JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Kontakt med amerikanske og engelske militære kunne få alvorlege følgjer for islandske jenter.

Foto: Reykjavik Museum of Photography / Karl Christian Nielsen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7801
20240503
7801
20240503

Historie

ottar@dagogtid.no

Bára Baldursdóttir er islandsk historikar. I mange år har ho vore interessert i forholdet mellom islandske kvinner og amerikanske og engelske militære under den andre verdskrigen. Ho har skrive artiklar om temaet, og i fjor gav ho ut boka Kynlegt stríd med undertittelen Ástandid í nyju ljósi, som på norsk vert Seksuell strid. Motstanden i nytt lys.

Før den andre verdskrigen satsa Island på å vera nøytralt, men det tok ikkje engelskmennene omsyn til. Den 10. mai 1940, ein månad etter den tyske invasjonen av Noreg og Danmark, invaderte britane Island. Dette skjedde same dagen som Tyskland gjekk til åtak på Frankrike og Benelux-landa. Islands regjering protesterte sterkt mot invasjonen, men gjorde det klart at britane skulle behandlast som gjester. Sjølv om islendingane mislikte at landet vart drege inn i krigen, pusta mange letta ut over at det var britar – og ikkje tyskarar – som invaderte landet.

For å letta på byrda for britane tok amerikanarane over forsvaret av Island.

Den 7. juli 1941 kom dei første amerikanske styrkane til landet. Dei var betre finansierte og utstyrte enn britane. Krigsåra førte til kraftig økonomisk vekst på Island, og landet gjekk frå å vera eit av dei fattigaste i Europa til å verta eit av dei rikaste. Krigen vart til og med omtalt som «den velsigna krigen».

– Det var nok med eit kafébesøk, eller at nokon hadde sett jenta i ein bil med amerikanarar eller engelskmenn.

Bára Baldursdóttir, historikar

Talet på utanlandske soldatar på Island varierer frå den eine kjelda til den andre, men Baldursdóttir skriv at det var 50.000 amerikanarar på Island i 1943. Ho minner om at det på den tida budde berre 120.000 islendingar i landet, flest i sørvest, og at dei utanlandske soldatane sette sterkt preg på Island i krigsåra.

Harde forhøyr

I 1942 fanst det ein ungdomsdomstol som behandla og straffa jenter som hadde omgang med militære, og det kunne enda med at dei vart sende til bondegardar langt unna militære mannskap. Den verste staden dei kunne koma til, var Kleppjárnsreykjum i Borgarfjör¿ur, ikkje så langt frå Reykholt, der Snorre ein gong heldt til. Baldursdóttir omtalar staden som eit slags ungdomsfengsel. Alt i alt var 14 jenter plasserte på denne staden, for det meste for promiskuitet, og der skulle dei læra å verta betre menneske. Ungdomsdomstolen fungerte frå april 1942 til oktober 1943. Somme stader varte interneringa i nærare eit og eit halvt år, men i Borgarfjör¿ur berre i ti månader, ettersom huset skulle utbetrast.

– Var kvinnene prostituerte?

– Nei, det var unge jenter under 18 år. Den yngste var berre 13. Dei hadde gjort noko som var uheldig for dei – ikkje for andre, men dei vart behandla som kriminelle. Dei freista å flykta frå staden, men vart lukka inne på rom utan dagslys. Ei jente vart stengd inne i to dagar.

– Har du møtt nokre av desse kvinnene?

– Nei, sannsynlegvis er dei ikkje i live lenger.

Vart sjokkert

I mange år var det stilt om dei islandske jentene som hadde kontakt med dei militære. Det var eit tabutema, men kring år 2000 vart Baldursdóttir kjend med politirapportar og avhøyr frå den islandske ungdomsretten, og dei fortalde at jenter kunne oppleva fleire timar med harde avhøyr.

– Eg trudde eg visste ein god del om krigen på Island og «ástandid?» – eller «the Situation» – som forholdet mellom dei militære og dei islandske kvinnene vart kalla, men eg vart sjokkert då eg byrja lesa rapportane frå avhøyra. Eg såg namna på kvinner som hadde vorte utsette for avhøyr, og eg ønskte å koma i kontakt med dei, men det var forbode. Eg kunne ha prøvd med annonse i avisa og bedd dei ta kontakt med meg, men gjorde ikkje det. Eg trudde ikkje at eg kom vidare, og då eg flytta til Brussel, la eg det bort saka i nokre år. Men i 2011 vart historiske arkiv opna, og det vart skrive fleire artiklar om temaet.

Arkivmaterialet inneheldt namn på over 800 islandske jenter og kvinner som hadde hatt ein relasjon til engelske eller amerikanske militære. Alderen varierte mykje, frå 12 til 60–70 år. Slett ikkje alle visste at namnet deira hamna i arkivet til politiet.

– Det var nok med eit kafébesøk, eller at nokon hadde sett jenta i ein bil med amerikanarar eller engelskmenn. Eller at dei hadde vore på dans med militære, eller at dei var forlova, eller at dei hadde rykte for promiskuitet. Det var fleire informantar, og somme var politimenn, men namna deira er ikkje nemnde. Nokre kvinner er nemnde to eller tre gonger, og det kunne vera over ein månad mellom kvar gong. Men det var folk som følgde med på kva dei gjorde, og kontakten med utlendingane vart registrert, fortel Baldursdóttir.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: Illustrasjonsfoto frå boka/ National Archives, Maryland

Men slett ikkje alle kunne gå inn og undersøkja dette arkivmaterialet. Berre akademikarar, hovudsakleg historikarar, fekk tilgang.

– Kva skjedde med jentene etter krigen?

– Ingen har undersøkt det, men det fanst dagbok på Kleppjárnsreykjum, og mellom linene kunne eg lesa at jentene var svært redde. Dei vart stigmatiserte, og etterpå fekk dei vanskar med å finna seg arbeid. Alle visste at dei hadde vore internerte, og livet deira var øydelagt.

– Men kvifor valde styresmaktene å gå så hardt ut mot kvinner som hadde kontakt med dei militære?

– Dei var svært uroa for kontakten mellom kvinnene og dei militære. Oppelda av nasjonalisme trudde mange islendingar at desse forholda kunne truga moralen og kulturen i samfunnet. Så tidleg som i juni 1940 var det sivilt politi i gatene, og dei blanda seg inn og køyrde jenter heim. Dei militære var irriterte over dette, og både dei og den britiske ambassadøren klaga.

– Orsaka styresmaktene det som hadde hendt, etter krigen?

– Nei, aldri. Men i 2016 kom det forslag i Alltinget om at statsministeren skulle gå inn i saka, og det har vorte teke opp att, men det har ikkje hendt noko. Det har også kome forslag om at det som skjedde på Kleppjárnsreykjum, burde undersøkjast, men det er ikkje gjort.

På vegner av den norske regjeringa bad statsminister Erna Solberg i 2018 dei såkalla «tyskartøsene» om orsaking for måten norske styresmakter behandla dei på etter krigen.

– Det har vorte hevda at me burde gjera det same på Island, men det har ikkje skjedd, seier Baldursdóttir.

Men det høyrer også med at det vart kring 300 bryllaup mellom islandske kvinner og utanlandske militære, og det vart fødd meir enn 200 born i slike forhold.

– Var det greitt?

– Nokre gonger ja, andre gonger ikkje. Det kunne vera vanskeleg. Dei fekk eit rykte, og somme kvinner opplevde at folk slutta å snakka med dei, og det kunne ta fleire år før forholdet vart normalisert. Dei kunne òg få problem med å finna seg arbeid og ein stad å bu. Også barn av slike ekteskap måtte ofte lida. Kanskje var dei militære stasjonerte berre ei kort tid på Island. Etter krigen fann fleire av dei islandske jentene ut at den soldaten eller offiseren dei hadde møtt, var gift heime i USA. Dei utanlandske styrkane førte til mange traume for islandske familiar.

I 1943 var det 50.000 amerikanske offiserar og soldatar på Island, og dei islandske jentene var ettertrakta.

Foto: National Archives, Maryland

Norske soldatar

Men det var ikkje berre engelske og amerikanske soldatar på Island under krigen. I april 1941 vart den norske 330-skvadronen etablert utanfor Reykjavík, men etter eitt år vart han flytta til Skottland.

I boka har Baldursdóttir med eit bilete frå juleballet som nordmennene hadde i 1942, og der var det kvinner med.

– Truleg var dei som overvakte kvinnene, meir tolerante når det galdt nordmennene, seier ho.

Men det var andre som islandske styresmakter ikkje tolererte.

– Amerikanarane og islendingane vart samde om at det ikkje skulle vera svarte blant dei militære som kom til sagaøya, fortel Bára Baldursdóttir.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis