Verda sett frå solsida
Den som vil ha ei motvekt mot klimapessimisme, kan ringje Stig Schjølset, fagsjef i miljøstiftinga Zero.
peranders@dagogtid.no
Stig Schjølset har mellom anna fortid som fagdirektør i Klima- og miljødepartementet og som analytikar i Point Carbon. «Det ser ut til å ligge mer håp i marked enn i politikk», skreiv han nyleg i ein artikkel for Energi og Klima. Her peikar Schjølset på at Statkraft, DNV, Rystad Energy og andre som analyserer energimarknaden, har langt meir optimistiske klimaprognosar enn dei som ser på politikken.
– Om du ser på klimapolitikken som er lova, reknar du deg kanskje fram til ei oppvarming på 2,5 eller 2,8 gradar i dette hundreåret. Men dei som ser på kor fort teknologiutviklinga går, og på dei fallande kostnadene med fornybar energi, har langt meir positive konklusjonar, seier Schjølset.
Han viser mellom anna til Statkraft, som spår at oppvarminga blir avgrensa til to gradar.
– For berre sju år sidan var det mange analysar som peika mot ei oppvarming på 3,5 gradar i dette hundreåret. Men det er det ingen som trur lenger. Og det er ikkje så mykje på grunn av klimapolitikken, det er på grunn av dei fallande kostnadene for fornybar energi.
Teknologiutviklinga er ikkje avhengig av at alle land har ein ambisiøs klimapolitikk, påpeikar Schjølset.
– Men det har hjelpt at til dømes Tyskland har gått føre og subsidiert solkraft. Det har bidrege til å få skalert opp produksjonen og drive ned kostnadene.
– Dei globale utsleppa veks framleis. Skal vi nå klimamåla, må det kome ein brå knekk i kurven?
– Ja, og målet om å avgrense oppvarminga til halvannan grad er svært vanskeleg å nå. Men å nå togradarsmålet krev ingen mirakel. Politikarane må berre ikkje motarbeide utviklinga, til dømes ved å subsidiere fossil energi. Og når dei store utsleppslanda forsterkar klimapolitikken sin, vil utviklinga verkeleg akselerere.
– Sol og vind er ustabile energikjelder. Det problemet er slett ikkje løyst?
– Nei, men å kome til kring 80 prosent fornybar kraftforsyning er fullt overkomeleg. Det krev ein del overkapasitet og ny teknologi for lagring. Men det viktige er at sol og vind er billegare enn kol og gass. Og fordi det er lønsamt, kjem skiftet til å gå fort.
– Om det er så enkelt, kvifor har ikkje utsleppa gått ned enno?
– Fordi utviklinga går sakte i starten. Elbilar har brukt lang tid på å nå 10 prosent av marknaden. Men frå 10 til 90 prosent går det fort. Snart kjem også amerikanarane til å kjøpe elbilar fordi dei blir billegare enn fossilbilar.
Marknaden fiksar ikkje alt, og klimapolitikk er framleis viktig, meiner Schjølset.
– Om til dømes EU skal nå klimamåla sine, krev det tøffe reguleringar. Men det er veldig sannsynleg at EU når målet om 55 prosent kutt innan 2030. For Noregs del blir det derimot vanskeleg å nå målet. Og den altfor sjenerøse skattepakken til oljeindustrien har gjort det vanskelegare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.