JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

12381
20241011
12381
20241011

Kommentar

Med statsbudsjettet for 2025 sleppte regjeringa katta ut av sekken: Noreg er slett ikkje på veg til å nå dei vedtekne klimamåla sine innan 2030. For dei fleste som følger med på klimapolitikk, har dette vore tydeleg ei god stund. Men inntil no har statsminister Jonas Gahr Støre og statsrådane hans hevda at Noreg var i rute.

Ambisjonane var høge. Innan 2030 skulle Noreg redusere klimagassutsleppa innanlands med 55 prosent samanlikna med referanseåret 1990. No seier framskrivingane til regjeringa at vi ligg an til å kutte berre 26 prosent frå 1990-nivået – under halvparten av den lova reduksjonen.

Klar tale

Da blir spørsmålet: Korleis kunne dette skje? Målet om utsleppskutt på 55 prosent låg inne i regjeringsplattforma frå Hurdal og vart gjort til offisiell norsk politikk av regjeringa for to år sidan. Og korleis kunne dette skje når Hurdalsplattforma var så klar i talen? Der stod det: «Klimakrisen er vår tids største utfordring. Klima og natur skal være en ramme rundt all politikk. Norges ambisiøse klimamål forplikter hele regjeringen og alle deler av samfunnet. Målene skal nås.»

Men det var i 2021.

Krim og klima

Det finst fleire forklaringar på kapitulasjonen. Vi tek dei offisielle først: Finansminister Vedum viser til at folketalet har auka på grunn av flyktningane frå Ukraina. Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik seier at den økonomiske aktiviteten i Noreg har auka raskare enn venta. Men ingen av desse faktorane kan forklare slike svære avvik frå klimamålet.

Ei anna forklaring: Klimapolitikken er ikkje så viktig eller forpliktande for regjeringa som Hurdalsplattforma tilsa. Andre omsyn tel tyngre. Ein målestav for dette kan vere finanstalen som Trygve Slagsvold Vedum heldt ved framlegginga av statsbudsjettet måndag. Der brukte han 484 ord på temaet kriminalitet og narkotika, og 134 ord på temaet klima.

Men om ein meiner at klimapolitikk faktisk er så viktig som det vart hevda i regjeringsplattforma, er det verdt å gå djupare ned i materien for å skjøne korleis det nasjonale klimamålet i praksis kunne bli oppgjeve berre to år etter at det vart vedteke.

Ulike mål

Når vi snakkar om norske klimamål, må vi halde tunga beint i munnen. Noreg held seg ikkje berre med eitt slikt mål, men fleire. Ambisjonen om å kutte utsleppa med 55 prosent frå 1990-nivået innan 2030 innanlands er eit reint nasjonalt mål, og det er ikkje lovfesta. Dette blir kalla omstillingsmålet og skal føre Noreg på vegen til å bli eit lågutsleppssamfunn.

Eit tilsynelatande likt mål om 55 prosent utsleppskutt innan 2030 er derimot både nedfelt i klimalova og meldt inn som ei norsk plikt i Paris-avtalen. Også her ligg Noreg dårleg an. Men dette målet kan vi nå i samarbeid med EU, som det heiter. Ein kan nytte kvotehandel til å kompensere dersom eit land ikkje klarer å redusere utsleppa nok innanlands. I praksis vil det seie at Noreg betaler andre land for å ta kutta for oss, noko Paris-avtalen opnar for.

Den planlagde kvotehandelen skal vi kome attende til. Men først skal vi sjå på kor dei norske klimagassutsleppa kjem frå.

Olje, bil og industri

I 2023 sleppte Noreg ut omtrent 47 millionar tonn med såkalla CO2-ekvivalentar, ifølge Statistisk sentralbyrå. (Det finst mange gassar med drivhuseffekt, men CO2 er den klart viktigaste i dei menneskelege utsleppa, og blir brukt som måleining.) Utsleppa i fjor var 9 prosent lågare enn i 1990, og 4,7 prosent lågare enn i 2022. Det går altså rett veg, men altfor sakte til at Noreg kan nå klimamåla for 2030.

Olje- og gassutvinninga var den største ureinaren i fjor, med 25 prosent av dei norske utsleppa. Annan industri stod for 23 prosent, vegtrafikken for 17 prosent, annan transport for 16,5 prosent og landbruket stod for 10 prosent av klimagassutsleppa. Desse fem sektorane er det som tel, alt anna er småplukk.

Ei regjering kan og må nytte mange ulike grep for å få ned utsleppa. Men den viktigaste reiskapen hennar i klimapolitikken, som på dei fleste andre felt, er statsbudsjettet. Og når vi ser nærare på utgåva som kom på måndag, blir det klarare kvifor Noreg ikkje ligg an til å kome nær klimamåla i 2030.

Meir av det same

I grove trekk held statsbudsjettet for 2025 fram med dei same klimapolitiske grepa som i fjor. Det viktigaste er at CO2-avgifta blir trappa vidare opp: Neste år skal det koste 1405 kroner å sleppe ut eit tonn CO2. Det blir litt meir pengar til Enova, som gjev støtte til utvikling og innfasing av lågutsleppsteknologi. Frå 2025 blir utsleppsfrie ferjer eit krav ved alle nye ferjeanbod, og regjeringa vil heve krava for innblanding av biodrivstoff, for å nemne noko.

Men trass i at regjeringa sjølv seier at «fjorårets plan ikke lenger er tilstrekkelig og det er behov for å forsterke planen», er det ingen nye tiltak som verkeleg monar på utsleppa i det nye statsbudsjettet. Og framskrivingane for 2030 er altså fjernare frå det norske utsleppsmålet enn dei var for eit år sidan.

Når staten tek frå bilistane med eine handa og gjev dei attende med den andre, blir det ikkje rare klimaeffekten.

Att og fram

I statsbudsjettet er det i tillegg grep som er med på å undergrave klimaeffekten av avgiftspolitikken. Regjeringa vil redusere vegbruksavgifta på drivstoff, og dermed svekke effekten av auken i CO2-avgifta for vegtrafikkens del. I tillegg kjem det kutt i trafikkforsikringsavgifta for fossilbilar. Når staten tek frå bilistane med eine handa og gjev dei attende med den andre, blir det ikkje rare klimaeffekten.

På liknande vis blir dei flyreisande kompenserte for auken i CO2-avgifta ved at passasjeravgifta blir senka. I dette nullsumspelet er det lett å sjå distriktsprofilen til Senterpartiet. Det er ikkje like lett å sjå spor av ideen frå Hurdalsplattforma om at «klima og natur skal være en ramme rundt all politikk», dersom ramma ikkje berre var tenkt som pynt.

Statsminister Jonas Gahr Støre på Troll A-plattforma i 2023. Petroleumssektoren står for ein fjerdedel av dei norske klimagassutsleppa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

For sakte

Kva så med petroleumsindustrien, den største kjelda til klimagassutslepp i Noreg? Der er det ingenting i statsbudsjettet som vil få opp farten i utsleppskutta. CO2-avgifta blir auka litt, til 825 kroner tonnet for næringa. Petroleumsindustrien har lågare satsar enn den generelle CO2-avgifta, men må i tillegg kjøpe klimakvotar gjennom EU-systemet. (Olje- og gassnæringa er i såkalla kvotepliktig sektor, til liks med industri på land.) Til saman ventar regjeringa at kostnaden per tonn CO2 blir 1640 kroner for sektoren neste år. Dette påverkar neppe utsleppa frå sokkelen nemneverdig.

Det vedtekne målet for petroleumsnæringa er å redusere utsleppa med 50 prosent frå 2005-nivået innan 2030. Om det hadde lukkast, ville næringa så vidt kome under nivået i 1990, som elles er referanseåret i klimapolitikken. Men ingenting tyder på at dette går. Sokkeldirektoratet reknar med at utsleppa frå petroleumssektoren i 2030 blir berre 38 prosent lågare enn dei var i 2005.

Landstraum

Utsleppskutt i petroleumsutvinninga er i praksis avhengige av at gassturbinane på plattformene blir erstatta av straumkablar. «Kraft fra land er det eneste tiltaket som i vesentlig grad kan redusere utslippene på kontinentalsokkelen fram mot 2030», skriv regjeringa.

Dette er ikkje heilt sant: Om CO2-avgifta vart høg nok, ville nokre av dei eldste og mest ureinande felta bli ulønsame og difor stengde. Det kunne òg ha sett fart på arbeidet med CO2-lagring under havbotnen. Men ei rask og stor heving av avgifta ville vere ein provokasjon mot oljeselskapa, og norsk sokkel ville bli mindre attraktiv. Det er vanskeleg å sjå for seg ei norsk regjering som vil gjere noko slikt mot gåsa som legg gullegga.

Klattar

Heller ikkje for industrien på land er det store grep i statsbudsjettet som kan kutte utsleppa monaleg. Som nemnt blir det nokre ekstra pengar til Enova, som kan kome industrien til gode. Det skal òg kome krav om at industriselskapa må nytte 40 prosent av den såkalla CO2-kompensasjonen, ei statleg støtteordning som skal hindre at CO2-avgifta fører til utflagging, på klima- og energitiltak. Budsjettet inneheld derimot ingen ekstraløyvingar til prosjekt for karbonfangst som kan fjerne store punktutslepp i norsk industri.

Dette er gjennomgåande i klimapolitikken slik han kjem til uttrykk i statsbudsjettet: Det er mange fornuftige einskildtiltak der. Det er bra å redusere matsvinn og å setje opp ladestasjonar for elektriske lastebilar. Men det aller meste skjer klattvis. Dei store, overordna grepa og klare måla for gjennomføringa av klimapolitikken manglar.

«Det er (...) vanskelig å si hvorvidt og i hvilken grad budsjettet samlet sett bidrar til å redusere eller å øke klimagassutslippene.»

Regjeringa i Grøn bok

Ingen oversikt

Paradoksalt nok: Denne mangelen på styring viser seg klarast i dokumentet som skal gje overblikk. Regjeringens klimastatus og -plan, ofte kalla Grøn bok, er eit vedlegg til statsbudsjettet, og er i år på 230 sider. Ifølge klimalova skal regjeringa kvart år gjere greie for klimaeffekten av budsjettet. Men i årets utgåve av Grøn bok står det rett ut at regjeringa ikkje er i stand til dette: «Det er (...) vanskelig å si hvorvidt og i hvilken grad budsjettet samlet sett bidrar til å redusere eller å øke klimagassutslippene.»

Bidraga frå dei sentrale departementa er ikkje særleg meir opplysande. Energidepartementet «vurderer at ingen av deres budsjettendringer i årets statsbudsjett har direkte eller indirekte klimaeffekt på kort eller lang sikt.»

Samferdsledepartementet skriv: «De foreslåtte budsjettendringene trekker i ulike retninger, og for flere av endringene er det usikkert i hvilken retning effekten går.»

Næringsdepartementet skriv: «Hvilken klimaeffekt som følger av hvert budsjettområde, har vi ikke en samlet oversikt over.»

Og Landbruks- og matdepartementet «kan ikke anslå hvilken klimaeffekt som følger av hvert budsjettområde eller budsjettet som helhet».

Streng revisjon

Alt i alt er statsbudsjettet ei stadfesting av den kritikken Riksrevisjonen kom med i rapporten sin om norsk klimapolitikk i juni i år. Her var det nett mangelen på styring og ansvarsfordeling som vart påtala. I rapporten skreiv Riksrevisjonen mellom anna dette:

«Det mangler en plan som viser hvilke departementer som har ansvar for å videreutvikle virkemidler, og når det skal skje.» Og dette: «Det er kritikkverdig at de ansvarlige departementene ikke har etablert en styring og samordning som er tilpasset en av vår tids største sektorovergripende samfunnsutfordringer.»

Som eit frampeik til Vedums gest til bilistane i budsjettet denne veka, skreiv Riksrevisjonen: «CO2-avgift er et viktig virkemiddel, men effekten svekkes av andre hensyn.»

Åtvaring

I rapporten frå Riksrevisjonen kom det òg nokre åtvarande ord om kvotekjøp. Såkalla fleksible mekanismar er det store grepet regjeringa vil ty til når nasjonale mål ikkje blir nådde. Spørsmålet er: Når Noreg skal ut og handle kvotar, kor mykje er det å få kjøpt? «Det er usikkert i hvilken grad det blir mulig å kjøpe utslippsenheter, skogkreditter og kvoter i utlandet for å nå Norges klimamål», skreiv Riksrevisjonen, og peika på at heller ikkje denne uvissa var teken omsyn til i norsk klimapolitikk.

Miljødirektoratet har òg åtvara om at det kan bli vrient å nå klimamåla gjennom kvotehandel. «Kjøp av utslippsreduksjoner i andre land vil bli dyrere, og både pris og tilgjengelighet er usikre», heitte det i ein kunnskapsoversikt direktoratet la fram i april.

Kvotesystemet til EU skal strammast inn i åra som kjem, dermed vil prisen for slike kvotar stige. Paris-avtalen opnar òg for kjøp av andre klimakvotar utanfor EØS, men der er vilkåra enda meir usikre og marknaden liten. Den einaste avtalen av dette slaget Noreg har på plass, handlar om ei energireform i Usbekistan, og den blir det neppe mykje grønt skifte av.

Hender i vêret

Under partileiardebatten på Arendalsveka i fjor vart det halde ei handsopprekking. Partileiarane vart bedne om å rette opp handa dersom dei meinte at Noreg var på god veg til å nå klimamåla. Berre éi hand kom i vêret, og den tilhøyrde Jonas Gahr Støre. Debattleiar Fredrik Solvang lurte på om ikkje dette var litt stussleg. «Min hånd er ikke stusslig», svarte statsministeren.

Med statsbudsjettet for 2025 ser det ut som Støre-regjeringa har rekt båe hendene i vêret i klimapolitikken.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis