Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Forbrukarfanatismen

Fleire franske kundar betalte med blod for sjokoladepålegg førre veke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein million 950 grams glas med Nutella vart lagde ut for sal med 70 prosent rabatt over heile Frankrike førre veke.

Foto: Alberto Pellaschia / AP / NTB scanpix

2616
20180202
2616
20180202

Den første gongen eg smakte Nutella, var eg 13 år. Den franske kjærasten til far min hadde fått ei stor kasse brødvarer, pålegg og snop frå heimlandet, i høvet bryllaupet deira same helg.

– Eg og syskenbarnet mitt åt ofte loffskiver med Nutella når vi var saman som born, fortalde ho meg då eg fekk smake på den brune, søte massen.

Det var den største krukka med sjokoladepålegg eg nokon gong hadde sett, og sjølv om eg skulle vere kul og urørleg tenåring, bestemte eg meg raskt for at det smakte ti gonger betre enn Nugattien i skapet.

– Kan eg få ei skive til, spurde eg, slikka bort smulane i munnvikene og passa på å sjå så likesæl ut som eg berre kunne få til.

Førre veke fekk franske kundar høve til å kjøpe slike Nutella-krukker med 70 prosent rabatt, for om lag ti norske kroner stykket. Det enda i blodige slagsmål og kaos mellom hundrevis av franskmenn over heile landet. Politiet måtte tilkallast. «Nutella riots» kalla nettstaden National Public Radio oppstyret. Og i Noreg lurte TV 2 i ein artikkel på om franskmennene kunne vere litt for glade i pålegget. Hasselnøtt- og sjokolademassen fekk til og med sitt eige frimerke i høve 50-årsjubileet i 2014.

Men, tenkte eg, er dette verkeleg grunn nok til å vilje skrelle huda av knokane mot naseryggen til sidemannen i butikken?

I Frankrike utforskar svindelkontrollørar Nutella-saka, melde BBC onsdag denne veka. Etterforskarar trur reklamekampanjen kan stride mot handelslovene i landet, mens ein medlem i det europeiske parlamentet, Yannick Jadot, meiner det dreiar seg om eit kjøpekraftsproblem. Den franske landbruksministeren Stéphane Travert kommenterte oppstyret slik: «Dette er folk som lever frå hand til munn, og som strøymer til for å få tak i eit sjokoladepåleggsmerke som dei elles ikkje har råd til å tilby borna sine kvar dag.»

Begge augebryna mine forsvann opp i hårfestet mitt, bak skjermen. Er det verkeleg slik stilt at menneske i eit heilt land går laus på kvarandre over éin særskild sort sukkerbasert pålegg til nedsett pris?

Eg kunne få ei brødskive til med Nutella den gongen hos far min, så lenge eg passa på å pusse tennene mine godt før sengetid. I åra etter har det meste av sjokoladepålegg vorte ståande i kjøleskapet til det måtte kastast. Men den gongen, kvelden før bryllaupet til far min, var eg ikkje stort betre enn franskmennene. For eg greidde ikkje heilt å skjule sjokoladespora som flaut utover hendene og kinna mine etter at eg hadde lurt til meg skive nummer tre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I Frankrike utforskar svindelkontrollørar Nutella-saka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis