Å fyre oppunder
Sibirkulda trugar, straumrekningane går i vêret og vedlagera minkar.
I den såkalla sibirkulda går medborgarane mine framleis rundt som då den fyrste snøen kom – i joggesko og med nakne okler.
Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix
Eg rundar eit hushjørne på veg frå jobb og får ein vegg av flygande rimfrost i andletet. Eg står og skakar eit par sekund før eg vert flau på vegner av sunnmøringen i meg. Eg skal jo vere dotterdotter av ein selskipper, og van med horisontale sluddbyer. Dette held ikkje; eg gryntar, lèt den fotside vinterkåpa flagre og går vidare. Nyhenda skrik om «sibirkulde», men i Sibir er det 20 minus. I Antarktis er det 40. Her er det skarve ni kuldegrader, og medborgarane mine vasar rundt med nakne okler og joggesko.
Men hoppet i straumprisane vert stadfesta av rekninga eg får tilsendt bilete av frå huskameraten på SMS. Heime er bygarden så gammal at han framleis har det som ein gong var fellestoalett på trappeavsatsane. På kjøkenet trekkjer eit skap, som viser seg å vere eit tidlegare spiskammer i eit hjørne opp under det høge taket, inn luft som eit ope vindauge. Huskameraten har dagen før sett liv og helse på spel, i berre sokkelesten på det vaklevorne kjøkenbordet, for å få stappa inn dekorputene mine som isolasjon. Romet er no berre passe kaldt. Og med straumrekninga friskt i minne, varmar eg opp fingrane på den godt attknytte vedsekken, stappar avispapir inn mellom vedkubbane i peisen og trykkjer ned lighterknappen.
Men kva er det som gjer at eg må ut med ein tusenlapp for å få dekt min halvdel av straumrekninga, tenkjer eg. Straumprisen er om lag dobla sidan 2016. Trekkjer det no puteisolerte skapet ut så mykje varme?
Hovudårsaka til auken i straumprisen er at det norske straumnettet er kopla til det europeiske, der prisen er høgare enn i Noreg. Ikkje berre det kalde vêret, meiner sjefsredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen. Norske kraftverk sel straumen der dei får best betalt, og jo høgare straumprisen er, jo meir tener staten på elektrisitet- og meirverdiavgifter. Når Noreg så får lagt straumkablar til Tyskland og Storbritannia, vert dagens straumpris sett på som billeg, skriv han i spalta «Nett på sak». Ikkje nok med det, finn eg ut medan eg legg på ein vedkubbe til, det er framleis endå litt dyrare å fyre med ved enn den noverande straumprisen, ifølgje fyringskalkulatoren på nettstaden smartepenger.no.
På toppen av vedstabelen har Noreg teke til å gå tome for brensel. I Trøndelag er det snart ikkje ein vedkubbe att å få kjøpt, melder NRK. Foreininga Norsk ved melder om at det minkar i heile landet. Dei tilrår å ha meir ved på lager til neste kuldeperiode. Eg gnir sot utover nasen, og tenkjer meg om; stig straumprisen endå meir, kan det verte lønsamt å fyre att. Men kan eg hamstre ved når der ikkje er ved å hamstre? Eg spring i boda og hentar opp nok eit par «isolasjonsputer».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er det skarve ni kuldegrader, og medborgarane mine vasar rundt med nakne okler og joggesko.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida