Når nokon har snakka saman
Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre, seier kommentator Magnus Takvam.
Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten
Les også
Det er krise i Arbeidarpartiet. Vil statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre måtte gå?
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Børa til Støre
Les også
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Politikk
peranders@dagogtid.no
Storparten av dei mange oppslaga om den indre opposisjonen mot Jonas Gahr Støre er bygd på anonyme kjelder. Men det er ikkje noko særleg særmerkt med arbeidsmåtane til media i denne saka, meiner Magnus Takvam. Han var i mange år kommentator i NRK, og lagar no politiske analysar for nettavisa Altinget.no. I haust gav Takvam òg ut boka Tett på makta – en motvillig journalists memoarer, der han mellom anna reflekterer kritisk over arbeidsmåtane i politisk journalistikk.
– Vi veit at ganske mange i Arbeidarpartiet er svært kritiske til Støre og meiner at ein må gjere noko med partileiinga, seier Takvam.
– Dei journalistane som var på kartellkonferansen til LO i haust, merka seg dette. Dermed var ein normal nyhendeprosess sett i gang, der journalistane undersøkte saka vidare og snakka med folk i partiet.
Takvam trur saka kom i media tidlegare enn Støre-kritikarane i partiet hadde tenkt.
– Det kan vere litt tilfeldig når slikt som dette kjem ut. Her kom saka i TV 2 først, og dei andre media som jobba med dette, måtte hive seg på. Så langt ser dette ut som eit litt amatørmessig opprør som ikkje var forankra breitt nok i partiet. Men det er realitetar her. Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre.
Open kritikk
– Kva kan ein leiar gjere for å forsvare seg når anonyme partifellar seier i media at han bør gå av?
– Anonym kritikk er det ikkje mogleg å forsvare seg mot på ein ordentleg måte. Støre kan berre halde fast ved det han har sagt. Men om det hadde vore verkeleg massivt press internt i partiet, ville det vere umogleg å halde fram. Eg går ut frå at kritikarane såg for seg at Støre skulle trekke seg frivillig, seier Takvam.
– Som leiar er ein ganske hjelpelaus om ein ikkje veit kva eller kven ein kjempar mot?
– Ja, men det har òg kome open intern kritikk mot Støre og resten av partileiinga, mellom anna i gruppemøte i Stortinget. Han skal òg ha fått oppfordringar om å gå av frå fylkesleiarar. Dette kjem altså ikkje heilt ut av det blå. Arbeidarpartiet er i ein svært krevjande situasjon, og det er ikkje så rart at det blir misnøye og frustrasjon i partiet når meiningsmålingane er så dårlege som no.
– Det var umogleg å få til noko som journalist om ein ikkje ville bruke anonyme kjelder.
Magnus Takvam
Aksept
– Det som skjer no, er ikkje heilt ulikt tidlegare konfliktar i partiet. Både tilhengarar og motstandarar av Trond Giske brukte media anonymt. Thorbjørn Jagland hevda i si tid at partikameratar dreiv med «giftspreiing» i media for å erstatte han med Stoltenberg.
– Eg jobba sjølv med dei sakene for NRK, og det var umogleg å få til noko som journalist om ein ikkje ville bruke anonyme kjelder i arbeidet. Det er vanskeleg å seie noko generelt for eller imot slik kjeldebruk. Det er eit breitt akseptert verkemiddel i journalistikken. Men med anonyme kjelder er det ekstra viktig å vere profesjonell og dobbeltsjekke påstandar, slik ein alltid bør gjere, seier Takvam.
– I dette tilfellet er det mogleg at somme journalistar har kjøpt argumenta frå dei som kritiserer Støre, litt for enkelt. Kanskje har rørsla i Ap for å presse han til å trekke seg, blitt framstilt som større enn ho faktisk er. Det veit vi ikkje enno.
– Om anonyme kjelder klarer å skape eit inntrykk av at mistilliten er stor, og at ein leiar må gå, kan det bli sjølvbekreftande?
– Ja, men eg er usikker på korleis det går i dette tilfellet. Eg ser at somme slår fast at dette går over, og at Støre held fram. Men ingen kan vite kva utfallet blir enno.
«Partiet»
I haust kom det mykje hard kritikk mot måten to Dagbladet-journalistar brukte – eller lét seg bruke av – anonyme kjelder da dei laga boka Partiet om den indre striden i Arbeidarpartiet.
– Debatten om metodane bak den boka ser ikkje ut til å ha redusert bruken av anonyme kjelder?
– Eg vil ikkje alltid forsvare journaliststanden. Men kritikken av Partiet handla først og fremst om måten forfattarane brukte anonyme kjelder på. Dei nytta det også når dei skulle skrive om forhold som ikkje kvalifiserte til slik kjeldebruk.
– Det er mange dilemma i dette stoffet for ein journalist: Når politikarar i eit parti vil uttrykke mistillit til leiaren anonymt, har det nyheitsverdi. Samtidig blir ein sjølv ein politisk aktør – eller eit reiskap – når ein publiserer utsegnene. Korleis balanserer du dette?
– Ja, ein risikerer å bli del av ein maktkamp utan å vilje det. Og dekninga kan bli farga av kva kjelder ein har mest kontakt med i politikken. Men eg har ikkje betre svar enn at ein må vere svært nøye med å halde seg til Ver varsam-plakaten og reglane for kjeldekritikk når ein skal dekke ein personstrid.
Samspel
I boka Tett på makta skriv Takvam om korleis journalist og kjelder er avhengige av kvarandre. «Samspillet mellom medier og politikk er en maktkamp, men innebærer også en gjensidighet. Begge parter er tjent med å forstå hverandre best mulig.»
– Men den forståinga kan bli for sterk, og ein journalist kan bli for avhengig av visse politikarar eller fraksjonar i eit parti?
– Ja, absolutt. Den faren ligg både i den politiske journalistikken og i annan maktkritisk journalistikk. Det er ein fare for å bli brukt, men det må vi leve med. Om vi skulle lage risikofri journalistikk, ville oppdraget vårt bli umogleg.
– Når det er strid internt i eit parti, må ein som politisk journalist rapportere det. Elles gjer ein ikkje jobben sin. Og når personstrid er sjølve saka, er ein journalist på eit vis forplikta til å late seg bruke?
– Om ein er politisk journalist og får vite at det er utbreidd misnøye med leiinga i eit stort parti, har ein plikt til å undersøke det. Så spørst det når ein skal publisere det ein har funne. I dette tilfellet var det TV 2 som publiserte først, og dei andre media måtte følgje opp. Men denne saka var kanskje ikkje mogen. Og da kan sjølve dekninga bli den krafta som driv dynamikken vidare.
– Det har vore påfallande lite open debatt om leiarskapen til Støre.
Magnus Takvam
Politisk side
– I oppslaga om dei anonyme i Ap som vil at Støre skal trekke seg, er det lite eller ingenting om konkrete saker eller politikk. Det gjer kanskje kritikken mot han vondare og meir personleg?
– Det er òg ei kjerne av politisk kritikk her, sjølv om dette ikkje har blitt vinkla på i media. Det handlar om at Arbeidarpartiet gjennom dei siste sju-åtte åra har blitt fragmentert og utydeleg, og i dette er det ein kritikk av leiarskapen og strategivala til Støre. Mange meiner partileiinga har snudd kappa etter vinden. Når leiarane kjenner at dei har gått for langt i ei retning, snur dei heilt om. Arbeidarpartiet under Støre har ikkje hatt noko klart prosjekt som veljarane kjenner seg att i.
– Samtidig er det ikkje særleg respekt for demokratiske prinsipp i ein prosess som dette. Støre har blitt vald som leiar, likevel vil mange i partiet at han skal gå før tida.
– Ja, men eigentleg er det rart at det lenge har vore så taust, så dårleg som det har gått med Ap. Det har vore påfallande lite open debatt om leiarskapen til Støre. Partiet hadde ei evaluering etter lokalvalet i 2023 som ikkje var ærleg nok. Det verka som Ap hadde for lite sjølvtillit til å erkjenne kva som var feil, og ikkje var i stand til å handle. Dei har halde maska lenge, men så kjem misnøya ut i media no.
Undergraving
I Tett på makta skriv Takvam om si eiga uro for at «den brede offentlige samtalen om samfunn og politikk blir så svak at den risikerer å undergrave tilliten til politiske partier og demokratiet».
– Striden i Ap no gjev ikkje så mykje tru på verken partiet eller demokratiet?
– Tilnærminga mi i boka er truleg vel snusfornuftig og idealistisk, men eg etterlyser ei ærlegare politisk samtale enn den vi har. Den politiske debatten er prega av at politikarane spelar roller dei ikkje trur på. Når dei berre ramsar opp talepunkta sine, skjøner vi jo at dei dekker til problema. Vi risikerer at folk vender seg bort frå politikken i det heile.
– Men prosessen i Arbeidarpartiet no kan stadfeste biletet av politikk som eit reint maktspel, der ingen er interessert i å hjelpe folk flest?
– Vi risikerer det om debatten berre handlar om posisjonar. Men dette er meir subtilt enn som så. Støre er openbert kompetent nok. Eg trur ikkje han klamrar seg til makta for si eiga skuld, og det er ikkje slik at han ikkje ønsker å jobbe. Det er eigentleg utruleg at han har halde ut så lenge. Kanskje blir akkurat det det sterkaste kortet hans. Det er ein risiko ved å skifte ut leiaren så seint før valet, seier Magnus Takvam.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE