Å vere påskrudd
Kor mykje av ansvaret for elevane på nett skal lærarane eigentleg ta?
I dag ser dei fleste klasserom slik ut. Teknologien er ikkje lenger ein fritidssyssel, men ein sjølvsagd del av kvardagen.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix
Det er etter lunsjtid, første året på vidaregåande, og vi har engelsk. Læraren har ikkje kome inn enno, og eg sit med edderkoppkabalen på skjermen medan eg ventar. Klassekameraten ved sida av meg vippar stolen faretrugande langt til sida for å snakke til meg.
– Har du ikkje Facebook, Mone?
Den hese kviskringa hennar og dei opptrekte bryna vitnar om at dette heilt klart er ein skandale. Eg skakar på hovudet. Raskt blar ho opp rett nettside, trykkjer på «opprett profil» og ser forventningsfullt på meg.
Eg rettar ryggen og tek til å oppsummere meg sjølv for ei ny, virtuell verd: «Namn: Mone. Heimstad: Ytre Søre Sunnmøre»...
Men no er ikkje denne verda ny lenger. Ho er gammal nok til at lærarar sjølv kallar inn til og minner om møte, fellesaktivitetar og dugnadar gjennom nett og sosiale medium. Og store delar av fellesplattformene for elevar og lærarar ligg på nettprogramma itslearning og Fronter. Vi har til og med fått ein paragraf i opplæringslova som skal sikre at lærarane har eit visst ansvar for elevane også når det gjeld det som skjer på nettet utanfor skuletida.
For når Instagram og Snapchat har vorte like naturlege som å pusse tennene, er det kanskje naudsynt å vere føre var. I 2016 slo nemleg Norsk senter for informasjonssikring fast at ungdom er dårlegare enn resten av befolkninga på nettvett. Ifølgje forskning.no denne månaden vert sjølvtilliten svekt av berre å knipse ein sjølvis og dele han på sosiale medium. Og endå meir svekt om ingen deler biletet.
Problemet med lovparagrafen oppstod i det Fylkesmannen i Oslo og Akershus fekk 200 munnlege og skriftlege klager frå foreldre berre det første halvåret etter at han vart stadfesta. Halvåret før hadde det kome inn 54 klager. Dette melde NRK førre veke.
– Vil det seie at ein er lærar 24 timar i døgnet, spurde journalisten i saka.
For det er vanskeleg å vite kvar grensene går. I Noreg har foreldra hovudansvaret for å oppsede borna, skulen kjem seinare. Men når skulen sjølv aktivt nyttar nett og sosiale medium i undervisning og i kontakt med foreldra, skal dei ikkje ha litt av ansvaret for nettbruken til elevane? Då elevar vart krenkte gjennom appen Jodel på ein skule i Møre og Romsdal i 2015, tok skuleleiinga på seg ansvaret for å opplyse elevane. Deretter vart appen stengd.
For skulen er ein institusjon med meir makt enn den einskilde familien. Kunne éin forelder få stengt ein app på ein tettstad dersom ein anonym person grovt trakasserte dottera med fullt namn og klassesteg på Jodel?
Kanskje skulle ein tilsetje nettrådgjevar på skulane, når teknologien ikkje lenger er ein fritidssyssel, men ein sjølvsagd del av kvardagen. Så får lærar vere lærar og forelder vere forelder.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når Instagram og Snapchat er like naturlege som å pusse
tennene, er det kanskje naudsynt å vere føre var.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida