JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Har ikkje sett teikn til tilvenning

Beitelandet kring vindparkane på Fosen er tapt i den forstand at det ikkje kan brukast som før, seier reinforskar Anna Skarin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2459
20230303
2459
20230303

peranders@dagogtid.no

– Vi veit i dag ganske mykje om korleis vindkraftverk påverkar rein, seier Anna Skarin. Ho er professor ved Sveriges lantbruksuniversitet, og er av dei mest sentrale forskarane på tamrein i Norden. Ho var sakkunnig da Frostating lagmannsrett handsama Fosen-saka, og rapporten ho laga om effektane på reinen i Nord-Fosen, vart tillagd stor vekt i saka.

– Studiane som er gjorde av påverknaden frå vindkraftverk på tamreinen, sprikjer ein god del. Kor sikker er kunnskapen om skadeverknadene av vindkraftanlegg?

– Studiane syner at reinsdyr vik unna område med vindkraft. Men kor stor påverknaden er, kan variere. Det kjem an på landskapet, om det er fjell eller skog, det kan variere med årstida og med vêret, og det kan variere over tid. Men det er effektar. Om dyra har alternativ, vel dei heller andre område. Om det er ei halvøy med avgrensa areal, har dei ikkje så mykje val. Så veit vi ikkje heilt effekten på lengre sikt.

– Kan det skje ei tilvenning over tid?

– Vi har ikkje sett slik tilvenning i studiane våre. Men dyra er plastiske og kan gjere ulike avvegingar i ulike årstider. Når det er mykje mygg og brems på sommaren, bryr reinen seg mindre om andre forstyrringar.

– Frostating lagmannsrett la til grunn at områda kring vindparkane på Fosen er tapte som beiteområde. Er dei tapte, eller er dei forringa?

– Området er tapt i den forstand at det ikkje går an å bruke det på same måte som før. Men unnvikingseffekten er oftast ikkje total, og påverknaden blir mindre med avstanden frå anlegga. Områda blir kanskje brukte framleis, men rein som beitar nær turbinar, er urolege, taper beitetid og kan få dårlegare kondisjon. Det kjem òg an på korleis reineigarane brukar området. Om det blir for mykje arbeid med å få reinen til å halde seg i desse områda, kan det hende dei gjev opp.

– Du studerte konsekvensane av vindparkane for Nord-Fosen. Lagmannsretten tok utgangspunkt i at 44 prosent av vinterbeitet på heile Fosen er tapt. Høyrest det rett ut?

– Eg kan berre uttale meg om Nord-Fosen. Der såg vi at før utbygginga brukte nær halve reinflokken område mindre enn fem kilometer frå der vindparken no ligg. Dette området utgjorde 11 prosent av det totale vinterbeitet i Nord-Fosen, så det var ekstra viktig for reindrifta, seier Anna Skarin.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis