Dei deprimerte jentene
Utskriving av antidepressiv til jenter i tenåra har auka med 80 prosent på sju år.
Denne grafen frå Folkehelseinstituttet viser talet på jenter per tusen som har fått slike legemiddel kvart år. Over to prosent av jentene i alderen 15 til 17 år får no antidepressiv.
Det er blant jenter i tenåra bruken av antidepressiv har auka klart mest i Noreg dei siste åra. I 2010 fekk 3037 jenter i alderen 15 til 19 år antidepressiv på resept, syner tal frå Reseptregisteret. I 2017 var talet 4741. Det er ein auke på 56 prosent på sju år. I tillegg går denne gruppa i snitt lenger på slike medisinar enn før, for bruken i døgndosar auka med 80 prosent i same tidsrom. For gutar i same alder er det ikkje ein tilsvarande auke.
Denne utviklinga har fått mykje merksemd dei siste åra, og det har kome mange forsøk på forklaringar, til dømes karakterpress i skulen, aukande kroppspress eller stresset som sosiale medium representerer. Somme har peika på at auken av depresjon blant unge fell saman i tid med gjennombrotet for smarttelefonane, i Noreg som i USA, og hevdar at den konstante samanlikninga med andre gjennom dei sosiale media kan vere ei årsak til depresjon.
Men uavhengig av forklaringa er det grunn til å vere kritisk til utskrivinga av antidepressiv til ungdom, meiner mange fagfolk. Desse legemidla er testa ut på vaksne menneske, ikkje på barn eller unge. Hjernen til ungdom er i rask utvikling, og det er avgrensa kunnskap om dei moglege langsiktige verknadene av slik medisinering. Fleire studiar tyder dessutan på at bruk av antidepressiv kan auke faren for sjølvmordstankar hos barn og unge. Og vinstane av slik behandling er enda meir uvisse for dei unge enn for dei vaksne. «Barn og ungdom har usikker effekt av antidepressiva», heiter det i Legemiddelhandboka.
«Leger må erkjenne at effekten av disse pillene ikke er overbevisende», sa fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket til VG i 2016. «Flere unge som ikke har behov for det, og som kunne kommet seg ut av en depresjon på andre måter, blir satt på antidepressiver», meinte Madsen. Likevel går altså forbruket blant tenåringsjenter rett til vêrs.
Fleire er plaga
Statistikken tyder ikkje på at legane har blitt meir slepphendte med å skrive ut antidepressiv til ungdom, meiner Ingeborg Hartz, som er forskar ved Sykehuset Innlandet og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Ho har forska på bruken av antidepressiv blant barn og ungdom.
– Om lag ni av ti ungdomar som blir sette på antidepressiv, har vore i kontakt med spesialhelsetenesta. Dette er ungdom med store plager. Kring ein fjerdedel av ungdomane som er registrerte med behandlingstrengande depresjon, får utskrive antidepressiv, og den prosentdelen er ikkje endra, seier Hartz.
– Men fleire unge enn før får diagnosen depresjon, og prosentdelen med alvorleg depresjon aukar. Så kan vi lure på kva grunnen er. Det kan vere fleire enn før som er sjuke. Det er òg mykje merksemd på psykisk helse blant ungdom, det kan gjere at fleire går til fastlegen med problema sine. Vi veit at fleire unge jenter enn før oppsøkjer primærhelsetenesta av ulike årsaker.
– Men om det er kulturelle årsaker til at fleire unge jenter blir deprimerte – kan ein løyse dette med medikament som påverkar kjemien i hjernen?
– Det er eit godt spørsmål. Forskinga tyder på at desse midla berre har marginalt betre effekt enn placebo. Samtidig er det eitt behandlingsalternativ for ungdom som kan ha svært store plager. Målet med medisinbruken er mellom anna å setje pasientane i stand til å ta imot anna behandling, men effekten kan vere svært varierande, og ein må følgje opp nøye, seier Hartz.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida