20170707
2743
20170707

KLIMA

I Bergens Tidende (BT) 23. juni seier klima og miljøminister Vidar Helgesen «Vi vet hva gjør» i ein kommentar til BTs Mathias Fischer, som meiner at EU-regulativet er vanskeleg å forstå. «I den nye klimameldingen legger regjeringen hovedvekten på nasjonale utslippsreduksjoner. Når vi setter et arbeidsmål for kutt i transportsektoren på 35–40 prosent, så snakker vi om utslippsreduksjoner i Norge», skriv Helgesen. Det store problemet er at han berre snakkar om utslepp frå framdrift av transportmiddel på norsk område og ikkje om utslepp frå bygging og vedlikehald av transportmiddel og transportveg som for tog er ei langt større utsleppskjelde. Dette er utslepp som i stor grad kjem i utlandet der ein produserer stål, maskinar og transportmidlar. Berre fly og skip har naturgjeven transportveg, men òg terminalar kostar og ureinar. Landegrenser er ikkje lurt i klimaarbeidet, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre på eit møte i Sogndal for nokre år sidan.

Lat oss bruke Intercitytoget til/ frå Oslo som døme. Med det som alt er bygd ut, vil berre køyrevegen på nesten 400 km koste 300 milliardar kroner målt i 2017-pris før han står ferdig i 2032, og prognosen seier berre 17 millionar personreiser per år, noko som tilsvarer ein prosent av personreisene på 1,7 milliardar internt og til/frå Oslo/Akershus i 2030. Samla personreiser på norske jernbaner var i 2016 70 millionar. I tillegg kjem veldige kostnader og utslepp av klimagass frå vedlikehald av køyreveg og bygging og vedlikehald av tog. Til samanlikning vil det koste 150 milliardar kroner å byggje ut vegnettet på Vestlandet i 60-årsperioden 1960–2020 målt i 2017 pris med 100 gonger så stor persontransport som Intercitytoget og i tillegg stor godstransport. Intercitytoget vert i NTP 2018–29 rekna som utsleppsfritt fordi toga går på vasskraft, og eit samla Storting tok difor toget med i klimaforliket i 2012 som eit positivt bidrag. Vestlandspolitikarane visste nok ikkje kva dei då var med på. No går statsmidlane til eit gigantisk falsk klimatiltak på Austlandet.

På pressekonferansen om tog i NTP 2018–29 på Oslo sentralbanestasjon 2. mars sa finansminisiter Siv Jensen at Intercitytoget var eit viktig bidrag for å nå målet for norske klimagassutslepp i 2030. Det var ein bløff sidan ho ikkje fortalde at over 90 prosent av utsleppa frå Intercitytoget var haldne utanom den totale rekneskapen, og at toget truleg ville få fem gonger så store utslepp per personkilometer som fly, og 50 gonger så store som elbuss på ledig kapasitet på 4-felts motorveg som heile tida vil gå parallelt med Intercitytoget. Lyntog på tynt trafikkgrunnlag og store Teslaer er eit dårleg norsk bidrag i den globale klimakampen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis