JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

14491
20240913

Aukande sjukefråvær

Sjukefråværet i Noreg var på 7,1 prosent i andre kvartal.

Fråværet har auka frå 5,8 prosent i same kvartal 2019.

Dei tre viktigaste årsakene til auken er psykiske lidingar, utmatting og luftvegsinfeksjonar.

Sjukmelding for utmatting vart dobla frå 2019 til 2023.

Analysar frå Nav tyder på at covid-19 kan vere ei viktig årsak til utviklinga.

14491
20240913

Aukande sjukefråvær

Sjukefråværet i Noreg var på 7,1 prosent i andre kvartal.

Fråværet har auka frå 5,8 prosent i same kvartal 2019.

Dei tre viktigaste årsakene til auken er psykiske lidingar, utmatting og luftvegsinfeksjonar.

Sjukmelding for utmatting vart dobla frå 2019 til 2023.

Analysar frå Nav tyder på at covid-19 kan vere ei viktig årsak til utviklinga.

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Mange meiner mykje om det norske sjukefråværet for tida. Ein av dei er sjeflege Marit Hermansen i Nav, som ropa varsku i eit NRK-intervju sist veke. Sjukefråværet i andre kvartal var på 7,1 prosent, det høgaste på 15 år. Auken er størst blant yngre arbeidstakarar, og fråværet er større blant kvinner enn menn. No trengst det dramatiske endringar, slo Hermansen fast: «Når vi ser at 9 prosent av kvinner er borte fra jobb, gjør vi dem en bjørnetjeneste ved at dette fortsetter.»

Men kva er årsaka til auken? Sjeflegen kom med fleire diagnosar, som stort sett handla om mental innstilling: «En hypotese er at kvinner har en annen holdning til sykefravær», sa Hermansen. «Vi har hatt en pandemi hvor holdningene til sykefravær kanskje har endret seg. Samtidig har vi dyrtid, økonomiske bekymringer, og debatten rundt sosiale medier og hva som kreves av oss som mennesker.»

Ho viste til at mykje av auken i sjukefråværet handlar om «lettere psykiske lidelser». Og medisinen var klar: «For de som har disse plagene er det god behandling å faktisk være på jobb, ha struktur på hverdagen, få omsorg fra kolleger og gjøre noe verdifullt. Og så må den sykemeldte selv tenke at å være i jobb er bra for dem.»

Svak moral

I framstillinga til Hermansen handla altså nesten alle forklaringane om haldningar. Underforstått: Arbeidsmoralen har blitt svakare, folk er for slappe, og det er for lett å bli sjukmeld på grunn av lette plager.

Ei slik tolking ligg òg under argumentasjonen til dei som meiner ordninga med full løn frå første sjukedag er altfor raus. Ein av dei er Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre. «Det er åpenbart behov for å endre sykelønnsordninga og stramme den inn», sa han til NRK sist veke.

Også arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna hinta om at det kan kome innstrammingar på grunn av auken i sjukefråværet. «Dette har vi ikke råd til», sa ho til NRK, og åtvara om at «drastiske tiltak vil tvinge seg frem om ikke trenden snur».

Kan det tenkast at det har skjedd noko sidan 2019 som gjer at fleire er sjuke?

Kva skjer?

I debatten om sjukefråværet er dette ein grunnpremiss for mange: Sviktande arbeidsmoral og ei altfor raus sjukelønsordning er forklaringa på auken dei siste åra. Men da må ein spørje seg: Kvifor kjem denne auken nett no?

Den gode sjukelønsordninga i Noreg kan nok forklare at sjukefråværet her er blant verdas høgaste, no som før. I land med dårlegare ordningar vil truleg fleire presse seg til å gå på jobb når dei skrantar. Da Sverige kutta i sjukeløna på 1990-talet, gjekk til dømes sjukefråværet monaleg ned.

Men full løn under sjukdom for alle tilsette i Noreg vart innført i 1978, og slik har det vore sidan. Ei ordning som har lege fast i 46 år, er ei dårleg forklaring på endringa dei siste fem åra.

Denne artikkelen skal handle om eit anna spørsmål: Kan det vere at folk i Noreg faktisk har blitt sjukare sidan 2019? Det finst sterke indikasjonar på at svaret er ja. Og om det stemmer, blir debatten om sjukefråværet no ført på falske premissar.

Opp og ned

Eit kjapt historisk sveip høyrer med. På 1970- og 80-talet var sjukefråværet høgt. SSB førte ikkje slik statistikk da, men blant tilsette i NHO-bedriftene var talet typisk kring 10 prosent. Så gjekk fråværet markert ned fram til 1995. Deretter auka det, og i 2003 var det ein topp på 8 prosent, syner tal frå SSB. Dei neste åra gjekk sjukefråværet litt nedover att, og i 2019 var det nede i 5,7 prosent. Så kom pandemien i 2020. Og i andre kvartal i år var sjukefråværet altså oppe i 7,1 prosent. Det vil seie ein auke på 25 prosent på fem år, og det er dette som no får Nav-legar, politikarar og kommentatorar til å rope alarm.

Har nordmenn blitt mykje latare så fort? Eller kan det tenkast at det har skjedd noko sidan 2019 som gjer at fleire er sjuke?

Det siste spørsmålet kjem vi snart attende til. Men først: Kva slag sjukefråvær er det eigentleg som har auka dei siste fem åra?

Tre årsaker

På dette har Nav ganske klare svar. Statistikken deira syner at sjukefråværet ikkje aukar på brei front. Sjukmeldingar for muskel- og skjelettplager, som fører til flest tapte arbeidsdagar i Noreg, er på same nivå som i 2019. Talet på tapte dagsverk på grunn av hjarte- og karsjukdom har knapt endra seg.

I staden er det tre hovudforklaringar på utviklinga, syner tala frå Nav:

For det første har det vore sterk auke i sjukmelding for psykiske lidingar, som forklarer heile 43 prosent av auken i sjukefråværet frå 2019 til 2023.

For det andre har det vore ein stor auke i tapte dagsverk på grunn av luftvegsinfeksjonar. Dette stod for 33 prosent av auken i desse åra.

For det tredje har det blitt langt fleire sjukmeldingar for «uspesifiserte lidingar», særleg det Nav kallar «tretthet og slapphet», men som det er meir rimeleg å kalle utmatting. Dette forklarer 15 prosent av auken i sjukefråvær sidan 2019.

Covid-19

Men kvifor har nett desse plagene auka så mykje sidan 2019? Det finn vi nokre svar på i den interessante fagartikkelen «Hvorfor er sykefraværet fortsatt høyt 3–4 år etter starten av pandemien?», som vart publisert i tidsskriftet Arbeid og velferd tidlegare i år.

Forfattarane Jon Petter Nossen og Lamija Delalic arbeider båe i analyseseksjonen til Nav, og har granska sjukestatistikk og forskingslitteratur for å finne forklaringar. Dei har berre sett på det legemelde sjukefråværet, sidan dette er knytt til diagnosar. Ein hovudmistenkt peikar seg ut: Det nye koronaviruset som kom til Noreg i 2020.

Den direkte samanhengen er openberr: Covid-19 har ført til at fleire blir sjukmelde for luftvegssjukdomar. I tillegg til at koronaviruset i seg sjølv gjorde mange sjuke, har òg fleire fått bakterielle sekundærinfeksjonar. Sjukefråvær grunna luftvegsinfeksjonar nådde toppen da omikronvarianten herja tidleg i 2022, men det har halde seg høgt etterpå. I fjerde kvartal i fjor var talet på slike sjukmeldingar framleis dobbelt så høgt som normalt for årstida.

Utmatting

Men dette er neppe den einaste effekten koronaviruset har på sjukefråværet, syner Nossen og Delalic. Sjukefråvær med diagnosen «tretthet/slapphet», altså utmatting, vart dobla frå hausten 2019 til hausten 2023. Berre i tredje kvartal i fjor gjekk over 330.000 dagsverk tapt på grunn av utmatting. Auken i denne typen sjukefråvær har halde fram i 2024, syner tal frå Nav. Og det er det grunn til å mistenke koronaviruset også her, for utmatting er ein av dei vanlegaste etterverknadene av covid-19-infeksjon.

Samanhengen vart òg påpeika i ein studie som to andre Nav-forskarar, Lene Lehmann Moberg og Saranda Kabashi, publiserte i fjor. Der skreiv dei: «Vi finner en sterk statistisk sammenheng mellom sykefravær med covid-19 og påfølgende sykefravær med trøtthet og slapphet. Noen av disse sykefraværene har spesielt lang varighet, noe som kan indikere en ’long covid-effekt’ i sykefraværet.»

Utmatting er ein av dei best dokumenterte etterverknadene av covid-19-infeksjon.

Utbrent

Men kva med auken i psykiske lidingar, som er hovudårsaka til at sjukefråværet har auka så mykje? Der er Nossen og Delalic atterhaldne i tolkingane sine. Men dei peikar på at utviklinga ikkje har vore lik for alle psykiske lidingar, og her er det verdt å gå litt inn i detaljane.

Diagnosen «depressiv liding», altså depresjon, har vore ganske stabil sidan 2019. Det same gjeld for angst. Det aller meste av auken i sjukefråværet grunna psykiske lidingar er derimot knytt til tre vagare diagnosar: «psykiske symptom og plager», «situasjonsbetinga psykisk ubalanse» og «depresjonskjensle».

Sekkeposten «psykiske symptom og plager» er særskild interessant. Denne diagnosen har hatt den største auken blant dei psykiske lidingane, og Helsedirektoratet har mellom anna tilrådd at sjukmelding for utbrentheit høyrer heime her. Og kva er utbrentheit? «En tilstand/opplevelse av fysisk, følelsesmessig og/eller mental utslitthet på grunn av lang tids krevende jobbsituasjon», ifølge direktoratet. Altså nokså likt ein definisjon av utmatting.

Mistanke

Det lèt seg ikkje bevise at etterverknader av covid-19 er opphav til auken i slike psykiske plager. Men det er grunn til å mistenke at det er slik. Ikkje minst fordi dei diagnosane som har auka mest sidan 2019, var stabile eller i svak nedgang gjennom ti år – heilt fram til pandemien byrja.

Så kan ein spørje seg: Kan isolasjon og frykt under nedstenginga av samfunnet ligge bak auken i psykiske lidingar? Det er mogleg, og Nossen og Delalic drøftar dette i artikkelen sin. Men som dei peikar på: Sjukmeldingane for psykiske plager auka ikkje for alvor før i 2022, to år inne i pandemien, og etter at samfunnet hadde opna att. Og det er òg vanskeleg å skjøne korleis nedstenginga kan vere årsak til at auken held fram i 2024.

Ei vel så plausibel forklaring er slik: Det er godt dokumentert at covid-infeksjon kan føre til kognitive plager i etterkant, mellom anna såkalla hjernetåke, svekt minne og svekt konsentrasjonsevne. Slike problem gjer det vanskeleg for folk å meistre arbeidet sitt. Ein årsakssamanheng med sjukestatistikken er vanskeleg å dokumentere. Men det er ikkje rart om slike plager fører til utmatting, fortviling, avmakt, utbrentheit – og sjukmelding.

Også i Sverige

Til no har dette berre handla om Noreg. Så kan vi spørje oss: Om langtidsverknader etter covid-19-infeksjon fører til at langt fleire blir sjuke, bør vi vel sjå ei liknande utvikling i andre land? Jau. Og slike døme er ikkje så vanskelege å finne.

Vi startar i nabolandet. Sverige vart som kjent hardt råka i første fase av pandemien i 2020. Men i åra etter har ikkje sjukefråværet gått ned att som venta, syner tal frå den statlege Försäkringskassan, som har ansvar for delar av trygdesystemet. I fjor var utbetalingane på grunn av korttidsfråvær i Sverige på same nivå som i pandemiåra 2020 og 2021, og 27 prosent over nivået frå 2019. Utviklinga var «oppsiktsvekkande», melde Försäkringskassan i fjor haust.

Også langtidsfråværet på grunn av sjukdom har halde fram med å auke i Sverige. Og som i Noreg er det psykiske plager som står for det meste av auken, særleg «stressrelatert psykisk uhelse som utmattingssyndrom og ulike former for angsttilstandar og lettare depresjonar», heiter det i ein rapport frå Försäkringskassan. Talet på årlege sjukedagar per tilsett i Sverige var i fjor 14 prosent høgare enn i 2019, syner tal frå det svenske statistikkbyrået SCD.

Alarm i Tyskland

Også i Danmark skaut sjukefråværet i vêret da pandemien kom. I 2022, det siste året Danmarks Statistik har publisert tal for, var fråværet nesten 30 prosent høgare enn i 2019. Fråværet i 2022 var rekordhøgt, ifølge statistikkbyrået. Truleg kan dette talet i stor grad forklarast med bølga av akutte covid-19-infeksjonar tidleg på året. Men også i 2023 var sjukefråværet i Danmark høgare enn før pandemien, syner førebelse tal frå Dansk Arbejdsgiverforening.

I Tyskland auka det gjennomsnittlege sjukefråværet per tilsett frå 11 dagar i året i 2019 til 15 dagar i 2023 – ein auke på heile 36 prosent. Dette er det høgaste fråværet som er registrert i Tyskland. I første kvartal i år var sjukefråværet på 5,8 prosent, og forsikringsselskapet DAK-Gesundheit kalla utviklinga «alarmerande». Også i Tyskland ligg psykiske lidingar bak ein stor del av auken.

Langtidssjuke utanfor arbeidslivet i Storbritannia i 1000. Talet har no passert 2,8 millionar.

Langtidssjuke utanfor arbeidslivet i Storbritannia i 1000. Talet har no passert 2,8 millionar.

Kjelde: Office for National Statistics

Ute av spel

Dårleg helse kan òg få verre konsekvensar enn nokre tapte arbeidsdagar. I Storbritannia har rekordmange menneske forsvunne frå arbeidsmarknaden på grunn av langvarig sjukdom dei siste åra, syner tal frå Office for National Statistics. I år står 2,83 millionar britar utanfor arbeidslivet på grunn av vedvarande helseplager. Det er meir enn 800.000 fleire enn i 2019 – ein auke på 40 prosent.

Det som skjedde i 2020, var eit trendbrot: Fram til pandemien kom, hadde talet på langtidssjuke utanfor arbeidslivet i Storbritannia gått sakte nedover i nesten 20 år. Også blant britane er psykiske lidingar ein viktig drivar for utviklinga.

Vi kunne teke med fleire land, men biletet er tydeleg nok. Auken i sjukefråværet sidan 2019 er ikkje noko særnorsk fenomen. Og med dette på plass kan vi kaste eit nytt blikk på det norske ordskiftet om sjukefråværet – og diagnosane frå sjeflegen i Nav.

Ignorert

Som denne artikkelen har vist, har Nav laga gode studiar som går gjennom kunnskapen om sjukefråværet og peikar på plausible årsakssamanhengar. Men da sjeflege Marit Hermansen snakka med NRK sist veke, nemnde ho ikkje desse. Ho såg òg bort frå at folkehelsa kan ha blitt dårlegare sidan 2019. Og ho såg bort frå at andre land har hatt liknande utvikling som Noreg.

I staden for å vise til analysane frå fagfolk ved hennar eigen institusjon, snakka Hermansen om «holdninger til sykefravær», om «dyrtid og økonomiske bekymringer» og «debatten rundt sosiale medier og hva som kreves av oss som mennesker» – utan å vise til noko som underbygger at desse tinga har noko med auken i sjukefråværet å gjere. Det er ikkje godt nok.

Smitte

Utsegnene til Hermansen kan tolkast som ei oppmoding til fastlegar og Nav-kontor om å vere mistenksame overfor folk med helseplager, og særleg overfor kvinner. At kvinner er meir sjukmelde enn menn, er ikkje noko nytt. Men i denne samanhengen er det verdt å spørje: Kor i arbeidslivet er det flest sjukmelde, og kva arbeidsplassar er mest kvinnedominerte?

Nav har svar her òg: Det høgaste legemelde sjukefråværet i fjor var blant barnehageassistentar, skuleassistentar og pleiemedarbeidarar. I desse yrkesgruppene er det over 80 prosent kvinner. Dette er òg blant dei yrkesgruppene som er mest utsette for luftvegsinfeksjonar. Dersom det faktisk er slik at seinverknader etter covid-19 ligg bak storparten av auken i sjukefråværet, er det heilt naturleg at kvinner blir hardast råka.

For mange sjukmelde er det utan tvil ein god ting om dei får bruke den arbeidsevna dei har. Men det er ikkje gjeve at det er «god behandling å faktisk være på jobb» for ein sjukepleiar som er råka av djup utmatting, svekt minne og hjernetåke etter å ha blitt covid-smitta på jobb.

I den hippokratiske legeeiden heiter det: «Eg skal avstå frå å skade eller gjere urett.» Det bør òg gjelde for sjeflegar i Nav.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye
Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas
Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis