Kjær stad har mange namn
Namnet skjemmer ingen, men nordmenn slåst om stadnamn så bustene fyk. No gjer både kommune og stat lovbrot på grunn av strid om stadnamn.
Foto Terje Heiestad / Millimeterpress
STADNAMN
ronny@dagogtid.no
Strid om stadnamn finst til alle tider og alle stader i Noreg. Stadnamn er like kjært for mange som våre eigne namn, personnamna våre. Det handlar om identitet og tilhøyrsle, ikkje minst fordi stadnamn og gardsnamn ofte fell saman med slektsnamn.
Strid om stadnamn har med historie å gjera, med dansketida og norsk sjølvstende. I mellomkrigstida skulle Noreg fornorskast; gamle danske namn skulle bytast ut. Det galdt fyrst og fremst danske bøyingsformer, til dømes vart øygruppa «Trænen» til «Træna». Men det som verkeleg gav bensin på bålet, var dei tilfella der danske namn skulle bytast ut med det gamle norrøne namnet. Vi kjenner til stridene knytte til Oslo og Kristiania og Trondhjem og Nidaros. Landsmål, seinare nynorsk, var rettesnor for namneendringane.
Debatt om stad og fornorsking har eksistert fram til tida vår. Den fyrste artikkelen eg skreiv som skribent, handla nettopp om danske kontra norrøne og moderne norske bøyingsformer. Det er nok å nemne tittelen, så skjønar ein kor absurde slike debattar kan bli: «Torget, Torgi, Torge, Torga eller Torgar». Det var stakkars Torget i Brønnøysund som skulle døypast om.
Men er det ein stad nynorsken har vunne, så er det nettopp i stadnamna. Filologen og målmannen gjorde eit kjempearbeid her som enno gjeld i hovuddrag i dag. Dei fleste namna i Noreg er normerte etter nynorsk rettskriving. Underleg nok har det gått rimeleg greitt. Men somme stader har alliansen nynorskmotstand og namnedebatt likevel gjort seg gjeldande. Badevatnet i Oslo heitte Sognsvatn fram til 1990. Alt i 1912–13 innførte Kartverket dei nynorske namna inn på karta sine. Men i 1990 året kom den nye lova om stadnamn inn, og fyrst då fekk også bokmål status som normeringsspråk. Vatn vart vann.
Hunn eller Skage
Men det finst òg stridar om stadnamn som har andre røter. Hunn er ein liten, koseleg tettstad aust for Namsos; namnet er til liks med mange tettstader i landet opphavleg namnet på ein kyrkjestad. Namnet på kyrkjesoknet er Skage.
Så langt er alt greitt. Men skal du finne Hunn på kartet, eller kjem du med bil og skal finne plassen, blir det verre. På karta til Kartverket står Hunn og Skage attved einannan, utan at ein eigenleg forstår kva som er kva. Når det gjeld skiltinga til Statens vegvesen, finn du ingen skilt med Hunn, berre med Skage. Dersom du orienterer deg i informasjonen til Statistisk sentralbyrå om plassen, dukkar derimot Hunn opp som korrekt namn på tettstaden.
Kvifor? Alt på slutten av 1800-talet var det mangelfull skilting i området, og seinare misforståing hjå Kartverket førte til at Skage, ikkje Hunn, vart oppfatta som sentrum. Men det har aldri tidlegare vore noko vedtak på eit namneskifte. Då er det rette at det «nederva stadnamnet» skal gjelde, som det heiter i stadnamnlova.
Men misforståingar kan etter tid bli oppfatta som den naturlege tilstanden. Det førte til eit kommunalt vedtak hjå kommunen i 2014: Hunn vart Skage, og det same galdt ein annan kyrkjestad: Ranemsletta vart Overhalla. Skilt med desse namna vart sette opp.
Felles for begge desse sakene er at namn med større geografisk utstrekning blir erstatta med namn med mindre geografisk utstrekning. Vi finne liknande døme andre stader i landet: Gròve, Vassenden og Krossen er ikkje like kjende i dag som Norheimsund, Gran og Sandnes, om så dei fyrstnemnde er dei korrekte namna på sentrum av desse stadene. Reiser du inn til Sandnes med tog, opplever du det uheldige at toget stansar på to stader med namnet Sandnes: Sandnes og Sandnes sentrum.
Det finst òg døme på det omvende: ein liten stad blir nemning på eit større område: Geilo som eigenleg er eit bygdenamn, blir i dag bruka om heile Ustedalen.
Fæle vestlendingar
Kva gjer ein då for å få orden på namnespørsmåla? Vi har fagmenn, namnekonsulentane, som ikkje alltid er så populære. I Nord-Noreg har «vestlending» vore bruka som skjellsord på mang ein konsulent – det har sjølvsagt med det nynorske normeringsidealet å gjera.
Blir partane ikkje samde, finst det ein klageinstans: Klagenemnda for stadnamnsaker. Vi tek turen attende til Overhalla: Namdal historielag og Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla vil ha attende Hunn og klaga vedtaket i kommunen inn til Klagenemnda. Faginstansen vedtok at Hunn vart det rette namnet. I mars i fjor stod det å lesa i Namdalsavisa at nye skilt var på veg.
Men vart skilta bytta ut? Nei, vedtaket har berre delvis vorte teke omsyn til. No gjeld nemleg situasjonen som eg nemnde ovanfor: Kartverket opererer med begge namna, Vegvesenet med Skage og Statistisk sentralbyrå med Hunn. Somme instansar fylgjer altså vedtaket frå klagerådet, andre ikkje.
Eg spør advokaten til Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla, Brynjar Mørkved, om ikkje staten har sanksjonar til å gjennomføre vedtaket.
– Nei, det har ikkje vore naudsynt med sanksjonar, for vedtak for ei statleg klagenemnd har i alle år vorte fylgde opp. No er vi i ein situasjon der kommunen bryt lova og der staten ikkje sanksjonerer, men retter seg etter lovbrotet.
Lovbrot
Ordførar og rådmann i bygda er konfronterte med lovbrotet i lokalavisa. Dei meiner kjernen i saka handlar om «lokalt sjølvstyre». Og det er nett det som er i ferd med å skje. Debatten i Overhalla skil seg frå tidlegare namnedebattar. Tidlegare har vedtak frå Klagenemnda vorte respekterte, i alle fall på statleg nivå. Konflikten i Overhalla er no i sirkulasjon hjå departementet og sivilombodsmannen. Kulturdepartementet slår fast i eit brev (17. mars i år) at vedtaket i klagenemnda er endeleg; det «kan eventuelt angripes ved søksmål for domstolene».
Det har ikkje kome noko søksmål for domstolane, og likevel går både kommune og statlege instansar imot vedtaket i Klagenemnda. Ein klage retta mot Vegvesenet om å setja opp nye skilt, har gått vidare opp til Samferdselsdepartementet. Sivilombodsmannen strekar under at Vegvesenet har plikt til å utføre skilting. Det er enno ikkje motteke noko svar frå departementet.
Samferdselsdepartementet viser samtidig til kommunereforma, med større kommunar skal dei sjølve få fastsetja «skrivemåte og navn innenfor adresse- og skiltprosjekt». Samtidig heiter det frå Kulturdepartementet at dei har gått i gang med eit arbeid med gjennomgang av stadnamnlova med sikte på at ein kommunes vedtak i namnesaker skal tilleggjast større vekt.
– høgst kritikkverdig
Eg spør leiar for Klagenemnda for stadnamn og jussprofessor ved Universitet i Oslo, Marit Halvorsen, om hennar syn på saka:
– I all hovudsak fylgjer klageorganet, altså dei som sender inn klage til oss, om det er kommunen eller andre, vedtaka våre. Det er høgst kritikkverdig at vedtaket ikkje blir fylgt opp og at kommunen viser liten respekt for arbeidet til dei fagkunnige.
Dag og Tid har vore i kontakt med både Samferdselsdepartementet og Kulturdepartementet om striden Overhalla: Samferdselsdepartementet seier dei vil svara på brevet frå Sivilombudsmannen før dei talar med media. Kulturdepartementet fortel at det vil koma med eit nytt lovframlegg på høyring.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Nord-Noreg har «vestlending» vore bruka som skjellsord på namnekonsulentar.
I Nord-Noreg har «vestlending» vore bruka som
skjellsord på namnekonsulentar.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida