Lobbyistar på Løvebakken
Regelverket som gjev tidlegare stortingsrepresentantar nøkkelkort til Stortinget på livstid, har gått ut på dato.
Mange lobbyistar vil tale si sak for dei folkevalde på Stortinget. Er dei tidlegare stortingsrepresentantar, kan dei gå ut og inn som dei vil.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
VG har i ei rekkje artiklar dei siste vekene sett lys på at tidlegare stortingsrepresentantar vitjar Stortinget på vegner av pengesterke interesser. For den dagen du vert folkevald til Stortinget, skjer det noko rart: Du får tilgang til stortingsbygningen på livstid.
Ja, det er faktisk sant. Får du éin gong tillit til å gå inn i vervet som stortingsrepresentant, kan du fornye nøkkelkortet ditt så lenge du måtte ønskje. Partiet kan vrake deg som kandidat, og veljarane kan vrake partiet ditt. Men døra til Stortinget står open for deg.
Er det ikkje kjekt? Du kan i all framtid mingle med nye folkevalde i «vandrehallen» eller slå av ein prat med gamle kjende i stortingsrestauranten. Er du oppteken av ei viktig sak? Du kan leite deg fram til det rette kontoret og banke på døra.
Og det treng ikkje berre vere kjekt for deg, men for nye arbeidsgjevarar òg. For når du har skanna kortet ditt ved inngangen, er det ingen som spør kva hatt du har på. Er du på oppdrag for pengesterke interesser? Ta med kollegaene dine òg – gjerne fem. Det kan du, utan å bryte så mykje som eit komma i Stortingets regelverk.
«Gullkort»
VG har på glitrande tabloid vis døypt det evigvarande nøkkelkortet til «gullkortet». Denne gongen er det matvareleverandørar og daglegvarekjeder som har vore på dørene for å påverke dei folkevalde gjennom ekspolitikarar. Neste gong kan det vere ein annan bransje. Poenget vil vere det same: Gjennom å hyre ekspolitikarar med fri tilgang til Stortinget, kan pengesterke aktørar, PR-byrå og advokatselskap kjøpe seg meir tid med dei som bestemmer, enn mindre aktørar kan drøyme om.
Eg har vondt for å tru at fri tilgang for lobbyistar var intensjonen då stortingsrepresentantar fekk nøkkelkort til Stortinget på livstid.
Register-nei
Ordninga framstår i eit særleg grelt lys fordi Stortinget gong på gong har forkasta forslag om å innføre eit lobbyregister der ein fører opp kven som kjem på vitjing, og kva sak vedkomande skal snakke om. Venstre har for vane å fremje forslag om eit slikt register kvar stortingsperiode, og forslaget vart sist røysta ned i januar 2018. Berre Venstre, SV, MDG og Raudt støtta forslaget.
Når tidlegare stortingsrepresentantar vitjar Stortinget på oppdrag for nye oppdragsgjevarar, er det altså ingen som registrerer dette, om ikkje vakne journalistar skriv om dei.
Premie
Kva var eigentleg intensjonen med å gje tidlegare stortingsrepresentantar livslang tilgang til landets lovgjevande forsamling? Det er ikkje godt å seie. Argumentasjonen som vert ført i avisspaltene i dag, er like sjølvhøgtideleg som han er tynn. Ordninga ber preg av å vere ein premie for lang og tru teneste.
Tidlegare Venstre-leiar Odd Einar Dørum meiner ordninga bør halde fram, fordi det å vere stortingsrepresentant ikkje kan samanliknast med ein kontorjobb. Til VG seier han at han ser på tilgangen til Stortinget som eit høve til å tilby erfaringane sine til dei partifellane som ønskjer det.
Ein av etterfølgjarane hans, Trine Skei Grande, er i dag partnar i kommunikasjonsbyrået Footprint. Ho seier at mange har gjeve ein stor del av livet sitt «i det huset» og har kanskje noko å bidra med.
Men det bør ikkje vere opp til dei tidlegare folkevalde sjølv å avgjere om dei har noko å bidra med, men dei noverande. Ønskjer dei som sit på Stortinget i dag, råd frå meir erfarne folk, er det ikkje vanskelegare enn å avtale eit møte. Då vil dei tidlegare stortingsrepresentantane verte førte gjennom tryggingskontrollen på vanleg måte, før dei får treffe den dei har avtale med på Tinget.
Kontroll og tillit
Svingdøra mellom PR og politikk er vorten så velbrukt at ein knapt hevar eit augelok når nok ein politikar gjer skiftet. Overgangane treng ikkje vere problematiske kvar for seg, men dei set krav til meir opne strukturar.
Noreg er kjent for å vere eit land som i stor grad er ope, og med tillit mellom folk og styresmakter. Avsløringar av juks med reiserekningar og spekulativ bruk av pendlarbustader har i seinare tid sett tilliten mellom veljarar og politikarar på prøve.
I Noreg har vi stor grunn til å ha tillit til politikarane vi har valt. Mange ofrar mykje og jobbar hardt for saker dei brenn for. Dessverre ser det også ut til at ein del politikarar etter kvart vert blinde for eigne privilegium. Politikarar er korkje betre eller dårlegare enn andre folk, men på Stortinget har dei vorte dårlegare kontrollerte enn det vanlege arbeidstakarar må rekne med. Det har ein del av dei ikkje kome godt ut av. Tillitsbaserte ordningar bør supplerast med innsyn og ein viss kontroll.
Systemfeil
Stortingsfleirtalet som røysta mot eit lobbyregister for fire år sidan, la til grunn at den enkelte representanten sjølv er i stand til å vurdere den informasjonen vedkommande får, på sjølvstendig grunnlag. Vi som står utanfor, kan berre håpe at dei har rett. Vi får ikkje høve til å vurdere kor balansert informasjonen til stortingsrepresentantane har vore.
Stortinget har system som skal sikre at alle som vil komme til orde i ei sak, skal ha høve til det. Viktige forslag har ofte opne munnlege høyringar der organisasjonar sjølv kan melde seg. Men det er forskjell på det å få tre minutt i eit seminarrom og det å få fri tilgang til kjenningar på Stortinget.
Det er problematisk når regelverket på Stortinget medverkar til at enkelte pengesterke aktørar med godt betalte ekspolitikarar på lønningslista kan få betre tilgang enn andre.
Oppgjer
Det er på tide å ta eit oppgjer med den blåøygde trua på tillitsbaserte løysingar frie frå innsyn så vel som med unødvendige privilegium. Det beste vil vere om stortingsrepresentantane sjølve tek dette oppgjeret og set i gang eit arbeid for meir gjennomsiktige strukturar.
Stortinget får snart ein ny sjanse til å vedta eit lobbyregister. Venstre har nok ein gong fremja forslaget, som skal handsamast før sommarferien. Denne gongen bør stortingsrepresentantane sjå mindre på dei praktiske utfordringane, som til no har velta forslaga, og meir på verdien av å ha eit ope system.
Gullkort-sakene i VG har gjort at fleire parti på Stortinget har teke til orde for å vurdere den livslange tilgangen til Stortinget på nytt. Unge Venstre har teke til orde for å skrote han. Dag og Tid fekk måndag denne veka opplyst frå stortingsadministrasjonen at ordninga vil verte vurdert i presidentskapet over sommaren. Onsdag stadfesta stortingspresident Masud Gharahkhani overfor Dagens Næringsliv at regelverket skal saumfarast.
Resultatet bør ikkje verte eit regelverk som skil mellom dei politikarane som er vortne lobbyistar, og andre, og som dermed vil skape gråsoner. Stortingsrepresentantar bør få reglar som liknar litt meir på dei reglane alle andre må rette seg etter. Når vi sluttar i ein jobb eller i eit verv, leverer vi frå oss nøkkelkortet og går vidare i livet.
Det store spørsmålet er om politikarane klarer å gje frå seg privilegia sine i byte mot eit meir abstrakt gode: tillit.
Christiane Jordheim Larsen er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.