Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Kapitalismen har mista kraft

Kapitalismen fungerer ikkje så godt lenger. Kvifor er det slik? Har vi nådd grensene fysikken sett? Får vi for få born? Deler sentralbankane ut for mykje gratispengar? Få veit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hestar er vakre dyr, men dei er frykteleg lite effektive. I Noreg under andre verdskrigen kom hesten attende for fullt fordi det var rasjonering på bensin. Resultatet vart ein dramatisk nedgang i  produktiviteten.  Men bilen er no funnen opp, og sjølv om han vert sjølvkøyrande, vil ikkje det auke produktiviteten like mykje som det å gå frå hest til bil.

Scanpix

13622
20200228
13622
20200228

Lytt til artikkelen:

Kapitalisme

jon@dagogtid

Fyrst eit atterhald: Denne artikkelen kjem ikkje med ein konklusjon, heller ikkje med eit svar. Problema som vert skildra her, er det i og for seg mykje semje om. Løysingane er derimot i det blå. Det vi kan slå fast, er at den kapitalistiske verda er i uro, særleg urolege er landa som vart rike fyrst, dei i Vesten, som tradisjonelt er dei mest stabile regima i ei omskifteleg verd. Det held å seia brexit, Sverigedemokraterna (SD), Alternativ for Tyskland, (ADF), Salvini, Trump, Le Pen... Men ja, lista kan gjerast mykje lengre.

Forklaringane på kvifor den politiske ordenen er åt å gå i oppløysing, deler seg grovt sett i to leirar: den kulturelle og den økonomiske. Eller med Marx: i overbygnad eller basis. Ei tid hadde den økonomiske leiren leiinga i forklaringar. Representantane for den sa at folk røysta på Trump og brexit av di dei lægre mellomlaga og underklassa hadde tapt økonomisk på globaliseringa og difor vende seg mot innvandrarar, som dei gjorde til syndebukkar. Svaret på populismen var difor betre fordeling.

Men ei rekkje granskingar dei to–tre siste åra viser at denne forklaringa ikkje heilt held. Ei mengd veljarar med relativt gode inntekter røysta for brexit og Trump, og for den del på SD og ADF. Desse veljarane vil at ting skal vera som dei var, og er særskilt redde for islam og endra grannelag. Særleg tydeleg er den manglande økonomiske forklaringskrafta når vi ser på brexit. Svært mange av dei som røysta for, røysta for sjølv om dei var fullt ut klar over at brexit kunne føra til store økonomiske tap. Dei ville berre bort frå innvandring og manglande sjølvstyre.

Falsk dikotomi

Men slike dikotomiar og klare motsetningar er ofte falske. Det brexit-tilhengjarane klaga mykje over, ofte med rette, var at den store innvandringa etter at Aust-Europa kom med i EU, førte til lengre køar på sjukhusa, fleire elevar i overfylte offentlege skular og store vanskar i bustadmarknaden. Dei som var årsaka til dette, snakka ofte dårleg engelsk, med sterk aksent. Dei merkte seg ut som annleis. I tillegg kom desse nye på toppen av ei stor gruppe innvandrarar frå den tredje verda som òg verka framande og skulle ha helsetenester og skuleplassar til borna sine.

Når så denne innvandringa vart kombinert med store kutt i velferdsbudsjetta etter finanskrisa, oppstod blandinga som leidde til brexit. Dei kulturelt og språkleg framande vart døme på ein stat som ikkje lenger kunne levera tenester og bustader til britane sjølve. Med andre ord: den kulturelle komponenten er viktig, men han hadde neppe vore så viktig om statane hadde levert høgre velstand og betre tenester til dei som hadde minst. Men det greier korkje USA eller EU lenger.

Både og

Så det er ikkje til å koma forbi: Store grupper av dei mellomlaga som har bore velferdsstaten, vil enkelt og greitt ikkje lenger betale for gildet. Funna etter brexit er klare: Dei med gode inntekter som røysta for brexit, mislikte islam og austeuropearar på grunn av verdiar og kultur, men dei var òg særs misnøgde med å måtta finansiera tenester til desse gruppene. Desse veljarane bryr seg både om økonomi og om kultur.

Med desse atterhalda seier vi oss ferdige med kulturen og kan konsentrera oss om økonomien: Det er ikkje dei rike som har bore velferdsstaten, det er arbeidarklassa og særleg mellomlaga som har finansiert velferdsstaten, og det gjorde dei gjennom å gje frå seg ein stadig aukande del av den produktivitetsauken dei sjølve stod for. Noreg er eit like godt døme som noko anna vestleg land. Mellom 1945 og 1975 var den årlege produktivitetsauken hjå dei som arbeidde i såkalla marknadsretta næringar på fastlandet, i gjennomsnitt 5 prosent per arbeidstime. Og slik det var i Noreg, var det stort sett overalt elles i OECD.

Veksten gav regjeringar over heile Vesten høve til å auka skattane sterkt. Dei tok mykje av den velstandsveksten som produktiviteten gav. Folk aksepterte denne skatteauken av di dei likevel fekk halda på ein del av den auka velstanden. Dette var velferdsstatens gullalder. Folk fekk i tillegg mange born, som igjen gjorde at særleg alderspensjonane kunne gå opp. Stadig fleire unge gjekk ut i arbeidsmarknaden, og dei gjekk ut i ein arbeidsmarknad som vart stadig meir effektiv.

Dei dårlege 70-åra

I 1970-åra skjedde det ei endring. Fødselstala gjekk tydeleg ned, og reproduksjonsraten vart negativ i nesten heile Vesten. Samstundes kom høg inflasjonen og ei halvering av produktivitetsveksten. Noreg er igjen eit godt døme. Mellom 1975 og 2005 var den gjennomsnittlege produktivitetsveksten på 2,5 prosent per time i marknadsretta sektor. Den høge inflasjonen i starten av perioden gav rett nok staten høve til å auka skattane endå meir, både i Noreg og i Vesten elles. Men då inflasjonen kom ned, var kamuflasjen borte, både arbeidarklassa og mellomlaga såg at om staten skulle halda fram med å auka skattane, ville dei ikkje lenger få velstandsvekst. Dei sa nei til ein slik politikk. I byrjinga av 1980-åra stogga skatteveksten stort sett overalt i EU og i Nord-Amerika. Velferdsstatane kunne ikkje lenger ekspandera. Noreg var eit unnatak her, sidan vi hadde oljen.

Så kom finanskrisa. Etter den har produktivitetsveksten i Noreg vore på litt under 1 prosent i året (null om vi tek med nedgangen i oljeproduksjon). Noreg er igjen nokså lik Vesten elles. Rett nok har vi for fyrste gong i etterkrigstida hamna bakpå, vi har dei siste 12 åra lege på litt under 1 prosent per år, OECD elles har lege på litt over 1 prosent i gjennomsnitt.

Problemet

Her er vi framme ved problemet: Ein så liten produktivitetsauke i kombinasjon med ei eldrebylgje og det at mange personar med innvandrarbakgrunn ikkje kjem seg inn på arbeidsmarknaden, fører automatisk til at OECD-landa får ein stadig meir utarma offentleg sektor. Då veksten i produktiviteten låg på 2,5 prosent, kunne den demografiske fella kamuflerast gjennom gradvise kutt i velferda, det vi kan kalla den svenske løysinga, eller med auka låneopptak, som var den vanlege løysinga. Ja, tida etter 1980, har òg vore prega av lægre skattar på kapital i takt med globalisering og mobilitet, men auke i skatt på kapital er truleg ikkje nok til å berga velferdsstaten, sidan dei rike trass alt er så få samanlikna med mellomlaga. Dessutan er det kapitalen i privat sektor som driv produktiviteten.

Her burde det koma mange nyanseringar, men det vi kan slå fast, er at om kapitalismen hadde levert den tradisjonelle produktivitetsauken på 2–3 prosent, ville etter alt å døma det politiske feltet ha vore mykje meir stabilt. Og i takt med at eldrebylgja altså vert stadig meir omfemnande i kombinasjon med låg produktivitetsvekst, tyder så godt som alt på at misnøya vil verta mykje meir omfemnande.

Somme vil hevda at vi ikkje treng å gå gjennom store kutt, og at grunnen til at David Cameron tapte brexitvalet, var hans eigne kutt i den britiske velferdsstaten – han skulle heller ha auka lånegjelda endå meir, sidan renta var så låg. Cameron, seier særleg venstreorienterte, burde ha halde oppe velferdsytingane i kombinasjon med offentlege investeringar i infrastruktur, som ville ha betra den elendige produktivitetsveksten i britisk økonomi. Det er mogleg det er noko i desse påstandane, men Noreg har halde oppe velferdsstaten i kombinasjon med ein stor auke i offentlege investeringar. Vi har på ti år gått frå å nytta 0,8 prosent av nasjonalinntekta til veg- og jarnbaneinvesteringar til å nytta 1,8 prosent, men vi òg har hatt ei dårleg produktivitetsutvikling.

Flytting

Auka offentleg gjeld på grunn av låge renter fører dessutan ikkje til høgre generell velstand så lenge produktivitetsveksten ikkje kjem i gang; vi får i høgda berre flytting av verdiar. Den same mekanismen gjer seg gjeldande i privat sektor. At sentralbankane etter finanskrisa berga finansnæringa gjennom låge renter og storstilt trykking av pengar, var naudsynt der og då. Men den låge renta og pengetrykkinga har i åra etterpå ført til ein ekstrem auke i aksjeverdiane utan ein underliggjande produktivitetsvekst i gjennomsnittsverksemdene som er noterte på børsane. Den tradisjonelle modellen for verdifastsetjing av aksjar er basert på kor mykje ein trur ei verksemd kan veksa i framtida, og ei verksemd kan berre veksa gjennom å auka produktiviteten. Dei siste 15 åra er denne samanhengen delvis borte. Likevel har børsane sett rekord etter rekord.

Produktivitetsvekst er til sjuande og sist avhengig av to faktorar: betre arbeidarar og betre teknologi. Teknologi er ofte det vi kallar realkapital, den reiskapen vi nyttar til produksjonen. Den siste påviseleg gode produktivitetsveksten vi har fått gjennom realkapital, er digitaliseringa. Dotcom-bobla nådde høgdepunktet i år 2000, for så å sprekka nesten totalt. Massivt med kapital vart skubba inn i IT-teknologi. Det gjekk stort sett dårleg for verksemdene det vart investert i, men vi fekk nokre få år før krisa der vi såg ein synleg statistisk vekst i produktiviteten. Men det direkte resultatet at av bobla sprakk, var lågrentepolitikken.

Litt rente er fint

No er vi over i eit spekulativt hjørne, men det er truleg slik at ei realrente på 2–3 prosent gjer kapitalismen meir effektiv. Dei som vil låna pengar, veit at om dei skal forsvara realrenta, må dei få avkasting på den realkapitalen dei vil investera i. Dei må verta meir effektive. Dei som låner ut, veit også at dei må kvalitetssikra lånetakaren. Når det ikkje er realrente, eller realrenta er på minus, forsvinn denne effekten. Ja, når realrenta er på minus, treng ein ikkje eingong avkasting på realkapitalen.

I ein kommentar i Klassekampen førre månad skreiv samfunnsøkonomen Eric Nævdal at realkapitalproduktiviteten dei siste 25 åra har gått ned i alle land i OECD, sett vekk frå Finland, som så vidt har gått i pluss. Han har rett om vi skal tru statistikken. Noreg ligg litt under midten i feltet, men vi ligg ikkje langt etter til dømes USA og Storbritannia. I alle dei store økonomiane i OECD får ein mykje mindre produksjon ut av kvar eining med realkapital enn før. I Noreg ligg vi no på to tredjedelar av det vi låg på i 1995.

Sagt rett ut: Verksemdene i OECD har kjøpt ein haug med nye maskiner som leverer mindre produksjon enn dei gamle maskinene. Det kan vera mange grunnar til det. Den eine er at Vesten i ein freistnad på å konkurrera med billig arbeidskraft i Kina har overinvestert. Ein annan grunn kan vera at eigarane av produksjonskapitalen på basis av gamle tal har trutt at all denne nye teknologien som skal ha kome, har vore mykje betre enn han reelt sett var. Ein tredje faktor kan vera at realkapital i takt med globaliseringa har vorte så billig at kjøparane ikkje lenger er kostnadsmedvitne.

Kven set renta?

Nævdal legg skulda på lågrentepolitikken til sentralbankane. Når finanskapital er gratis eller til og med har minusrente, så sluttar dei som kjøper realkapital å bry seg, og vi får svekt kvalitet «på investeringer i realkapital», skriv han. Men det er langt frå sikkert at det er sentralbankane som ber skulda for lågrentepolitikken, i det minste ikkje all skulda. Når demografien er negativ, dei eldre sit på sparepengar som dei tilbyr marknaden, og Kina saman med Nord-Europa og oljelanda har spart stort gjennom handelsoverskot, har vi hamna ein stad der mykje kapital jagar færre investeringar. Få unge treng færre nye ting, dei eldre har alle dei tinga dei treng. I ein slik situasjon vert kapital billig.

Eller er kanskje forklaringa ei anna? Kan det vera slik at vi har funne opp det som finnast opp kan? Den rike delen av verda har truleg tilnærma full utnytting av elektrisitet, transportmiddel og teknologi generelt. Det er ikkje fleire fysiske barrierar å trengja gjennom. Vi trur ikkje det er slik, sidan vi høyrer om alle desse investeringane i kunstig intelligens, robotar og grøn energi. Ja, dette hjelper kan henda litt, produktivitetsveksten har ikkje stogga heilt opp, men ny teknologi er diverre ikkje like produktivitetsdrivande som ny teknologi før. Dessutan er ikkje ny teknologi alltid så ny som vi vil ha det til. Japans bilindustri tok i bruk robotar i 1960-åra, tyskarane hadde dronar på austfronten, ein fasttelefon er ikkje så mykje mindre effektiv enn ein mobiltelefon. I USA lurte ein lenge på kvifor fødselstala gjekk så mykje opp då bilen kom. Svaret var at det vart slutt med hestar til transport. Hestane trong ein fjerdedel av USAs landbruksareal til fôr. Folk fekk mykje meir mat. Slike gjennombrot kan vi ikkje få mange gonger.

Til slutt: Det finst ein skule som hevdar at vi har like høg produktivsvekst som før, men at dette ikkje vert fanga opp av statistikken. Både du og eg kjøper stadig billigare varer på Amazon, men det vert ikkje fanga opp i nasjonale produktivitetsstatistikkar, heller ikkje at Netflix og Facebook og andre store teknologiselskap som kryssar landegrensene med teknologi, har gjeve oss eit enklare og billigare liv. Denne skulen hevdar at verda er inne i ei deflasjonsperiode, og at realrentene dimed er der dei alltid har vore, i positivt lende. OECD og statistiske sentralbyrå og Finansdepartementet måler feil, ja, alle måler feil.

Men så langt har ikkje denne eventuelle feilmålinga gjeve britane eller svenskane eller amerikanarane noko som veljarane tidlegare tok for gjeve: stabile politiske system og gode offentlege tenester. Vi ser ut til å vera inne i eit nullsumspel. I eit slikt spel kan ikkje alle vera vinnarar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ikkje fleire fysiske barrierar å trengja gjennom.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis