Børa til Støre
Måndag denne veka vart det kjent at fleire Ap-toppar ønskjer eit leiarskifte. Ifølgje den siste meiningsmålinga gjer Arbeidarpartiet det historisk dårleg med 16,5 prosent oppslutnad.
Det er krise i Arbeidarpartiet. Vil statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre måtte gå?
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Les også
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Les også
Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten
Når nokon har snakka saman
Samtalen
Hans Olav Lahlum er historikar, forfattar og SV-politikar
Aktuell: Har Jonas Gahr Støre framleis tillit i partiet?

sofie@dagogtid.no
Då Tonje Brenna vart spurd om ho ville ta over som partileiar dersom statsminister Jonas Gahr Støre skulle gå, svara ho at det ikkje var ei aktuell problemstilling. Jonas Gahr Støre vart partileiar i 2014, og ved stortingsvalet i 2021 fekk partiet 26,3 prosent av røystene. Torsdag presenterte VG ei undersøking som viser at kvar tredje Ap-representant i kommunane meiner Støre må trekke seg som partileiar.
Hans Olav Lahlum er historikar, forfattar og SV-politikar, og han har skrive fleire bøker om Arbeidarpartiet.
– Bør Jonas Gahr Støre gå av som statsminister?
– Det er det opp til Arbeidarpartiet å avgjere. Eg er ikkje i ein posisjon til å avgjere kven som bør vere partileiar og statsministerkandidat i Ap. Eg meiner dei som seier at ein ikkje kan avsette Støre fordi det var han som blei vald til statsminister i denne perioden, tek feil. Me har eit parlamentarisk system der det kan skje at ein byter statsminister undervegs i ein valperiode. Det er regjeringspartia og Stortinget som avgjer om han har den tilliten som trengst som statsminister. Dersom Arbeidarpartiet skulle kome fram til at han ikkje lenger har tillit, bør han gå av, men eg trur ikkje det skjer no.
– Kvifor ikkje?
– Fordi han openbert har stor støtte både blant veljarane i Ap og sentrale aktørar der. Begge nestleiarane har gått ut og sagt at dei ikkje vil stille mot han. Eg trur òg det er fordi dei eigentleg veit at det ikkje er statsministeren isolert som er problemet. Det er eit breiare problem med politikken, kva ein har gjort i regjeringssamarbeid med Senterpartiet (Sp), kva ein har klart å kommunisere, og så vidare.
Foto: Agnete Brun
«Det er ikkje openbert at ein har eit alternativ som vil fungere betre.»
Hans Olav Lahlum
– Dette liknar jo på tida før president Joe Biden måtte trekke seg som presidentkandidat?
– Det var helsemessige årsaker til at Biden ikkje lenger var ein god kandidat. Situasjonen er annleis enn den me har her. Støre er ved god helse og har stor arbeidskapasitet. Så dersom han må gå av, er det på grunn av politiske vurderingar i partiet, at han ikkje har gjort det godt nok i sin posisjon. At dei trur nokon andre enn Støre vil ha større autoritet.
– Tonje Brenna, kanskje?
– Ho blir løfta fram og vil vere eit generasjonsskifte. Og eit skifte til ein kvinneleg kandidat. Det kan spele inn. Men Brenna har vore ein del av det politiske prosjektet til Støre, med samarbeid med Sp og sete som statsråd der. Nokre gonger har me den situasjonen at valet står mellom den sittande leiaren og ein kandidat som står for noko heilt anna, som ønskjer ein meir venstrevridd eller høgrevridd politikk. Det er ikkje tilfelle no. Det er ikkje openbert at ein har eit alternativ som vil fungere betre.
– Kor alvorleg vurderer du at dette opprøret er?
– Det er alvorleg. I den grad Støre ikkje tidlegare har tatt på alvor at det er krise i partiet, må han gjere det no. Men det trur eg eigentleg han har vore klar over ei stund. Det ville jo vore rart om folk var ukritiske til ein partileiar når det går så dårleg med meiningsmålingane. Men så har Ap ein sterk tradisjon for å vise lojalitet til partileiaren offentleg. Så frå det perspektivet er det jo dramatisk at dette opprøret kjem.
– Vil det ikkje vere utfordrande for Støre å halde fram no når det er så mykje oppstyr rundt han?
– Det er tungt å stå på som leiar i ein motbakke når det viser seg at det er aukande skepsis i partiet. Uttrykket om sprikande staur som Per Borten brukte då han gjekk av som statsminister i 1971, passar godt inn her. Ei tung bør kan ein klare å bere dersom ho er bunden saman og er handterleg. Er ho ikkje det, blir det vanskeleg. Og eg trur det er slik Støre har det no. Men den som eventuelt skulle ta over etter han, vil òg ha ei tung bør og ein lang veg fram til valsiger. Me har jo òg diskusjonen om det i det heile teke var rett å gå i regjeringssamarbeid med Sp på dei premissane dei gjorde. Dersom me byter statsminister, skal dei då halde fram regjeringssamarbeidet med Sp? Vil ikkje det seie at dei er like langt?
– Mange i Ap ville jo ha med SV i regjeringssamarbeidet. Ville det fungert betre?
– Eg er SV-medlem. Og dette spørsmålet blir kontrafaktisk. Me kan ikkje vite kva som ville skjedd. Men i Ap, særleg på venstresida, finst det ein grunnleggande skepsis til om det å gå inn i mindretalsregjering saman med Sp var rett å gjere. Ein del av dei som meiner det, er typisk også folk som heile tida har vore kritisk innstilte til Støre. Men så er det også slik at Støre sjølv ønskte ei fleirtalsregjering med SV.
– Men er det at Støre ikkje fekk til eit samarbeid med SV, eit teikn på at han var ein for svak leiar?
– Senterpartiet hadde relativt stor støtte frå veljarane ved førre val, noko som tilsa at dei ville få sentrale posisjonar. SV fekk på same tid mindre oppslutnad enn ein hadde håpa på ut ifrå meiningsmålingane. Det er ikkje nokon quick fix for Ap. Det er ikkje slik at dersom Støre går, så sprett dei opp på meiningsmålingane. Det aller raraste er at nokon seier at Trond Giske skulle vere aktuell som ein framtidig leiar etter at han vann nominasjonsvalet i Trøndelag.
– Er det bra for Ap at Giske gjer comeback?
– Nei, det trur eg ikkje. Det har vel heller lagt meir stein til børa for Støre. Me kan jo spørje oss om det var tilfeldig at spørsmålet om Støre har tillit, kom like etter at Hadia Tajik vart vraka i Oslo og Trond Giske vann i Trøndelag.
– Bør ikkje Giske få ein ny sjanse?
– Mange i Ap vil nok seie at måten han blei nominert på, styrkte dei motførestillingane dei alt hadde. Altså biletet av han som ein sjølvsentrert maktpolitikar. Det vesentlege her er ikkje kva eg meiner, men at det er fleire enn tidlegare som vil sjå på han som uakseptabel som partileiar. Eitt er kor mange tilhengarar du har, noko anna er kor mange som er mot deg, og kor sterkt dei er mot deg.
– Det høyrest ikkje ut som du trur at han vil kunne samle partiet?
– Han vil vere superkontroversiell og ikkje kunne samle partiet, nei. At han vart nominert, er sjølvsagt ein framgang for han personleg, og han er karismatisk og har tilhengarar. Men altfor mange i partiet ser på han som heilt uakseptabel, og han trekker jo på åra, han òg. Det er viktig. Dersom Støre går av no, er det ikkje ein annan mann på femti eller seksti, då er det Tonje Brenna ein snakkar om. Det må bli eit generasjonsskifte, og helst ei kvinne etter tre tiår med mannlege partileiarar.
– Dersom Støre blir pressa til å gå no, kor spesielt er det i historia til Ap?
– Det er fleire tilfelle der statsministeren har måtta gå av, men då har det ofte vore eit spørsmål om helsa til leiaren. Den situasjonen som liknar mest, er frå 1981 og blir skildra i TV-serien Makta. Då var det eit aukande press mot dåverande statsminister Odvar Nordli og partileiar Reiulf Steen om at dei skulle trekke seg, og at Gro Harlem Brundtland skulle overta. Nordli enda opp med å trekke seg, og Brundtland blei vald til partileiar. Forskjellen er at Nordli ikkje er partileiar, og han hadde også helseproblem som i stor grad prega jobben som statsminister. Støre har som sagt god helse og arbeidskapasitet. Dessutan har det aldri skjedd at ein har bytt ut ein statsminister som også var partileiar. Slik sett står han i ein sterkare posisjon som landsmøtevald partileiar. Ønskjer andre at han skal gå av, må dei kome med ein seriøs motkandidat på landsmøtet i april.
– Kva oppfattar du har vore Støres prosjekt for Ap?
– Det vert ofte sagt at han har vore betre som statsminister enn som partileiar. Og det er noko av problemet her. Ja, me kan lett argumentere for at han har gjort ein god jobb som statsminister og handtert vanskelege saker, gått inn i store internasjonale spørsmål, men partiet har jo ikkje fått utteljing. Ap kan risikere å bli det tredje største partiet ved neste stortingsval. Dei har vore størst i Stortinget sidan 1920-talet. Det er klart at det som skjer no, er dramatisk.
– Me ser ein periode i Europa der styringspartia går tilbake i fleire land. Har du tankar om det i lys av krisa i Ap?
– Dei styrande partia tapar i Europa, og i USA. Det er vanskeleg å bli attvald. Det forklarar noko av grunnen til at dei ligg så lågt. Så eigentleg er det eit forsvar for Støre dersom problemet er at dei som sit med regjeringsmakta, gjennomgåande gjer det dårleg. Så spørst det om det hjelper å byte ut Støre no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE