Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Helse og omsorg er ikkje alt

To nye sjukepleiarar no er to ingeniørar mindre til Norsk Hydro, seier Gunnar Bovim, leiar for Helsepersonell­kommisjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4309
20230224
4309
20230224

peranders@dagogtid.no

– I utgreiinga dykkar slår de fast at «helse- og omsorgstjenestenes andel av samfunnets totale arbeidssstyrke ikke kan øke vesentlig». Dette har de ikkje dekning for, meiner SSB-forskar Erling Holmøy.

– Den vurderinga byggjer på to forhold. Det eine er at Noreg brukar meir ressursar på helse og omsorg enn alle andre land, kanskje bortsett frå USA. Det andre er at kommisjonen fekk mange signal undervegs, frå eit næringsliv med desperat behov for arbeidskraft og frå store samfunnsektorar som treng ein større del av arbeidsstyrken enn i dag. Lenge kunne helse og omsorg vekse fordi heile arbeidsstyrken voks så mykje. Men det tek slutt no, seier Bovim.

– To nye sjukepleiarar no er to ingeniørar mindre til Norsk Hydro. Og helse- og omsorgssektoren er avhengig av eit velfungerande samfunn. Om vi skal halde fram med like mange tilsette per pasient, må talet på tilsette i helse og omsorg auke formidabelt. Eg trur ikkje Holmøy heller meiner det er realistisk.

– Er det mogleg å slå fast i dag kor høgt veljarar og politikarar vil prioritere helse dei neste tiåra?

– Nei. Men det er mogleg å sjå på pliktene vi har teke på oss i Parisavtalen, og på eit forsvar som er berre halvparten av det det var på 90-talet. Og arbeidsstyrken kjem ikkje til å vekse. Så kan du seie at dette er politikk som ikkje kommisjonen vår skal bry seg med. Men eit velfungerande, differensiert samfunn er òg viktig for helsa. Kulturtilbod kan ha større helsevinst enn ein auke i helsebudsjettet.

– Premissen de har lagt, er til hinder for ein fornuftig debatt om framtidas helse og omsorg, meiner Holmøy.

– Det kjenner eg meg ikkje att i. Vi foreslår ei rekkje tiltak som kan bidra til å gjere helse- og omsorgssektoren meir berekraftig, ved å prioritere det viktigaste og få mest mogleg ut av pengane. Alt no er det eit faktum at det manglar folk i denne sektoren. Vi må ta inn over oss at dette ikkje går over.

– Er det mogleg å effektivisere seg ut av dette utan å auke bemanninga mykje?

– Vi seier ikkje at bemanninga ikkje skal auke, men ho kan ikkje auke så mykje som etterspurnaden tilseier. Det trur eg ikkje Holmøy kan sjå for seg heller.

–?Holmøy peikar på at demografi åleine tilseier at etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester kjem til å auke mykje dei neste tiåra.

– Det har han rett i.

– Om det offentlege strammar hardt inn på tenestene, vil det truleg føre til sterk vekst i det private tilbodet?

– Det har vi diskutert. For oss er det det same om den som står for tenestene, er privat eller offentleg tilsett. Poenget er at ein må gjere høgt prioriterte ting. Så kan det vere eit problem at somme får køyre Porsche og andre må nøye seg med folkevogn. Men det er personellet som er det knappe fellesgodet her.

– Og også private helsetilbydarar må hente folk frå den samla arbeidsstyrken?

– Ja, difor må det personellet vi har, utføre høgt prioriterte oppgåver.

– USA har eit stort privat helsevesen. Og det helsevesenet er ikkje eit godt døme på prioritering av det viktigaste?

– Nei. Vi meiner eit godt offentleg helsetilbod er eit mål. Vi deler uroa for ei todeling av helsetilbodet, men ser at vi ikkje klarer å byggje ut det offentlege tilbodet så mykje som den demografiske utviklinga tilseier.

–?Erling Holmøy meiner kommisjonen overdriv kor dyre helse- og omsorgstenestene er i Noreg. Målt som andel av nasjonalinntekta er Noreg midt på treet i Vest-Europa.

– Vi har i veldig liten grad uttalt oss om økonomien. Dette handlar om kor stor andel av arbeidsstyrken som skal jobbe med helse og omsorg.

– De skriv jo også om økonomi, til dømes at det kjem til å bli «mye mindre handlingsrom i nasjonalbudsjettene» i åra framover.

– Ja, for å underbyggje at det vil vere samfunnsomveltande å halde fram med veksten i helse- og omsorgstilbodet. Men det sentrale er at Noreg er det europeiske landet som brukar den høgaste andelen av arbeidsstyrken på helse og omsorg, seier Gunnar Bovim.

På grunn av tidspress er ikkje dette intervjuet sitatsjekka av Gunnar Bovim.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– For oss er det det same om den som står for tenestene, er privat eller offentleg tilsett.

Gunnar Bovim, leiar for Helsepersonellkommisjonen

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis