Dei som varmar verda
Norsk oljepolitikk spelar lita rolle. Framtida til klimaet blir avgjord andre stader på kloten.
Kinesiske arbeidarar strevar med å mata stadig fleire kolkraftverk.
Foto: Andy Wong / AP / NTB scanpix
Klima
jon@dagogtid.no
I det dette vert skrive, tikkar det inn ei melding frå It’s learning, som mange norske skular nyttar når dei sender ut meldingar, ikkje på engelsk, men på norsk, til føresette. Meldinga denne gongen fortel at elevane i Asker kommune har planlagt streik den 22. mars. Det er i og for seg ikkje noko nytt, skuleelevar over heile Skandinavia har streika fleire fredagar på rad. Streiken er ikkje mot ein hard skulekvardag eller for betre stipend, streiken er mot klimaendringar, dei menneskeskapte, og streiken vert gjennomførd av ei gruppe som kanskje noko paradoksalt høyrer til den grupperinga i verdssoga som reiser på flest utanlandsreiser med fly.
I denne streiken har borna våre stor støtte. Førre veke skreiv til dømes 25 kulturpersonar og akademikarar eit større opprop mot klimaendringar i Aftenposten: «Vi nekter å la fremtidige generasjoner arve en døende planet fordi vi unnlot å handle nå.» Mellom dei som skreiv, var Karl Ove Knausgård, Ingvar Ambjørnsen, men òg nokre professorar. «I dag streiker skoleelever (…) De ber de voksne ta ansvar. Vi kan ikke la dem kjempe alene.» Desse 25 hevda at politikarane hadde sagt opp samfunnskontrakten. «Det er ikke bare vår rett, men vår plikt å gjøre opprør.» Korleis dette opprøret skulle manifestere seg, vart ikkje skildra utover at Noreg måtte halda opp med olje- og gassproduksjon.
Vi er så få her til lands
Så kor stor del av verdas klimautslepp frå fossile kjelder står Noreg for? Den oversikta har BP, som kvart år gjev ut statistikk over verdas energibruk og utslepp. Noreg står for 1,1 promille, ein tusendel av verdas utslepp frå fossile kjelder. Delen er raskt fallande, Noreg, saman med heile OECD, utgjer ein stadig minkande del, både relativt og absolutt av verdas globale utslepp. Om Noreg hadde fått høve til å taka med skog i klimarekneskapen slik landa rundt ekvator og til dømes Kina får gjera, ville utsleppa våre vorte halverte og kome ned mot ein halv promille. Vi er for få her til lands til å visa att.
Men både borna og dei 25 viser til at Noreg eksporterer olje og gass. Ja, dei 25 skriv at Noreg er verdas sjuande største eksportør av CO2-utslepp. Dei forklarer ikkje korleis dei har kome fram til dette, men påstanden må basera seg på eit reknestykke som ikkje tek med eksport av produkt laga ved hjelp av kol eller andre innanlands utslepp som vert nytta til å laga eksportvarer.
Kina med sine snart 1,4 milliardar innbyggjarar går anten i år eller dei komande to åra forbi Noreg i utslepp per innbyggjar. Mykje av grunnen til at Kina har så høge utslepp, er eksport. Kommunistpartiet ynskjer store eksportoverskot, som igjen fører til høgt forbruk av fossile kjelder heime. Denne artikkelen vert til dømes skriven på ein PC som er laga i Kina, etter det meste å døma på ein fabrikk som vert driven av kolkraft. Kina har forplikta seg til å gjennomføra Parisavtalen. Det er kan henda naturleg sidan avtalen knapt har nye krav til Kina. Men likevel er det per dags dato ikkje mykje som tyder på Kina vil halda seg til avtalen i røynda.
Slutt med subsidiar
Kommunistpartiet har til dømes no vedteke at dei vil fasa ut subsidiar til fornyeleg energi, og gjeve ordre om at berre prosjekt som produserer like billig kraft som kol, skal få utbyggingsløyve. Noreg produserer om lag 140 TWh per år i elektrisitet. I andre kvartal i 2018 auka Kina produksjon av kraft med om lag 230 TWh. Nesten 180 av dei kom frå kolkraftverk. No skal det seiast at nesten halvparten av dei kinesiske kolkraftverka gjekk med tap, sidan regjeringa har redusert noko av subsidiane dei gjev til kolgruvene. Kina har i staden auka importen av kol frå land med lægre løningar enn Kina.
Men biletet er ikkje heilt svart. Fornyeleg energi har byrja å spela ei viss rolle globalt. I 2017 kom 27 prosent av verdas auka energiforbruk frå fornyeleg energi. Rett nok stod olje og gass for 58 prosent av auken, men kol for «berre» 10 prosent. 54 prosent av verdas samla energibruk kom i 2017 frå olje og gass. Og den delen er raskt stigande. 27 prosent kom frå kol, som framleis stig mykje absolutt, men er fallande relativt. Kol er den energiforma som suverent produserer mest CO2. Vind og sol står diverre for under 2 prosent av den samla energiproduksjonen, men er altså på ei kraftig stigande kurve, frå eit rett nok lågt nivå.
Kol litt på veg ut
Om vi avgrensar oss til elektrisitet, er det òg visse positive tendensar. 38 prosent av produksjonen kjem frå kol, 23 prosent frå gass. Men gass stig no raskt, særleg i USA, men òg i Europa. Her speler Noreg faktisk ei viss rolle. Vi produserer 2 prosent av oljen i verda, ein del som har vore raskt fallande og er nesten halvert dei siste femten åra. Med gass er det omvendt. Den norske produksjonen av gass er meir enn dobla i same periode, og vi produserer 3 prosent av verdas naturgass, som nesten berre går til eksport.
Om vi seier at alternativet til gass i kraftproduksjonen er kol, gjev norsk gass i Europa ein CO2-reduksjon på 300 millionar tonn, seks gonger Noregs samla CO2-utslepp. I 2016 auka Storbritannia gassbruken med 18 prosent samstundes som CO2-utsleppa for fyrste gong sidan 1890 kom under 400 millionar tonn. Reduksjonen frå året før var på 25 millionar tonn, om lag halvparten av dei samla norske utsleppa, og heile reduksjonen kom på grunn av auka bruk av gass, som i hovudsak kom frå Noreg og erstatta det mykje meir CO2-intensive kolet.
Gass frå USA
Men Noreg speler ei lita rolle i Europa, og rolla vert stadig mindre viktig. Fram til no har det i hovudsak ikkje vore mogleg å erstatta norsk gass i EU med anna enn kol, men no ser det ut til at Tyskland og Russland byggjer ein ny stor røyrleidning mellom landa. I tillegg er USA i ferd med på ny å verta den førande olje- og gassnasjonen i verda. Der borte produserer dei stadig meir flytande naturgass (LNG) som kan eksporterast, og det kan den stadig auka oljeproduksjonen òg. I ein ny rapport frå norske Rystad Energy vert det faktisk spådd at USA vil gå forbi Saudi-Arabia i samla olje- og gasseksport før året er omme.
«Det store biletet har endra seg. Ein stadig meir profitabel skiferproduksjon og ein auka global appetitt på lettolje og gass vil føra til at USA vil dominera den globale oljeproduksjonen dei komande åra.» Ja, så sterk er etterspurnaden og veksten i amerikansk olje og gass at Rystad reknar med at det store amerikanske underskotet på handelsbalansen vert snudd til eit stort overskot. Det igjen vil dei neste tjue åra kunne føra til at USAs utanlandsgjeld vert borte. «Tankindustrien vil gå gjennom taket, og det store overskotet av fossilt brennstoff vil finna ivrige kjøparar i det snøgtveksande Asia», skriv Rystad. Dei siste ti åra har amerikansk petroleumsproduksjon dobla seg, og veksten vil truleg gå endå snøggare dei neste fem åra.
Tala er verkeleg høge. Saudi-Arabia eksporterer om lag ni millionar fat olje og oljeekvivalentar per dag, USA åtte. I fjor auka den amerikanske produksjonen med to millionar fat per dag, og i år vil han auka med éin million fat til. Dette vil i sin tur føra til, lyt vi vona, at den globale etterspurnaden etter kol går litt ned.
Men det er diverre lite eller ingenting som tyder på nokon nedgang i global bruk av fossilt brennstoff dei komande 20–30 åra. Det beste vi realistisk kan vona på, er at bruken av kol stabiliserer seg og fell i høve til gass. USA har dei siste ti åra vore den store drivaren i nedgangen av CO2-utslepp i OECD. Dette har i all hovudsak skjedd på grunn av den sterke auken i bruken av gass, som har erstatta kol. Vi kan òg gjera oss ei viss von om at den største veksten i kinesiske utslepp er over, og at vind og sol held fram med å auka frå dei noverande særs låge nivåa. Det internasjonale energibyrået IEA trur i ein litt optimistisk analyse at vind og sol vil utgjera 20 prosent av verdas energibruk i 2050, noko som vil vera meir enn ei tidobling frå dagens nivå.
Noreg og verda
I dag kjem altså vel halvparten av verdas energibruk frå olje og gass. Denne delen er, som vi ser, sterkt aukande, og Noreg står for ca. 2 prosent av produksjonen, som nesten berre går til eksport. Men den norske delen går ned og kjem nok til å gå vidare ned. Men vi aukar sterkt produksjonen av rein energi. Vi er i gang med å byggja ut 30 TWh med vind og kan auka produksjonen i dagens magasin med kanskje så mykje som 40 TWh via nye røyrgater og andre oppgraderingar. Men diverre monar ikkje dette så mykje om vi ser på det store biletet. Etter ei slik utbygging vil samla norsk kraftproduksjon utgjera om lag auken Kina hadde i sin produksjon av kraft i andre kvartal i fjor.
Men Kina nærmar seg altså sakte, men sikkert ein topp i energibruk. Den arbeidsføre folkesetnaden har byrja å gå ned, og truleg vil det meste av den framtidige veksten i økonomien koma i tenesteproduksjon, som ikkje er så CO2-intensiv som vareproduksjon. Den store utfordringa er India og Afrika. Kina har femdobla utsleppa per person sidan 1990 og er i ferd med å passera Noreg. India ligg i dag der Kina låg i 1990. Afrika ligg langt etter India igjen. Dei store, nye fabrikkane som reiser seg overalt i India, har luftavkjøling som vert driven av kraft frå kolkraftverk. Også delar av Afrika, særleg gjennom kinesiske investeringar, ser no ut til å få eit økonomisk oppsving. Atomenergi er neppe eit alternativ i Afrika, sidan det krev mykje kapital å byggja slikt. Verda generelt byggjer òg lite ny atomkraft. Sidan Tsjernobyl har det nesten ikkje kome nye reaktorar. Ikkje eingong diktaturet Kina byggjer særleg med atomkraft og får under 4 prosent av krafta si frå reaktorar.
Streikeviljen til norske skuleelevar er forståeleg, men diverre er det lite som tyder på at han fører til noka endring.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kina har femdobla utsleppa per person sidan 1990 og er i ferd med å passera Noreg.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida