JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

6560
20241206
6560
20241206

Kommentar

Då Joe Biden ikkje klarte å snakke samanhengande i fjernsynsdebatten med Donald Trump den 27. juni, var det over. For alle som kunne sjå, vart det tydeleg at personen Joe Biden hadde vorte eit problem for Demokratane. Då dei skifta ut Biden med Harris, snudde først valvinden. Men så tapte Harris til slutt mot Trump likevel.

No viser dei anonyme Ap-kjeldene som vil fjerne Støre, til USA, Biden og Harris. Viss Brenna berre får litt betre tid på seg enn Harris fekk, kan visst valet reddast. På same måten som Biden hadde skuld i dei dårlege målingane, er det personen Støre som er grunnen til at det går så dårleg med Arbeidarpartiet.

Men sett utanfrå verkar denne logikken naiv. For det første er tiltrua til at Brenna vil komme til å mobilisere mange nye Ap-veljarar, altfor optimistisk. For det andre tar han ikkje inn over seg dei underliggjande grunnane til at veljarane overalt straffar dei som styrer.

Ei anna tid

Sosialdemokrati i en skjebnetid (2019) er den beste boka eg har lese om fallande oppslutnad og det som faktisk var ein kollaps for fleire av dei sosialdemokratiske partia i Europa. Forfattaren Halvor Finess Tretvoll reiste rundt og snakka med partifolk både høgt og lågt i partiorganisasjonane i land som Tyskland, England, Frankrike og Spania. Likevel, då eg las boka, var det trass i gode analysar frå dei enkelte landa vanskeleg å skimte nokon mirakelkur for sosialdemokratiet.

«Sosialdemokratiets lykkelige øyeblikk», som historikaren Francis Sejersted kalla det, var i etterkrigstida, då statsstyring, velferdsstatsutbygging og omfordeling gjorde at politikarane utfylte sin del av samfunnskontrakten – å gje innbyggjarane trygge rammer for livet deira. Hovudgrunnen til at sosialdemokratiet har gått tilbake sidan då, er at arbeidarklassen har skrumpa inn, og vidare at det nesten er slutt på å røyste ut frå klassetilhøyrsle. Dette gjeld ikkje berre i Noreg, men generelt i vår kulturkrins.

I den klassiske valforskinga vart partioppslutning forklart ut frå konfliktlinjer i samfunnet, og klassekonflikten var lenge dominerande. Statsvitarane Stine Hesstvedt og Peter Egge Langsæther har nyleg vist korleis både grunnlaget for og medvitet om klassetilhøyrsle framleis er ganske sterkt i Noreg. På same tid er det ein sterk nedgang når det gjeld å røyste på venstreparti ut frå arbeidarklassetilhøyrsla. I langt større grad enn før lèt folk i arbeidarklassen vere å røyste.

LO-medlemmer røystar no i stigande grad likt med befolkninga samla, og stundom er Frp det største partiet.

Sviktar overalt

I kjølvatnet av Russlands aggresjonskrig kom det eit globalt økonomisk tilbakeslag. Om vi samanliknar sosialdemokratiske parti i regjering dei siste tre åra, er utviklinga svært lik. Etter det økonomiske tilbakeslaget har dei tyske sosialdemokratane mista 10 prosentpoeng oppslutnad, danske sosialdemokratar 7 prosentpoeng og Støres parti 5 prosentpoeng. I Sverige, der sosialdemokratane er i opposisjon, går dei klårt fram.

Å sjå Ap-krisa i dette lyset betyr ikkje at Støre og regjeringa nødvendigvis gjer ein god jobb. Men ideen om at ting vert annleis om berre Støre trekkjer seg, er for overflatisk.

Giske og Eggum

Trond Giske og Jørn Eggum (leiar i Fellesforbundet og sentralstyremedlem i Ap) er blant dei som stadig kan kritisere politikken til si eiga regjering. Samstundes målber dei ein politisk kritikk som er viktig i store veljargrupper til Arbeidarpartiet. Dei representerer ein venstrepopulisme som tidvis utfordrar politikken til ansvarlege styringsparti, som må basere seg på innhenta ekspertkunnskap. Dette skaper eit spenningsforhold som kan vere konstruktivt for Arbeidarpartiet, men som også kan vere øydeleggjande.

Giskes stortingsplass og politiske oppstode i rikspolitikken kan difor bety evig intern uro. Alternativt kan det også føre til at Giske held kritiske veljargrupper innanfor partiet.

Støre eller Brenna

Spørsmålet står likevel att om eit snarleg skifte trass alt kan vere lurt. Det meir edruelege resonnementet går ut på at ved å leggje opp til eit skifte no, vert det statsminister- og hovudrolletrening i valkampen for den neste leiaren.

Mest aktuell til å ta over er Tonje Brenna. Ho vil foryngje partiet, men ikkje fornye det. Ho har solid erfaring i partiorganisasjonen, men ho har ikkje vore stortingsrepresentant og manglar utanrikspolitisk erfaring.

Då Jonas Gahr Støre vart statsminister, var han keitete og ukomfortabel i møte med til dømes oljearbeidarar rundt lunsjbord i Nordsjøen. Men han verkar alltid godt budd og vennleg, og han har over tid opparbeidd seg erfaring i partiorganisasjonen òg. Paradokset er at trass i motviljen mot Støre stolar også mange på kvalitetane hans. Eg har til gode å høyre nokon seie om Støre at han manglar integritet eller er feil mann i den krevjande internasjonale situasjonen vi står i.

Organisasjonen til Arbeidarpartiet er framleis sterk. Men etter å ha snakka med kjelder i partiet får eg inntrykk av at noko har skjedd når det gjeld lojaliteten. Viljen til å vere mørk bakromsspelar og anonym kjelde har auka kraftig, og det forgiftar delar av kulturen.

Maktkamp er ikkje noko nytt, korkje i Arbeidarpartiet eller i andre parti, og eg går ut frå at alle i Arbeidarpartiet ser for seg eit leiarskifte snart, inkludert 64-åringen Støre. Men Arbeidarpartiet har mest å tene på at skiftet skjer i ordna former, anten det skjer før eller ei tid etter valet.

Når media vert aktør

Medieforskinga har vist korleis media over tid har gått frå å vere kanal og arena til å bli ein sjølvstendig aktør og iscenesetjar. Fordi dagens medierøyndom har eit så ekstremt høgt tempo, vert denne tendensen forsterka. I konkurransen om å vere først ute får anonyme kjelder ofte stor boltreplass.

For å forstå maktdramaet i Arbeidarpartiet må vi vite meir om bakspelarane. Dersom dette er folk som tradisjonelt har vore pålitelege støttespelarar, betyr det noko anna enn om drivkreftene primært er misnøgde avgåtte statsrådar og taparar i nominasjonskampane. Delar av media har knytt seg så tett til anonyme kjelder at ein ikkje kan stille slike kritiske spørsmål. Dette er sterkt problematisk.

Dersom til dømes nokre av kjeldene etterpå seier: «Eg har ikkje vore aktivt med på ein kampanje» og journalisten veit det er feil, vil den teiande journalisten i praksis halde oppe løgner. Om du dansar med feiaren, vert du sjølv fort svart av sot, som Olav Duun peika på.

Svein Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis